Øvre Stuberg (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Stuberg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: umatrikulert

Øvre Stuberg er ein av dei eldste gardane i Fedje kommune.

1. Knut Monsen betalte dronningskatt (sjå under Kopper) i 1518 med 1 mark. I 1522 får me vita at han budde på Stuberg, då han svarte tiendpengeskatt også med 1 mark.

2. Thomas er den neste brukaren me veit namnet på. Han svarte landvareavgift i 1590 og 1610. Skattegrunnlaget var 1 pund fisk. Thomas hadde truleg sonen a. Øivind Thomassen, neste brukar.

3. Øivind Thomassen, sjå nr 2a ovanfor, er oppført på skattelistene første gong i 1603 og 1608. I 1603 har han med seg Mons, og i 1617 og 1618 Mikkel, men sidan hører me ikkje meir til dei. I 1625 er Ola oppført som husmann. Frå 1611 til 1661 er Øivind med på listene jamt og trutt. Alt tyder på at det er same personen, trass i det store tidsspennet. Han er nemnd med same farsnamnet i 1611 og i koppskatten 1645. I 1640 fekk han 3 rdl i bot for slagsmål med Knut Stuberg, som truleg var sonen! I 1644 er landskylda oppgjeven til 1 våg fisk, og bruket er nemnd Øvre Stuberg for første gong. Frå 1658 er landskylda redusert til ½ våg fisk.

Barn: a. Knut Øivindsen, neste brukar (4).

4. Knut Øivindsen f. på dette bruket (3a) er første gong nemnd i 1640, då han hadde vore i slagsmål med faren. Frå same året er han oppført i skattelistene saman med faren, så truleg har dei hatt bruket saman. I skattelistene for 1644 og 1645 er i tillegg Jon og Ola oppført, men dei kjem bort att. I koppskatten 1645 er Knut nemnd saman med kona Anna og ei namnlaus dotter, kvar med 8 skilling i skatt. Det er ein husmann her, Kristian Olsen g.m. Kari. Desse hadde sonen Steffen Kristiansen, nemnd i ei mannskapsrulle 1653. Frå 1648 til 1660 er enkja, truleg nemnde Kari, oppført som brukar saman med Øivind og Knut, og dei brukte om lag 3 ⅓ av garden kvar. Knut vart stemna på vårtinget i Lindås i 1652 for manglande betaling av landvareavgift saman med to andre. Han forklarte at han gjerne ville betale det som rett var, og lensmannen Lars Husa skulle avgjera storleiken på skatten, slik at ingen skulle lida urett. Knut er nemnd aleine her på skattelistene i 1662 og 1663, men året etter er han borte.

5. Kristian Jonsen f. 1616 betalte 2 rdl for førstebygsla her ifølgje futerekneskapen 1655. På skattelistene er han først nemnd som brukar frå 1664, siste gongen i 1668. Ved manntalet 1666 er alderen oppgjeven til 50 år, og han hadde drengen Rasmus Karlsen, berre 10 år gammal. Det er skrive Nedre Stuberg, men det skal vera Øvre. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut, utsåd er ikkje nemnt. Landskylda er ½ våg fisk.

6. Mons Monsen f. 1655 (etter alder i 1701) d. 1722 g.m. Synneva Olsd. Mons er nemnd første gong i 1691. I manntalet 1701 er han feilaktig oppført på Sturen, sjå under Brotet om samanblanding av desse bruka. I skoskatten 1711 er han ført på Nedre Stuberg, så det har visst ikkje vore så greitt å halda desse bruka frå kvarandre. Han hadde då kone, eit barn over 15 år og ein tenar, Ola Samuelsen. Mons er nemnd fadder siste gong i mars 1722, medan i august same året er enkja hans ført som fadder, så då må han vera avliden i mellomtida.

Born: a. Botilla Monsd, neste brukar (7). b. dødfødt barn f. 1701.

I 1701 er Mons nemnd i ei sak i tingboka. Han hadde skulda Jakob Førland (Austrheimb. II s 460) for å vera ein makrelltjuv. Jakob møtte for retten, og kravde at den gav han eit godt skussmål, for denne skuldinga ville han ikkje ha på seg. Mons møtte derimot ikkje, men Ola Husa (gnr 168 bnr 7-5) kunne fortelja at Mons hadde forfall fordi kona hans var kommen i barselseng med eit dødfødt barn. Inntil Mons hadde møtt og sanna utsegnene sine, vart Jakob av retten gjeve eit ærleg og godt skussmål. I ei anna sak frå 1702 er Mons nemnd som skyss-skaffar på Fedje.

7. Botilla Monsd f. på dette bruket (6a) g.m. Knut Monsen d. 1755. Botilla er nemnd fadder siste gong i 1748. Den oppgjevne alderen til Knut ved dødsfallet er 106,5 år! Han vart sikkert gammal, men dette var nok ei sterk overdriving. Knut Monsen fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. I matrikkel og skattelister 1723 til 1736 er han kalla ved farsnamnet Mons, men det kan òg vera ei gjentaking av brukar nr 6, ein mann vart ikkje sjeldan skriven som brukar etter at han var død. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Øvre Stuberg: Landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn, altså berre to foll. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Born: a. Anders Knutsen f. 1713, truleg død ung, då det kjem ein ny med same namnet. b. Mons Knutsen f. 1718 d. 1782 g.l.g. 1742 m. enkja Anna Andersd Berge f. 1694 d. 1752, brukarar der (gnr 168 bnr 21-3). c. Mons Knutsen f. 1722 g. 1750 m. Siri Guttormsd f. 1719 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-7g) d. 1779, sjå der (8). d. Agata Knutsd, neste brukar (8). e. Jon Knutsen f. 1728, ukjend lagnad. f. Anders Knutsen f. 1731 d. 1773, seinare brukar (9).

8. Agata Knutsd f. på dette bruket (7d) g. 1751 m. Mikkel Olsen f. 1722 Kolås, Lindås d. 1772 (jf Lindåsb. III s 492, son av Ola Halsteinsen f. 1700, han er farbror til Guri Blåstokken 16). Brukarar her frå dei vart gifte. Dødsfalla deira er ikkje førte i kyrkjeboka, Mikkel sitt er ifølgje militær rulle. Derimot er bror til Mikkel, Halstein Olsen Kolås, ført av presten som død på Fedje i 1750, 25 år gammal, sikkert som tenar ein plass.

Born: a. Anders Mikkelsen f. 1751 d. 1775. b. Anna Mikkelsd f. 1754. c. Kari Mikkelsd f. 1757. d. Abelona Mikkelsd f. 1760. e. Per Mikkelsen f. 1760 (tvilling med d.) d. 1774. f. Halstein Mikkelsen f. 1762 d. 1765. Lagnaden til borna b.-d. er ukjend, dei kan vera døde som små utan at dødsfalla er ført i kyrkjeboka, slik som med a., e. og f., der kjelda for dødsåra er ei militær rulle.

9. Anders Knutsen f. 1731 på dette bruket (7f) d. 1773 (ifølgje militær rulle) g. 1761 m. Brita Thomasd f. 1731 Børo (husmenn 2e) d. 1801. Ingen born. Anders fekk tinglyst bygselbrev frå fru Gjertrud Dankertsen i 1761. Dei var brukarar her til han døydde. Dei var då saman med nr 8. Enkja Brita budde seinare som legdslem på Hopland i Austrheim (70 år gl i folketeljinga 1801), jf Austrheimb II s 584.

No vart det slutt på at Øvre Stuberg var eit eige bruk. Bruksnedlegginga har truleg samanheng med nedgangen i folketalet i siste halvdel av 1700-talet pga feilslått sildefiske. Øvre Stuberg vart delt likt mellom Berge og Vika, sjå der for namnet på brukarane. I panteregisteret eksisterte bruket fram til 1850.


Fedje komm.svg Øvre Stuberg (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stuberg (Fedje) • Neste bolk: Husmenn på Stuberg