Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 8

Solbakken er ein eigedom i Fedje kommune.

Kornelius og Jørgina Kristensen (bnr 8).

1. Jørgina Steffensd f. 1885 Stormark (gnr 172 bnr 10-lb) d. 1959 g. 1911 m. Kornelius Mikal Kristensen f. 1885 Sulo i Øygarden d. 1976 (son av Kristen Halvorsen f. 1840 d. 1911 og Boletta Mikkelina Mikkelsd f. 1849 d. 1926 på Fedje). Kornelius var halvbror til Johan Kongestøl (gnr 169 bnr 9-2), sjå der. Jørgina og Kornelius budde først i Øygarden, og kom til Stormark om lag 1914, og sette opp hus her. Skøyte på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 i 1916. Skøyte 1920 på tilleggsareal bnr 25 frådelt gnr 172 bnr 1 i 1921. Bnr 25 vart samanføydd med bnr 8 i 1933. Kornelius var sjømann i ungdommen, seinare fiskar. Dei budde dei siste åra hjå sonen Konrad i Åsane.

Born: a. Konrad Kristian Martin Stormark f. 1911 d. 2004, teolog, m.a. sokneprest Vadsø og sokneprest i Bjørgvin, g. 1944 m. Gudrun Nilsen f. 1916 Masfjorden d. 2003, jordmor (sjå Masfjordb. II s 1007), bustad Åsane i Bergen (jf Åsaneb. IV s 510). b. Sigvald Kristoffer Stormark f. 1914 d. 1996 g.l.g. 1944 m. Borghild Hove f. 1913 Feios, Vik i Sogn d. 1975, sjå Stormark gnr 172 bnr 95-2. c. Mikal Bertin Stormark f. 1917 d. 1984 g. 1942 m. Bergit Gullaksen f. 1918 Muren (gnr 168 bnr 82-lk) d. 2015, bustad Lindås til 1954, der han var møbelsnikkar, så til Fana i Bergen, der han var bygningsmann, dei flytta til Nodeland, Songdalen ved Kristiansand i 1980.

Dei tre brørne fekk skøyte her i 1950. Konrad vart eineeigar i 2001. Tomta med huset vart frådelt og seld i 1966, sjå gnr 172 bnr 123.


Fedje komm.svg Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 8) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fredheim (Fedje gnr 172 bnr 7) • Neste bolk: Mortland (Fedje gnr 172 bnr 10)