Stuberg (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stuberg er ein av dei eldste gardane i Fedje kommune.

O. Rygh meiner at første delen av namnet Stuberg kjem av gammalnorsk «stod», som tyder støtte eller stolpe, og som kan vera eit passande namn på det bratte berget der Stuberg ligg. Sjå òg under Brotet, som tidlegare vart kalla Sturen, og som har same tydinga. Stuberg er ein av dei eldste plassane på Fedje me veit det har budd folk på. Den er første gong nemnd i 1522. Skrivemåten var då Stodberigh. I 1590 vert det skrive Stuoeberig, i 1603 Stouberig, i 1613 Stubberg og Stueberg, i 1618 Stobergh, i 1626 Staaberg og i 1645 Staffueberg. Skrivemåten Stuberg finn me første gongen i 1661, og den vert etter kvart einerådande, men også seinare er det av og til brukt meir «snirklete» variantar. I kyrkjebøkene på 1700-talet er Staaberg ein vanleg skrivemåte. Den er ikkje så ulik den gamle uttalen, som er «ståbbør». Stuberg ligg sentralt ved hovudhamna mellom Muren, Grenda og Vika. Ferjekaien, som kom i 1970, ligg på dette bruket.

Det var tidlegare to bruk her, kalla Øvre og Nedre Stuberg. Øvre Stuberg vart delt mellom Berge og Vika om lag 1780, slik at det då vart berre eitt bruk på Stuberg. Det heldt likevel på namnet Nedre Stuberg, men vert no kalla berre Stuberg. Etter 1900 har det vorte frådelt nokre tomter.


Fedje komm.svg Stuberg (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stormarkvegen 4 (Fedje gnr 168 bnr 360) • Neste bolk: Øvre Stuberg