Blåstokken (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåstokken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: umatrikulert

Blåstokken er mellom dei eldste bruka på Fedje, første gong nemnd i 1522, då Gregers på Blåstokken svarte tiendpengeskatt med 10 skilling. Den ligg ved Kyrkjevågen på ein del av det området som Brotet har i dag, sjå kart. Sidan 1777 har det ikkje vore eigne brukarar på Blåstokken. Bruket vart delt mellom Brotet og Grenda, sjå nr 17 her. Den gamle landskylda for Blåstokken var først 2 pund fisk, seinare ½ våg fisk, og til slutt 1 pund 18 merker fisk.

O. Rygh meiner at namnet kjem av ei høgd, stakk. Både uttale og skrivemåte seier seg sjølv, men det har vore ulike skriftformer gjennom tidene. Det var Blaastach i 1522, 1590 1647, Blaastoch i 1627, Blaastachen i 1645 og 1723, Blachstacke i 1701.

Sjølv om Blåstokken heile tida har vore berre eitt bruk, ser det ut som det i periodar har budd fleire familiar her samstundes. Nokre av dei har kanskje vore husmenn.

1. Gregers nemnd i ei skatteliste frå 1522.

2. Den neste gongen Blåstokken er oppført i kjeldene, er i jordeboka for 1590. Då er Robert og Søren brukarar her, og betaler landvareavgift med skattegrunnlag 1 pund fisk for kvar. Begge er òg nemnde i skattelista for 1610. Men det må ha vore endå ein brukar her samstundes, for i 1603 er Lars oppført i ei skatteliste. Noko meir hører me ikkje til han.

3. Mikkel er ny brukar i 1611 med 1 dalar i skatt. Men han vart ikkje lenge.

4. Villum er nemnd i ei skatteliste frå 1612, også med skatt 1 dalar. Han er òg med fram til 1617. Han har truleg sonen a. Ola Villumsen, seinare brukar (6).

5. Anders vert første gong oppført i skattelista i 1620. Han er òg nemnd i 1621, saman med Ivar. Begge er nemnde i 1623 og 1624. Så må Ivar vera død, for i 1625 og 1626 er det enkja som skattar. Anders dukkar opp att seinare i 1626, og i 1627 er det han og enkja som står i skattelista. I 1628 og 1629 er det berre Anders, kanskje han har gifta seg med enkja. I 1631 fekk han ei bot på 8 rdl for ulovleg samleie. Etterpå vart han borte frå Blåstokken.

6. Ola Villumsen f. på dette bruket (4a) er nemnd i skattelistene frå 1632 til 1652. Han er oppført med farsnamnet Steffensen i 1646 og 1647, men det må vera feil. I koppskatten 1645 er han nemnd Ola Villumsen med kona Anna. Dei hadde sonen a. Nils Olsen, dreng hjå faren i 1640 og 1641, og oppført i militær rulle frå 1655. I 1637 og 1638 hadde Ola drengen Anders. Kan b. Ivar som fekk 1 rdl i bot for utilbørleg munnbruk mot Johannes Børo (gnr 168 bnr 24-6) i 1656 òg ha vore ein son her? Han kjem truleg seinare att som brukar (9).

7. Jon er ny brukar etter Ola. Jon er berre nemnd i 1654 og 1655, deretter er han òg ute av soga. Det var mange skiftingar her på denne tida.

8. Ein ny Ola dukkar opp i 1658. Han er nemnd fram til 1663, men så er han òg borte.

9. Ivar (truleg nr 6b på dette bruket) er nemnd i skattelistene frå 1664 til 1668. Matrikkelen 1665 syner at ein kan fø tre naut, utsåd er ikkje nemnt. Landskylda er ½ våg fisk. Ivar er ikkje med i manntalet for 1666, der me finn Johannes Nilsen 36 år gl på Blåstokken. I 1673 er Ivar nemnd i tingboka, då han vart stemna for gjeld på 18 rdl, sjå Kremmarholmen nr 1. I 1691 og 1692 er ei enkje oppført som brukar, kanskje det er enkja etter Ivar eller Johannes. Ivar hadde sonen a. Hans Ivarsen f. 1687 (etter alder i 1701), dreng på Husa (gnr 168 bnr 5-6) i 1701.

10. Ola Gudmundsen 36 år gl og Ivar Kristiansen 30 år gl er oppførde som brukarar i manntalet 1701. Ola vart første gong nemnd her i skattelista for 1694. Kona (utan namn) var fadder frå 1706 til 1716. Dei ser ikkje ut til å ha hatt born. Ola fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen, og var brukar også i 1723, sjå nr 13 nedanfor. Han er oppført i skattelistene heilt til 1738. Ivar betalte 1 mark i skoskatt for seg og kona i 1711. Kan kona ha vore den Anna som var fadder i 1711 og 1712?

Born: a. Kristian Ivarsen f. 1703. b. Anna Ivarsd f. 1706. Lagnad ukjend for begge.

11. Enkja etter Ivar (10) g.2.g. m. Nils. Han fekk berre eit par år her.

Barn: a. Ivar Nilsen f. 1714, oppkalla etter mora sin første mann, ukjend lagnad.

12. Enkja (10, 11) g.3.g. m. Knut. Han er nemnd fadder i 1715 og 1726, elles teier kjeldene om han.

Born: a. Knut Knutsen f. 1716 d. 1774, seinare brukar (14). b. Brita Knutsd f. 1716, tvilling med a., ukjend lagnad.

13. Mons Olsen er oppført som brukar i 1723, saman med nr 10 Ola. Mons fekk tinglyst fornya bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Mons hadde verken kone eller born ifølgje kyrkjebøkene. Han kan kanskje ha vore den same som Mons Olsen Grenda (gnr 168 bnr 17-6), og brukt desse to bruka i lag. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Blåstokken: Brukarar Ola og Mons, landskyld 1 pund 18 merker fisk (litt meir enn ½ våg). Utsådet var på ¼ tn havre og avlinga ½ tn, så avlinga var ikkje stor. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

14. Knut Knutsen f. 1716 på dette bruket (12a) d. 1774 (ifølgje militær rulle) g.1.g. 1746 m. Brita Nilsd f. 1717 Innluro, Lindås d. før 1767 (jf Lygrab. s 305). Ingen av dødsfalla er førde i kyrkjeboka. Brukarar her frå dei vart gifte.

Born: a. Ola Knutsen f. 1747. b. dotter f. 1748. c. Nils Knutsen f. 1752. d. Gjertrud Knutsd f. 1756. Alle desse fire borna vart jordfesta samstundes i 1757 («Knud Blaastackens 4 børn»). e. Anna Knutsd f. 1758, ukjend lagnad. f. Knut Knutsen f. 1761 d. 1766 (ifølgje militær rulle).

15. Enkjemannen Knut Knutsen (14) g.2.g. 1767 m. Siri Larsd f. 1731 Vika (gnr 168 bnr 28-6c) d. 1783. Knut er nemnd Larsen ved giftarmålet, men det må vera feilskrift. Ingen born. Siri var enkje etter Bendik Mikkelsen Midt-Tangen (husmenn 1) f. 1737 d. 1765. Ho vart g.3.g. 1774 m. Mathias Jakobsen Eide (gnr 168 bnr 15-9), og budde då der.

16. Guri Monsd f. 1727 Kolås, Lindås d. 1810 (jf Lindåsb. III s 482 og 492, dotter av Mons Halsteinsen f. 1703 d. 1774 (farbror til Mikkel Øvre Stuberg 8) og Udna Monsd f. 1706, Udna var søster til Ola og Anders Moldøyna gnr 170 bnr 2-7/8, og farsøster til Anders Kopper gnr 168 bnr 3-2) g.2.g. 1755 m. Ola Eriksen f. 1731 Fonnes, Austrheim d. 1781 (son av Erik Rasmussen f. 1699 d. 1781 og Marta Monsd f. 1701 d. 1760, jf Austrheimb. I s 252). Ola var bror til Ivar Ertsholmen (8), sjå skifte der i 1786. Ola var brukar her frå 1775 ifølgje ei militær rulle. Familien kom då frå Rebnor i Austrheim, der alle borna er fødde (sjå Austrheimb. III s 366). Guri vart g.1.g. 1754 m. Halvor Einvaldsen f. 1722 Hope, Lindås d. 1755 (jf Lindåsb. IV s 446), dei budde der. Guri og Ola kan ikkje ha vore på Blåstokken så lenge, for alt i 1777 fekk ein ny mann bygselbrev på dette bruket. Guri og Ola flytta då til Stavesundholmen, Kvalvågen i Austrheim (jf Austrheimb. II s 250). Dødsfallet hans er ikkje ført i kyrkjeboka, men er oppgjeve i ei militær rulle. Det vart òg halde skifte etter han i 1781. Ved sonen sitt skifte i 1787 var Guri på fødegarden Kolås i Lindås, ho budde òg der i folketeljinga 1801 og ved dødsfallet.

Born: a. Besse Olsen f. 1756 d. 1787, brukar på Eide (gnr 168 bnr 15-11). b. Halvor Olsen f. 1757 d. 1770. c. Marta Olsd f. 1760 d. før 1786. d. Femja Olsd f. 1763 d. før 1786. e. Udna Olsd f. 1764 d. 1857 g. 1790 m. Amund Gudmundsen f. 1768 Lerøyna, Austrheim d. 1837, budde der på Toftegård (jf Austrheimb. II s 260), hadde m.a. dottera ea. Anna Amundsd f. 1805 d. 1885, sjå Stormark (gnr 172 bnr 12-1). f. Anna Olsd f. 1766 d. 1860 g. 1803 m. Jon Nilsen f. 1743 Litle Haugsøyna, Masfjorden d. 1804, budde der (sjå Masfjordb. I s 92). g. Ragnhild Olsd f. 1771 d. før 1786.

17. Per Jonsen f. 1751 d. 1817 g. 1778 m. Kristi Rasmusd f. 1758 d. 1799. Bygselbrev frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1777 på Blåstokken. Samstundes fekk dei bygsel på Grenda (gnr 168 bnr 17-10), der dei budde og kor familien er ført. Frå då av var det slutt på at Blåstokken var eit eige bruk med eigne brukarar. I 1802 fekk Ola Nilsen Brotet (gnr 168 bnr 16-10) bygsel på halve Blåstokken, og slik vart den delt mellom Grenda og Brotet. I panteregisteret frå og med 1851 er Blåstokken fordelt på desse to bruka.


Fedje komm.svg Blåstokken (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Grendaberget (Fedje gnr 168 bnr 32) • Neste bolk: Husmenn på Blåstokken