Husmenn på Blåstokken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmenn på Blåstokken tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Blåstokken i Fedje kommune.

1. Håkon Knutsen f. 1608 (etter alder i 1666) g.m. Agata er oppført som husmann på Blåstokken i koppskatten 1645 og manntalet 1666. Han er nemnd i skattelistene saman med brukaren Ola (6) i 1644 og 1645. Rasmus Moldøyna fekk 17 rdl i bot for utskjelling og slagsmål med Håkon i 1640.

2. Johannes Knutsen 38 år gl er nemnd som husmann på Blåstokken i manntalet 1701. Han var fadder fram til 1715.

Barn: a. Siri Johannesd f. 1699. Ho er den første døypte frå Fedje som er ført i kyrkjeboka. Ukjend lagnad.

3. Jakob svarte skoskatt i 1711 for seg og kona med 12 skilling som husmann her.

Born: a. Anders Jakobsen f. 1707. b. Nils Jakobsen f. 1711. c. Ragnhild Jakobsd f. 1712.

I matrikkelen 1723 er det sagt at det ikkje er husmannsplass på Blåstokken. Jakob har truleg flytta vekk saman med familien.


Fedje komm.svg Husmenn på Blåstokken er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Blåstokken (Fedje) • Neste bolk: Brotet