Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 27)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 27

Solbakken er ein eigedom, tidlegare med bustadhus, i Fedje kommune.

Familiebilde bnr 27. Bak frå venstre: Gjertine (1f), Johannes og Ragna (2). Framme frå venstre: Augun (son til 1f), Kari (1), Ragnhild (2a).

1. Anna Karina Olsd f. 1848 Kvalheim, Radøy d. 1936 (dotter av Ola Jakobsen f. 1806 d. 1868 og Marta Johannesd f. 1821) g. 1874 m. Johannes Albriktsen f. 1851 Hernar, Øygarden d. 1895 (son av Albrikt Johannessen f. 1818 d. 1902 og Ragnhild Johannesd f. 1821 d. 1886). Johannes var bror til Johanna Stormark (gnr 172 bnr 5-1), sjå òg Stormark gnr 172 bnr 4-5. Kari og Johannes flytta hit i 1889 og sette opp hus. Tidlegare budde dei på Kvalheim, der borna er fødde (sjå Radøyb. II s 116). Tinglyst bygselsetel 1892. Han var fiskar. Ho vart kalla «Kari med sjøen». Som enkje livnærte ho seg med husdyrstell, not- og garnbinding og sildesalting.

Born: a. Olina Johannesd f. 1875 d. 1961 g. 1913 m. em. Martin Eriksen Soltveit, Radøy f. 1873 d. 1954, budde der (jf Radøyb. I s 71). b. Marie Johannessen f. 1878 d. 1960, ugift, vaskearb., budde i Bergen, gravlagd Fedje. c. Johanna Jakobia Johannesd f. 1881 d. 1958 g. 1915 m. Martin Sandnes f. 1891 Lærdal i Sogn d. 1966, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 38). d. Anna Kristine Johannesd f. 1884 d. 1916 g. 1911 m. Kornelius Olsen f. 1877 Gjerde, Radøy d. 1918, budde der (jf Radøyb. V s 434), dotter da. Alvilda Johanna Gjerde f. 1913 d. 1990, sjå Sulo gnr 169 bnr 32. e. Johannes Johannessen f. 1886 d. 1934, neste brukar (2). f. Anton Johan Johannessen f. 1889 d. 1934 g. 1923 m. Gjertine Sjursd f. 1891 Stormark (gnr 172 bnr 30-lh) d. 1951, bygde på Stormark (gnr 172 bnr 31-1).

2. Johannes Johannessen Stormark f. 1886 på dette bruket (le) d. 1934 g. 1918 m. Ragna Oline Rasmusd f. 1897 Soltveit, Radøy d. 1980 (dotter av Rasmus Hansen f. 1851 og Olina Eilefsd f. 1853, jf Masfjordb. II s 825 og Radøyb. I s 34). Skøyte 1920 for 1550 kr på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 i 1921.

Born: a. Ragnhild Oliva Stormark f. 1923 Bergen d. 2011 (adoptivdotter, dotter av Jenny Jakobsen f. 1893 Bergen, vaks opp på Soltveit i Radøy d. 1941 Bergen, og Andreas Jakobsen Nygård f. 1871 Modalen d. 1954 Bergen, sjå Modalenb. s 401). Ragnhild g. 1945 m. Karstein Bråte f. 1920 (gnr 168 bnr 16-16d) d. 1996, bygde der (gnr 168 bnr 124). b. John Stormark f. 1930 g. 1950 m. Marie Rognsvåg f. 1932 (gnr 167 bnr 6-lc, sjå meir der), bustad Bergen.

Johannes var fiskar, og omkom saman med broren Anton på seifiske sørvest for Fedje 22. februar 1934. Dei vart ikkje attfunne.

Enkja Ragna Rasmusd vart oppattgift 1937 m. em. Bernt Olsen Stormark (gnr 172 bnr 5-3), og flytta dit med borna. Huset her vart rive. Jorda vart skøytt til Erling Borge i 1962, sjå gnr 172 bnr 5-4.


Fedje komm.svg Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 27) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solvang (Fedje gnr 172 bnr 24) • Neste bolk: Sørhaug (Fedje gnr 172 bnr 29)