Solberg (Fedje gnr 169 bnr 14)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solberg
S383.169.14.CD 11 039.jpg
Flyfoto 1961. Bak frå venstre Kongestølen, Muleide og Mulen (bnr 38 og bnr 14). Framme frå venstre Kremmarholmen bnr 60, bnr 62 og bnr 47 (Bjelland).
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 14
Adresse: Mulevegen 171

Solberg er ei bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Andreas Iversen f. 1866 Mulen (5b) d. 1917 g.3.g. 1900 m. enkja Marie Larsd Måseide f. 1871 Borgund, Ålesund d. 1958. Dei budde først på Skotholmen, sjå husmenn 4 der. Dei flytta stova hit om lag 1906. Andreas var fiskar, og kom vekk på havet saman med Johan Kristensen Kongestøl (gnr 169 bnr 9-2) og Karl Andreassen Kongestøl (gnr 169 bnr 9-lab). I 1918 vart plassen frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1, og enkja Marie fekk skøyte for 100 kr frå Kristoffer Kahrs. Ho dreiv med sying og strikking for folk.

Born: a. Agnes Marie Iversen f. 1901 d. 1974, ugift, arb. i Danmark før krigen, seinare hushaldar for Leif Wiig på tranfabrikken (Svena gnr 170 bnr 11-1). b. Jenny Therese Andreasd f. 1903 d. 1974 g.m. Paul Holst Dalvang frå Danmark, budde der, es. oppløyst, flytta til Bergen etter krigen. c. Ingrid Kamilla Andreasd f. 1905 d. 1980 g.m. Karl Karlsen, budde i Oslo. d. Einar Olai Andreassen f. 1907 d. 1979 g. 1934 m. Helga Vabø f. 1913 Lindås d. 2001, bygde på Mulen (gnr 169 bnr 38-1). e. Sverre Leonard Andreassen f. 1909 d. 1954, ugift, fiskar, budde her. f. Adolf Johan Andreassen f. 1913 d. 1987, neste eigar (2).

2. Adolf Andreassen f. 1913 på dette bruket (lf) d. 1987, ugift, fiskar, eigde i M/S «Nordøysund». Han fekk skøyte av mora i 1939.

3. Arne Stormark f. 1943 (gnr 172 bnr 22-2c) fekk skøyte i 1987, sjå Mulen gnr 169 bnr 38-2. Huset vart leigt ut til ferieføremål.

4. Ken Roger Stokholm f. 1976 Moldøyna (gnr 170 bnr 39-1a) er leigetakar her.

Barn: a. Jill-Chatrin Stokholm Bøe f. 2004, bustad Bergen (mor Jacqueline Dolores Bøe f. 1978 Bergen, busett der).


Fedje komm.svg Solberg (Fedje gnr 169 bnr 14) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulen • Neste bolk: Mulen (Fedje gnr 169 bnr 16)