Fredly (Fedje gnr 169 bnr 25)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredly
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 25
Adresse: Mulevegen 160

Fredly er eit tidlegare småbruk, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.


1. Peder Nilsen f. 1884 Sulo (gnr 169 bnr 56-1b) d. 1963, fiskar, g.1.g. 1912 m. Kristine Eriksd Rambjør f. 1888 Masfjorden d. 1923 (dotter av Erik Bastesen f. 1850 d. 1922 og Brita Bendiksd f. 1857, sjå Masfjordb. I s 59). Kristine var brordotter til Sigrid Kahrs, Kremmarholmen gnr 169 bnr 1-3. Peder og Kristine budde hjå mor hans.

Barn: a. Ludvig Kristoffer Nilsen f. 1912 d. 1976, neste brukar (2).

Enkjemannen Peder Nilsen g.2.g. 1924 m. Ellen Karine Salomonsd f. 1881 Byrknes d. 1958 (dotter av Salomon Gregoriussen f. 1853 d. 1922 og Anna Ellingsd f. 1855 d. 1936, sjå Gulenb. III s 223). Ingen born. Dei sette opp hus her. Skøyte i 1930 for 300 kr på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året.

2. Ludvig Nilsen f. 1912 på dette bruket (1a) d. 1976 g. 1943 m. Alma Gabrielsd Haugen f. 1914 Byrknes d. 1972 (sjå Gulenb. III s 223, ho var brordotter til Ellen g.m. nr 1). Skøyte 1954 til Ludvig frå foreldra. Han var fiskar, arb. Bjelland frå dei starta opp i 1953.

Born: a. Knut Nilsen f. 1944 d. 5 md gl. b. Arne Leif Nilsen f. 1945 g. 1977 m. Ranveig Olsen f. 1948 Bergen, busette der. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 56-5. c. Roald Nilsen f. 1952, neste eigar (3).

3. Roald Nilsen f. 1952 på dette bruket (2c), elektrikar, g. 1977 m. Sissel Øvrebotten f. 1957 Bremanger i Sunnfjord (jf Bremangerb. II s 706), bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune. Roald har overteke huset, som vert brukt som feriebustad, og fekk tinglyst skøyte i 2018.

Born: a. Tone Nilsen f. 1979, bustad Bergen. b. Øystein Nilsen f. 1982, bustad Knarvik, seinare Kristiansand. c. Kjersti Nilsen f. 1986, bustad Arna i Bergen.


Fedje komm.svg Fredly (Fedje gnr 169 bnr 25) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bratland (Fedje gnr 169 bnr 15) • Neste bolk: Soltun (Fedje gnr 169 bnr 27)