Nyborg (Fedje gnr 169 bnr 56)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nyborg
S355.169.56.ArneNilsen.JPG
Huset «med Nakkjen» (bnr 56) i 2022.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 56
Adresse: Mulevegen 161

Nyborg er ein tidlegare husmannsplass, seinare småbruk, i Fedje kommune. Huset vert i dag brukt som fritidsbustad.

1. Hansina Persd f. 1853 Grenda (gnr 168 bnr 17-13d) d. 1941 g. 1881 m. Nils Mathiassen f. 1854 Store Kvernøy d. 1914 (son av Mathias Larsen f. 1805 d. 1898 og Gjørnilla Nilsd f. 1814 d. 1880, sjå Gulenb. III s 157 og 361). Nils var bror til Ludvik Mathiassen Husa (gnr 168 bnr 9-9) og Ingeborg Mathiasd Grenda (gnr 168 bnr 17-14). Sjå òg Vågane gnr 172 bnr 28-1 for meir slekt på Fedje. Huset vart sett opp i 1884, med den nordre stova påbygd om lag 1904. Dei var plassfolk utan jord, Nils var fiskar. Plassen vert òg kalla Nakken.

Born: a. Kristoffer Johan Nilsen f. 1882 d. 1904. b. Peder Martin Nilsen f. 1884 d. 1963 g.1.g. 1912 m. Kristine Eriksd Rambjør f. 1888 Masfjorden d. 1923, sjå Sulo gnr 169 bnr 25-1. c. Ludvik Bertin Nilsen f. 1885 d. 1910, sjå nr 2 her. d. Nikoline Helmina Nilsen f. 1887 d. 1957, neste eigar (3). e. Lyder Nilsen f. 1889 d. 1953 g. 1912 m. Johanna Henriksd f. 1891 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-13b) d. 1974, bygde der (gnr 170 bnr 16-1). f. Ida Nilsd f. 1891 d. 1971 g. 1917 Bergen m. Nils Nielsen f. 1891 Bergen d. 1970, pølsemakar, budde der, dotter fa. Liv Nielsen f. 1924 d. 2016 g. 1948 m. Germann Berg f. 1921 Steinborg, Muren (gnr 168 bnr 36-1e) d. 1984, bustad Bergen. g. Andreas Nilsen f. 1893 d. 1981 g. 1917 m. Ida Mikkelsd f. 1895 Kvalvåg, Lygra i Lindås d. 1963, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1-7 og Sulo gnr 169 bnr 50-1. h. Karoline Andrea Nilsd f. 1895 d. 1970 g. 1918 m. Ivar Martin Johannessen Soltvedt f. 1893 Radøy d. 1978 (jf Radøyb. I s 51), styrmann, bustad Bergen.

2. Ludvik Nilsen f. 1885 på denne plassen (1c) d. 1910 (tub.), matros, g. 1908 m. Karen Marie (Kaja) Mikkelsd f. 1885 Kvalvåg, Lygra i Lindås d. 1972 (jf Lygrab. s 189). Kaja var søster til Ida Nilsen, Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-8) og Malena Kahrs, Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4), sjå der. Ludvik og Kaja budde her hjå nr 1. Seinare budde ho i Prestestova på Kremmarholmen.

Born: a. Karl Johan Nilsen Sulen f. 1908 d. 1936 g. 1936 m. Alvilda Gjerde f. 1913 Radøy d. 1990, sjå Sulo gnr 169 bnr 32-1. b. Lilly Kristofa Nilsen f. 1910 d. 1998, vaks opp hjå tanta Malena Kahrs, sjå Sulo gnr 169 bnr 65-2.

Enkja Kaja vart oppattgift i 1926 med em. Eilert Smines, dei budde i Smineset gnr 169 bnr 19-3.

3. Nikoline Nilsen f. 1887 på denne plassen (1d) d. 1957, ugift, fekk i 1949 skøyte på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Ho budde her, og stelte for mora, og hjelpte dottera i systova.

Barn med Olaf Olsen f. 1895 Bergen d. 1952 der: a. Olga Olsen f. 1915 d. 2020, neste eigar (4).

4. Olga Olsen f. 1915 på dette bruket (3a) d. 2020 (104 år gl), ugift, fekk skøyte etter mora i 1964. Ho dreiv systove her, arb. Bjelland frå 1953.

5. Arne Nilsen f. 1945 Sulo (gnr 169 bnr 25-2b), pressefotograf, g. 1977 m. Ranveig Helene Olsen f. 1948 Bergen, kontorfullmektig, busette der. Han er soneson av 1b Peder ovanfor, og fekk skøyte i 1973. Huset vert brukt som fritidsbustad. Skøyte 2013 på tilleggsareal bnr 179, frådelt gnr 169 bnr 2 i 2012.

Born: a. Andreas Nilsen f. 1980, flåtiljemeister Haakonsvern, g. 2012 m. Karianne Refsdal f. 1980 Bergen, politioverbetjent, busette der. b. Ingrid Nilsen f. 1982, vernepleiar, samb. 2008 m. Martin Østrem Finsås f. 1979 Bergen, elektrikar, busette der.


Fedje komm.svg Nyborg (Fedje gnr 169 bnr 56) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Lynghaug (Fedje gnr 169 bnr 54) • Neste bolk: Kleiva (Fedje gnr 169 bnr 57)