Kongestølen (Fedje gnr 169 bnr 9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kongestølen
S394.169.9.CD 04 049.jpg
«Massihuset», det gamle huset i Kongestølen (bnr 9), nedrive på 1950-talet.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 9
Adresse: Mulevegen 168

Kongestølen er ein tidlegare husmannsplass, no ein bustadeigedom, i Fedje kommune.

1. Massi Olsd f. 1838 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-18c) d. 1928 g. 1870 m. Martinus Gudmundsen f. 1842 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-14a) d. 1907. Dei var to gongar tremenningar med felles oldeforeldre Anna Maria Olsd og Villak Oddsen Nordøyna i Øygarden (sjå Eide nr. 14), og Anna Mikkelsd og Lars Knutsen Skotholmen. Massi og Martinus sette opp sitt eige hus her ein gong på 1890-talet. Før budde dei på Muleide (1). Dei var husfolk utan jord. Martinus var fiskar.

Born: a. Anna Sofie Martinusd f. 1871 d. 1900 g. 1895 Gulen m. Andreas Larsen f. 1866 Bremnes d. 1900 (sjå Gulenb. III s 164), budde der, dei hadde borna: aa. Alette Odine Andreasd Bremnes f. 1895 d. 1986, reiste til USA, g. 1928 New York m. Louis August Heinrich Nohren f. 1900 Hamburg, Tyskland d. 1979, bustad New York, seinare Stamford i Connecticut og så Egg Harbor City i New Jersey. ab. Karl Martin Andreassen f. 1897 d. 1917, vart oppfostra her hjå morforeldra, sjå òg under nr 2. b. Olai Martinussen f. 1874 d. 1879 (skarlagensfeber). c. Gurine Martinusd f. 1878 d. 1946, neste brukar (2). d. Olina Martinusd f. 1882 d. 1899 (tub.). e. Maria Martinusd Kongestøl f. 1885 d. 1975, ugift, sydame hjå Sundt i Bergen, kom heim og stelte for mora, budde her til krigen braut ut, så hjå Petra Gullaksen (Kopper gnr 168 bnr 58-1) under krigen, seinare på Hesthaugen, og så hjå Karl Husa (gnr 168 bnr 199).

2. Gurine Martinusd f. 1878 på denne plassen (le) d. 1946 g. 1901 Manger m. Johan Martin Kristensen f. 1875 Sulo i Øygarden d. 1917 (son av Kristen Halvorsen f. 1840 d. 1911 og Magnhild Olsd f. 1846 d. 1880). Johan var halvbror til Kornelius Stormark (gnr 172 bnr 8-1), og farbror til Klara Padøy (Stormark gnr 172 bnr 29-3). Johan fekk skøyte for 100 kr i 1906 frå Johan Langeland på denne tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Dei hadde rett til brønn og veg, til å ta stein til gjerde, men elles ingen rettar. Dei hadde ikkje jord, så det var fisket dei måtte lita på. Dei sette opp nytt hus i 1904. Nr 1 budde i dei gamle. Johan omkom under linefiske saman med Karl Andreassen (kona sin søsterson, sjå nr 1ab ovanfor) og Andreas Iversen, Mulen (gnr 169 bnr 14-1). Ingen vart attfunne.

Born: a. Monrad Olai Johansen f. 1901 d. 14 dg gl. b. Magnhild Olina (Hilda) Johansd f. 1902 d. 1989 g. 1923 m. Lasse Lassesen Tveit f. 1899 Hyllestad d. 1973, bustad Leirvik (sjå Hyllestadb. II s 544). c. Monrad Kristoffer Johansen f. 1904 d. 1990 g. 1932 m. Brita Eliasd Svindal f. 1902 Myking i Lindås d. 1972, budde i Kongestølen gnr 169 bnr 36. d. Anna Sofia Malena Johansd f. 1906 d. 1988 g. 1928 m. Ernst Husa f. 1904 (gnr 168 bnr 5-15e) d. 1982, brukarar der (17). e. Hjalmar Gustav Johansen Kongestøl f. 1908 d. 1954, sjømann, g. 1940 m. Malene Johansd Nordfonn f. 1907 Fitjar d. 1993, busette der, sjå Fitjarb. II s 307 og I s 20, ho var brordotter til Marie Langeland, Mulen (gnr 169 bnr 16-1). Hjalmar omkom på havet saman med broren Olav ved Sletto nord for Haugesund med M/K «Teløy». Berre vrakrestar vart funne att av båten. f. Ole Kristoffer Martin Johansen f. 1911 d. 1998, neste eigar (3). g. Olav Martin Johansen Kongestøl f. 1913 d. 1954 g. 1938 m. Klara Therese Johannesd Agasøster f. 1912 Fitjar d. 1984, budde der, sjå Fitjarb. I s 42 og s 370, ho var søskenbarn til Malene g.m. e., og søsterdotter til Marie Langeland, Mulen (gnr 169 bnr 16-1). Olav omkom på havet saman med broren Hjalmar. Olav vart attfunnen. h. Margot Mabel Johansd f. 1916 d. 1963 g. 1947 m. Kristian Johan Soltveit f. 1909 Radøy d. 2008, busette der (jf Radøyb. I s 65). i. Jenny Klara Andrea Johansd Kongestøl f. 1917 (1½ md etter farens død, kalla opp etter dei tre som drukna) d. 1944.

3. Ole Kongestøl f. 1911 på dette bruket (2f) d. 1998 g. 1945 m. Solveig Stavenes f. 1918 Vaksdal d. 2001, sjukepleiar (sjå Vaksdalb. I s 355 og 365). Skøyte her i 1945. Ole var fiskar i ungdommen. Han arb. i fiskerioppsynet under vintersildfisket frå 1948 til 1960. Ole var malar i Bergen frå tidleg på 1950-talet, og var vekependlar fram til 1961, då familien flytta til Bergen. Huset vart nytta som feriebustad.

Born: a. Ellinor Irene Kongestøl f. 1947, neste eigar (4). b. Jenny Grete Kongestøl f. 1950, psykiatrisk hjelpepleiar, g. 1974 m. Øystein Kristensen f. 1950 Arendal, adjunkt, bustad Moland i Aust-Agder, seinare Arendal. c. Hildur Oddrunn Kongestøl f. 1955, sosionom, g. 1977 m. Magne Bernhard Østhus f. 1955 Karmøy, lektor, bustad Tysvær i Rogaland (jf Tysværb. III s 192). d. Gullborg Marie Kongestøl f. 1958, geriatrisk sjukepleiar, g. 1984 m. Inge Aasgaard f. 1958 Samnanger, adjunkt, busette der.

4. Ellinor Kongestøl f. 1947 (jf 3a), barnehagestyrar, seinare adjunkt, g. 1967 m. Kåre Ingebrigtsen f. 1946 Bergen, sjåfør, seinare personalsjef, bustad Askøy. Ho fekk skøyte her i 1992, og dei flytta hit i 2009.

Born: a. Egil Ingebrigtsen f. 1967 g. 1995 m. Kristine Basteson f. 1972 Askøy, busette der. Ekteskapet oppløyst. Egil samb.m. Monica Åkvik f. 1970 Kvam. b. Irene Ingebrigtsen f. 1969, bustad Askøy, sjå Sulo gnr 169 bnr 45-5.


Fedje komm.svg Kongestølen (Fedje gnr 169 bnr 9) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nymark (Fedje gnr 169 bnr 8) • Neste bolk: Kongestø (Fedje gnr 169 bnr 10)