Husøyna 24, 26 og 30 (Fedje gnr 170 bnr 41)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husøyna 24, 26 og 30
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 41
Adresse: Husøyna 24, 26 og 30

Husøyna 24, 26 og 30 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte på tomt frådelt gnr 170 bnr 33 i 1984 (bnr 33 vart frådelt gnr 170 bnr 1 i 1980). Det vart bygd to tomannsbustader her i 1984.

Leigebuarar

Husøyna 30

Bustad 8A:

2. Paul Horne f. 1957 Børhaugen (gnr 168 bnr 33-2b, sjå der), vedlikehaldsleiar/prosjektleiar, g. 1984 m. Else Lillian Johnsen f. 1962 Stord, hjelpepleiar, var busette her frå 1986 til 1990. Familien flytta då til Stord.

Born: a. Martin Johnsen Horne f. 1985 g. 2015 m. Siri Valheim f. 1986 Hornindal, bustad Bergen. b. Maren Johnsen Horne f. 1989, bustad Bergen. c. Magnus Johnsen Horne f. 1994, bustad Bergen. d. Mathias Johnsen Horne f. 1997, bustad Stord.

3. Bjarte Moldøy f. 1969 Sulo (gnr 169 bnr 77-1d) var busett her frå 1996 til 2000, då han flytta til Kopper (gnr 168 bnr 329-2).

4. Kristin Aase f. 1972 Bergen, fysioterapeut, kom hit frå Bergen i 2009. Ho flytta til Ulvik i 2022.

Born: a. Leander Runessønn Aase f. 1998 Lørenskog, vekter, bustad Bergen (far Rune Sigernes Jenssen f. 1974 Narvik, bustad Oppegård, så Oslo og sidan Kløfta i Ullensaker). b. Amanda Aase f. 2011 (far Patricio Arnoldo Campillay Aranda f. 1972 Chile, kom 1977 til Bergen, busett der, seinare på Askøy).

Bustad 8B:

4. Helen Kongestøl f. 1963 (gnr 169 bnr 10-3b), butikkmedarb., kontormedarbeidar kommunekassen frå 1996, var busett her frå 1996 til 1998, deretter i leigebustad på Mulen (gnr 169 bnr 14) til ho flytta til Ådlandsvik på Askøy i 2005, barnehageassistent, samb.m. Ståle Strandheim f. 1964 Askøy.

Barn: a. Jonas Strandheim f. 2005.

Denne nordre halvdelen vart frådelt og seld i 2012, sjå gnr 170 bnr 69.

Husøyna 26

Bustad 9A:

5. Truls Nedreaas f. 1957 Bergen, kursinstruktør, budde her frå 1990 til 1993, då han flytta til Sund. Seinare bustad Bergen.

6. Daniel Gutte f. 1977 Tyskland, budde før i Sola. Sjå Stormark gnr 172 bnr 117-2.

Bustad 9B:

7. Frank Johnsen f. 1965 på Lindås (jf Lindåsb. III s 605 og 639) var samb.m. Yvonne Bakken f. 1971 Bergen. Frank var kultursekretær frå 1988 til 1998, seinare journalist i Bergen. Yvonne er førskulelærar og var styrar i barnehagen frå 1994, flytta sidan til Bergen.

Frank samb.m. Kristin Moland f. 1975 Bergen, tannlege, busette der.

Born: a. Markus Moland f. 2007. b. Matias Moland f. 2012.

Husøyna 24

Bustad 9B:

8. Natalia Kalmykova f. 1987 Amursk i Russland, lærar, g. 2017 m. Yaroslav Borisov f. 1988 Russland, lærar.


Fedje komm.svg Husøyna 24, 26 og 30 (Fedje gnr 170 bnr 41) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Austbø (Fedje gnr 170 bnr 36) • Neste bolk: Husøyna 38 (Fedje gnr 170 bnr 42)