Fredly (Fedje gnr 169 bnr 32)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredly
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 32
Adresse: Mulevegen 101

Fredly er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Karl Nilsen Sulen f. 1908 (gnr 169 bnr 56-2a) d. 1936 g. 1936 m. Alvilda Gjerde f. 1913 Radøy d. 1990 (sjå Stormark gnr 172 bnr 27-1da, og Radøyb. V s 434), sydame. Ingen born. Skøyte 1935 for 300 kr på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 same året. Huset vart bygd i 1936. Karl var sjømann og fiskar, og omkom i ulykke med motoren i M/S «Eiken», eit halvt år etter giftarmålet.

2. Enkja Alvilda (1) g.2.g. 1945 m. Trygve Henriksen f. 1925 Sulo (gnr 169 bnr 51-2h) d. 2018, matros. Dei fekk skøyte her i 1949. Skøyte 1960 på tilleggsareal bnr 85.

Adoptivson: a. Thoralf Henriksen f. 1953 Bergen, ingeniør, var g. 1973 m. Marit Lisbeth Svendsen f. 1955 Bergen, busette der.

3. Frode Henriksen f. 1974 Bergen, busett der, er son av 2a ovanfor, og fekk skøyte i 2017. Huset vert brukt som fritidsbustad.


Fedje komm.svg Fredly (Fedje gnr 169 bnr 32) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Soltun (Fedje gnr 169 bnr 27) • Neste bolk: Oppheim (Fedje gnr 169 bnr 34)