Bratland (Fedje gnr 169 bnr 15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bratland
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 15
Adresse: Mulevegen 112

Bratland er eit småbruk i Fedje kommune.

Familiebilde Gusta, Konrad og Peder Langeland.


1. Peder Langeland f. 1872 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-3b) d. 1959 g. 1900 m. Gusta Brügger f. 1872 Toftegård, Austrheim d. 1965 (jf Austrheimb. II s 277, dotter av Mikal Hansen Brügger f. 1844 og Øllegård Kristoffersd Kahrs f. 1847 Kremmarholmen gnr 169 bnr 1-1c d. 1893). Peder fekk ein firedel av jorda til Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 i 1919, med skyld 25 øre. Tinglyst skøyte i 1930 for 2000 kr. Huset vart bygd i 1902. Næringa var fiske og jordbruk.

Pleieson: a. Konrad Andreas Langeland f. 1905 Bergen d. 1975, neste brukar (2), (son av Sivert Nilsen Sunde f. 1878 og Marie Oleanne Olsen f. 1872).

2. Konrad Langeland f. 1905 på dette bruket (1a) d. 1975 g. 1937 m. Mally Langedal f. 1917 (gnr 169 bnr 31-1d) d. 2004. Skøyte her i 1946. Konrad var fiskar, i tillegg hadde dei kyr og sauer.

Born: a. Karstein Martin Langeland f. 1938 d. 1944, vart skadd i eksplosjonsulykke i Bergen. b. Per Geirmund Langeland f. 1941 d. 1944. c. Olaf Mikal Langeland f. 1945 d. 1997, ugift, var busett her.

3. Bjarte Moldøy f. 1969 Sulo (gnr 169 bnr 77-1d), maskinsjef, budde før i Husøyna (gnr 170 bnr 41-3) og så Kopper (gnr 168 bnr 329-2). Skøyte på bnr 15 i 2005. Huset vart renovert i 2012. Naust/fritidsbygg vart sett opp i 2018, og har adresse Mulevegen 109.


Fedje komm.svg Bratland (Fedje gnr 169 bnr 15) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fjæra (Fedje gnr 169 bnr 13) • Neste bolk: Fredly (Fedje gnr 169 bnr 25)