Brotet (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brotet er ein av dei eldre gardane i Fedje kommune.

I dei tidlegaste kjeldene vart dette bruket kalla Sturen. Det er første gong nemnt som eige bruk i 1640. Det kan vera utskilt frå Stuberg, både fordi namnet har same opphav, og fordi det ofte var fleire brukarar samstundes der. Dei har så skilt frå ein del og kalla den Sturen. Den er første gong nemnd i 1640, og då er skrivemåten rett fram, Sturen. Seinare kom det meir «snirklete» måtar å skriva namnet på: Stuffuren i 1644, Stuffuen i 1645, Stufven i 1701. Me har Stuen i 1723, Sturen igjen i 1801, Stulen i 1802. Panteregisteret har Stuuren frå 1770 til 1850, seinare er det det noverande Brotet som vert nytta som namn på dette bruket. I kyrkjebøkene vert Brotet brukt langt tidlegare, alt frå 1746. Desse to namna Sturen og Brotet vart altså brukte om kvarandre i om lag 100 år. Det ser ut som at presten tidlegare hadde blanda saman Sturen og Stuberg (jf brukar nr 4), og så vart Brotet nytta for å laga eit klarare skilje mellom dei to bruksnamna. Skrivemåten for Brotet varierer mellom den mest vanlege Braate m.a. i 1746 og 1835, Brotte 1751, Braatte 1795, Braaten 1865 og Braatet i 1900. Etter at bokstaven å var innført, fekk me Bråtet i 1910 og Bråte i 1930. Uttalen vert den same uansett. Namnet Brotet heng truleg saman med gammalnorsk «brot», som tyder brink eller bratt helling ifølgje O. Rygh, derav skrivemåten Brotet med «o». Sturen kjem av «stoð» som betyr stolpe eller høgd, jf Stuberg. Så begge namna heng saman med den bratte høgda på bruket. Ei tid på 1700-talet brukte presten nemninga Humpen om dette bruket i kyrkjeboka. Det kan òg vera for å skilja det frå Stuberg. Tydinga av namnet er truleg ein hump eller bakke, og heng saman med tydinga av dei to andre namna Sturen og Brotet.

Brotet ligg i Kyrkjevågen mellom Vika og Børhaugen. Den gamle landskylda var først 1 våg fisk, seinare vart den sett ned til ½ våg fisk, som var vanleg for dei mindre bruka på Fedje. Det har heile tida vore eitt bruk på Brotet. På 1900-talet vart to tomter frådelte.


Fedje komm.svg Brotet (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Blåstokken • Neste bolk: Brotet (Fedje gnr 168 bnr 16)