Brotet (Fedje gnr 168 bnr 16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brotet
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 16
Adresse: Sjånesvegen 9

Brotet er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune. Det som er att av eigedomen vert nytta som fritidsbustad.

1. Kristian er den første namngjevne brukaren her, oppført på ei skatteliste frå 1640. Det er truleg den same Kristian som er kalla Stuberg seinare same året, det tok ei stund før desse namna vart skilde frå kvarandre.

2. Kristian fekk selskap av Kristoffer Monsen ifølgje skattelistene for 1644 og 1645. Landskylda var 1 våg fisk og skatten i alt 2½ dalar. I koppskatten 1645 er ikkje Sturen med. Kristoffer er oppført på skattelistene heilt til 1663, året etter er det ein ny brukar her. Frå 1654 vart landskylda sett ned til ½ våg fisk, og det vart den verande.

3. Jens Jensen f. 1627 (etter alder i 1666) er oppført på skattelistene frå 1664 og framover. Matrikkelen 1665 syner at ein kan fø to naut, utsåd er ikkje nemnt. Ved manntalet i 1666 hadde Jens sønene: a. Mikkel Jensen 3 år, brukar på Uthaugen (gnr 168 bnr 14-5)? og b. Jens Jensen ¾ år. Den neste skattelista me har er frå 1691, og då har det komme nye folk her.

4. Erik Jonsen f. 1659 er brukar ifølgje skattelistene for 1691, 1692 og 1694. I manntalet 1701 vert han nemnd med fullt namn og alder 42 år med sonen Rasmus 7 år. I ei tid no var det mykje samanblanding mellom Sturen, Øvre Stuberg og (Nedre) Stuberg. I manntalet 1701 er Erik oppført som brukar på Nedre Stuberg, medan han er på Sturen ifølgje skattelistene både før og etter. I kyrkjeboka vart han til alt overmål kalla Humpen! Så her var det namneforvirring. I skoskatten 1711 hadde Erik kone og eitt barn over 15 år og betalte 1 ort 2 skilling i skatt. Han var brukar fram til 1719, då sonen Rasmus (5) tok over. Men så døydde Rasmus i 1722, og då er Erik oppført i skattelistene igjen frå 1726 til 1736. Men han må vera død alt i 1732, det kan ein sjå av ei sak frå tingboka dette året. Fru Gjertrud Dankertsen hadde teke utlegg (for uteståande krav) i «salige» (=avdøde) Erik Humpen sine hus, og no ville ho selja dei på auksjon. Det var m.a. ei stove og ein kårbygning med svalgang og med løe. Det står ikkje korleis det gjekk med denne auksjonen, men husa vart sikkert flytta bort, for det gjekk ei stund før det kom nye brukarar her. Borna ser òg til å ha reist herifrå.

Born: a. Rasmus Eriksen f. 1694 d. 1722, neste brukar. b. Jakob Eriksen f. 1700. c. Anna Eriksd f. 1701. d. Ola Eriksen f. 1705, nemnd i tingboka 1727 og 1728. e. Nils Eriksen f. 1709. f. Barbra Eriksd f. 1710. Lagnaden til borna b. - f. er ukjend.

5. Rasmus Eriksen f. 1694 på dette bruket (4a) d. 1722. Han er oppført som brukar i skattelistene frå 1719 til 1721, og fekk tinglyst fornya bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Ved dottera sin dåp året etter vart han nemnd som «salig» (avdød). Ifølgje matrikkelen 1723 var bruket øyde utan brukar, men deretter tok faren Erik (4) over igjen. Ein kunne fø to kyr her.

Barn: a. Ingeborg Rasmusd f. 1722, ukjend lagnad.

6. Mons Persen f. 1722 er oppført som brukar her i ei militær rulle frå 1749. Han var los. Han hadde ikkje born til dåpen ifølgje kyrkjeboka. Kan kona ha vore Siri Steffensd d. 1767, 70 år gl? Ho vart då kalla Stuberg.

7. Jon Jonsen f. 1694 (etter alder ved død) d. 1757 g.1.g. m. Abelona f. 1668 (etter alder ved død) d. 1742, dei budde på Stuberg (gnr 168 bnr 19-8), sjå der. Ingen born. Jon var los. Han vart g.2.g. m. Brita Gudmundsd f. 1720 Rossnes, Lindås d. 1784 (jf Lindåsb. IV s 205, dotter av Gudmund Bertelsen f. 1685 (jf Masfjordb. I s 346) og Kari Knutsd f. 1686 d. 1756, dei hadde òg dottera Kari Gudmundsd, sjå Husa gnr 168 bnr 12-1). Dei kom til Brotet omkring 1745. Den eldste sonen er fødd på Stuberg, og dei andre borna på Brotet. Ved dåpen deira vart nemninga Brotet brukt for første gong i kjeldene (sjå innleiinga).

Born: a. Per Jonsen f. 1744 d. 6 dg gl. b. Gudmund Jonsen f. 1746 d. 1773. c. Abelona Jonsd f. 1748 d. 1832 g.1.g. 1775 m. Mons Monsen f. 1749 Kopper (gnr 168 bnr 2-5b) d. 1791, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 5-10). d. Per Jonsen f. 1751 d. 1817 g.1.g. 1778 m. Kristi Rasmusd f. 1758 Grenda (gnr 168 bnr 17-8f) d. 1799, budde der (10). e. Kari Jonsd f. 1755 d. 1772.

8. Enkja Brita Gudmundsd (7) g.2.g. 1758 m. Hans Kristiansen f. 1736 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-7b) d. 1802. Hans fekk tinglyst bygselbrev frå Joakim Dankertsen i 1758.

Born: a. Johanna Hansd f. 1758 d. 1833 g. 1787 m. Nils Bårdsen f. 1766 Husa (gnr 168 bnr 9-1i) d. 1801, brukarar der (2). b. Brita Hansd f. 1761 d. 1813 g. 1795 m. em. Kristian Nilsen f. 1754 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-11d) d. 1831, budde på Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-11). c. Sygni Hansd f. 1767 d. 1824 g.1.g. 1792 m. Ola Rasmussen f. 1766 Kopper (gnr 168 bnr 1-12e) d. 1807, brukarar der (15).

Det var skifte etter Brita i 1784. Arvingane var enkjemannen Hans og fem born frå to ekteskap. Det var lausøyre mv. for 58 rdl i buet. Jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg kravde 16 rdl, og då dét med anna gjeld og skiftekostnader var trekte ifrå, vart det 30 rdl igjen til dei etterlatne. Så dei stod seg tåleg bra. Det syner også eigedelane: Reie pengar for 7 rdl, eit forgylt sølvbelte til 11 rdl, eit sølvstaup, to sølvforgylte ringar, ei forgylt halskjede, ei lita sølvsnor, ein koparkjele, eit raudt overliv av fløyel, eit åkle, to undersenger med fjørfyll, ei pute med fjørfyll, to kister med lås, to kister utan lås, tre gryter, to skjerdingar, ei smørkinne, seks mjølkekoller, tre ambrar med lokk, tre vassbøtter, ei levertønne, ei eikøltønne, ein navar, ein spade og fire ljåar. Av husdyr hadde dei fire kyr, og av sjøreiskapar ein færingsbåt med segl, ein gammal seksæringsbåt med segl, ein stor gammal båt, tre småsildegarn, to storsildegarn, ein tønnevad med tau, eit barkespann og eit fiskesnøre med blystein.

9. Enkjemannen Hans Kristiansen (8) g.2.g. 1785 m. Udna Andersd f. 1760 Kopper (gnr 168 bnr 3-2a) d. 1826.

Born: a. Brita Hansd f. 1790 d. 1852, seinare brukar (12). b. Marta Hansd f. 1793 d. 1849 g. 1829 m. enkjemannen Brynjel Olsen f. 1782 Mellingen, Radøy d. 1850, budde på Krossøyna, Austrheim (jf Radøyb. I s 297, og Austrheimb. III s 617). c. Kristi Hansd f. 1797 d. 1821.

Ved folketeljinga 1801 budde Hans og Udna her med dei tre borna. Han var los. Skiftet etter Hans (feilaktig skriven som Kristian!) i 1802 syner at dei etterlatne var enkja Udna og seks døtrer, tre frå kvart ekteskap. Det var lausøyre for vel 55 rdl, men det rakk ikkje langt, då jordeigaren, stadshauptmann Kristoffer Kahrs kom med eit krav på over 87 rdl. I tillegg kom skiftekostnader på 5 rdl, så det vart ingen arv. Det må ha vore dårlege tider sidan det førre skiftet i 1784, sjå nr 8. Dei hadde m.a. tre kyr, to sauer, eit sølvbelte (også i 1784), tre tinnfat, to gryter, ein skjerding, tre kister med lås, ei eikøltønne, ei eikhalvtønne, to furutønner, ei smørkinne, seks mjølkekoller, to par vassbøtter, ein vasstamp, ein ambar, ei underseng med fjørfyll, ein slagkeipingsbåt med segl, ein færingsbåt med segl, ein vad med tilhørsle, to småsildegarn, eit lite fiskesnøre og ⅙ av eit lite kastegarn.

10. Enkja Udna Andersd (9) g.2.g. 1802 m. Ola Nilsen f. 1771 d. 1835 (f. på Halsvik i Gulen, familien flytta seinare til Austrheim, og så til Gulen igjen, foreldra var Nils Olsen f. 1738 og Inger Monsd f. 1744 d. 1800, sjå Gulenb. III s 60 og II s 357, samt Austrheimb. III s 93 og 713). Bygselbrev på Brotet i 1802 frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs samt på halve Blåstokken, sjå nr 17 der. Denne halvparten av Blåstokken og Brotet vart frå då av drivne som eitt bruk. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på ¼ tn korn med same avling og mange år ingenting. Ein kunne fø to storfe på Brotet og tre på denne halvparten av Blåstokken. Verdien av bruka vart sett til 75 og 43 rdl.

Barn: a. Inga Olsd f. 1803 d. 20 veker gl.

Det var skifte etter Udna i 1828, med enkjemannen Ola og to døtrer frå 1. ekteskap som arvingar. Det var lausøyre mv. for vel 47 rdl, gjeld og skiftekostnader for 21 rdl, slik at det vart vel 25 rdl til arv. Så no var det berre velstand igjen, jf skiftet i 1802 (nr 9). Dei hadde m.a. to gryter, ein skjerding, ei raudmåla kiste med lås, åtte mjølkekoller, ei sildetønne, ein stamp, to vassbøtter, to furutønner, ei levertønne, ei mannstrøye med 18 sølvknappar, og eit tinnfat. Av sjøreiskapar var det ein gammal seksåra båt, eit fisketaug og eit vårsildegarn. Husdyra talde tre kyr, ei kvige, ein sau med lam og ein vêr.

11. Enkjemannen Ola Nilsen (10) g.2.g. 1828 m. Magdeli Andersd f. 1785 Kopper (gnr 168 bnr 3-2e) d. 1838. Ho var søster til Ola si første kone Udna. Ingen born.

Ved skiftet etter Ola i 1836 var arvingane enkja Magdeli og Ola sine søsken i Austrheim og Gulen, m.a. Mons Nilsen Øksneset, sjå Nils Sjursen Sulo (gnr 169 bnr 27-1), og Øystein Nilsen, husmann på Brandsdal i Gulen, som var død og etterlét dottera Anna Øysteinsd 17 år, sjå Kopper gnr 168 bnr 1-21. Netto bu var på vel 37 spd, m.a. 23 spd i kontantar. Så velstanden auka, jf skifta nemnde på nr 9 og 10. Elles hadde dei ein agnusdei (kjede) og ein ring av sølv, eit tinnfat, tre gryter, ein skjerding, ei bakstehelle, tre ljåar, fire kister, to måltønner, tre vassbøtter, to ambrar, to trantønner, ein stamp, eit åkle og ei kvart tønne havre. Av husdyr var det ei ku, ei kvige, ein sau og ein vêr. Dei hadde ein båt med segl, eit sildegarn og ei not. Noko så sjeldsynt som ei bok var òg med i buet, utan at det er sagt kva slags bok det var.

12. Brita Hansd f. 1790 på dette bruket (9a) d. 1852 g. 1821 m. Ivar Jonsen f. 1790 Husa (gnr 168 bnr 10-1f) d. 1857. Bygsel 1822 frå Kristoffer Kahrs. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Brotet med halvdelen av Blåstokken var 2 ort 5 skilling. I 1835 hadde dei 2 storfe og 3 sauer, og sådde ¼ tn både av havre og potet. Talet på storfe var det same i 1845, medan sauetalet var auka til 6. Utsådet var minka til ⅕ tn havre og ⅛ tn potet. I 1847 gjekk Brita og Hans over på kår.

Born: a. Hans Ivarsen f. 1823 d. 1897, neste brukar (13). b. Kristi Ivarsd f. 1825 d. 1867, ho var m.a. tenar på Kopper gnr 168 bnr 3. c. Udna Ivarsd f. 1830 d. 1901, hadde med Rasmus Engelsen f. 1851 Muren (gnr 168 bnr 18-14a) d. 1924 dottera ca. Martina Rasmusd f. 1871 d. 4 md gl. Udna g. 1879 m. enkjemannen Mikkel Thomassen f. 1828 Husa (gnr 168 bnr 10-3e) d. 1910, budde der (gnr 168 bnr 8-9).

13. Hans Ivarsen f. 1823 på dette bruket (12a) d. 1897 g. 1846 m. Barbra Jensd f. 1821 Sulo (7e) d. 1906.

Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1847 på Brotet og halvparten av Blåstokken. Desse fekk eit felles bnr 16 i panteregisteret frå 1851. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1½ kyrlag og utsådet ⅓ tn havre og ¼ tn potet. Avlinga var på 1 tn havre, 1 tn potet og 88 våger høy. Det var 0,6 mål dyrka åker og eng, og 7 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka. Dyretalet var i 1855 5 storfe og 7 sauer, i 1865 5 storfe og 1 sau, og i 1875 1 ku, 1 kalv og 4 sauer. Dei sådde i 1855 ¼ tn havre og ⅛ tn potet, i 1865 ½ tn havre og 1¼ tn potet og i 1875 ½ tn havre og ⅝ tn potet. Poteta auka i bruk. Næringa var jordbruk og fiske.

Born: a. Brita Hansd f. 1847 d. 1936 g. 1873 m. Johan Andersen f. 1844 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14e) d. 1932, budde der (15). b. dødfødd dotter f. 1849. c. Martinus Hansen f. 1850 d. 8 dg gl. d. Olsina Hansd f. 1852 d. 1891, neste brukar (14). e. Gjert Hansen f. 1855 d. 1877. f. Martina Hansd f. 1858 d. 1873. g. Ivar Hansen f. 1861 d. 1873. h. Lasse Hansen f. 1864 d. 1900 g. 1891 m. Sofia Henriksd f. 1866 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-17a) d. 1935, budde der (19).

Bergitta Tangen, Brotet 14d, i USA.

14. Olsina Hansd f. 1852 på dette bruket (13d) d. 1891 g. 1881 m. Bertel Andersen f. 1851 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14g) d. 1929. Brukarar her frå dei vart gifte. Sjølveigarar i 1886, då dei fekk skøyte frå Fedje Torvkompagni for 800 kr og kår til Olsina sine foreldre. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 37 øre. Fiske og jordbruk var det dei levde av.

Born: a. Gjert Bertin Bertelsen f. 1881 d. 1944, seinare brukar (16). b. Berta Bertelsd f. 1883 d. 3 veker gl. c. Andreas Martin Bertelsen f. 1884 d. 1909 ved drukning etter forlis utanfor Kapp Hatteras (USA). d. Olina Bergitte Bertelsd f. 1887 d. 1959, utvandra til USA, budde i Berkeley, California, brukte Tangen som etternamn, ugift, vaskeriarb.

15. Enkjemannen Bertel Andersen (14) gift 2.g. 1892 m. Bertina Kristina Andreasd f. 1846 Toftegård, Austrheim d. 1899 (dotter av Andreas Jetmundsen f. 1819 d. 1885 og Udna Andersd f. 1813 d. 1876, jf Austrheimb. II s 265), og 3.g. 1901 m. Kristina Kristiansd f. 1858 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-17b) d. 1944. Begge ekteskapa var barnlause. Kristina var tenar på Brotet i folketeljinga 1900.

16. Gjert Bertelsen Bråte f. 1881 på dette bruket (14a) d. 1944 g. 1906 m. Gina Karlsd f. 1884 Stormark (gnr 172 bnr 7-1b) d. 1961. Dei var søskenborn med felles besteforeldre Brita Endresd og Anders Andersen Nedst-Tangen. Gjert var fiskar og fiskehandlar på Torget. Dei hadde eit par kyr og nokre sauer. Dei sette opp nytt hus i 1910, som står enno. Skøyte same året for 800 kr og kår til nr 15.

Born: a. Olav Bernhard Bråte f. 1909 d. 1921. b. Adolf Kristoffer Bråte f. 1911 d. 1934. c. Arthur Oliver Braathe f. 1915 d. 2009, neste eigar (17). d. Malvin Karstein Bråte f. 1920 d. 1996 g. 1945 m. Ragnhild Stormark f. 1923 (gnr 172 bnr 27-2a) d. 2011, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 124). e. Olga Beate Bråte f. 1923 d. 1944.

17. Arthur Braathe f. 1915 på dette bruket (16c) d. 2009, fyrbetjent Hellisøy fyr i 28 år og Holmengrå fyr i 4 år, g. 1963 m. Lucie Johansen f. 1916 Bergen d. 2000, busette der. Skøyte her i 1961. I 1994 fekk broren Karstein skøyte på halve bruket. Arthur fekk skøyte på jordteigen bnr 266 Sjøtun frådelt bnr 16 i 1976.

18. Jorunn Bråte f. 1948 (gnr 168 bnr 124-1a), butikkeksp., vaktsjef, g. 1967 m. Agnar Nygård f. 1942 (gnr 172 bnr 16-3e), maskiningeniør, bustad Alvermarka, Lindås i Alver kommune (jf Alversundb. I s 105). Ho er brordotter til nr 17, og fekk i 2000 skøyte på bnr 16, som vert brukt som fritidseigedom.

Born: a. Kristine Nygård f. 1969 g. 1999 m. Lars Helge Saltskår f. 1964 Solund i Sogn, bustad Kvamme, Lindås i Alver (sjå Alversundb. I s 344, og Solundb. II s 470). b. Trond Nygård f. 1972, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Brotet (Fedje gnr 168 bnr 16) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Brotet (Fedje) • Neste bolk: Husmenn på Brotet