Mortland (Fedje gnr 172 bnr 10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mortland
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 10
Adresse: Mortevikvegen 29

Mortland er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Kari Arnesd f. 1853 Sanden, Øygarden d. 1928 (dotter av Arne Arnesen f. 1823 og Anna Sørensd f. 1823) g. 1880 m. Steffen Olsen f. 1855 Svellingen, Øygarden d. 1940 (son av Ola Mikkelsen f. 1822 og Jørgina Anna Elisabet Knutsd f. 1827 d. 1915, ho vart g.2.g. m. Johannes Olsen f. 1842 d. 1928 her på Stormark). Steffen var bror til Mikal Fjeldheim, Stormark gnr 172 bnr 3-1 og Knut Stormark gnr 172 bnr 4-2. Bygselkontrakt 1884 på dette jordstykket ved Mortevika. Dei kom då frå Øygarden. Dei var mellom dei første nybyggjarane på Stormark, og rydda jord og sette opp hus. Dei hadde husdyr og dyrka potet. Steffen var fiskar. Skøyte 1916 for 1000 kr på bruket frådelt gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 same året.

Born: a. Anna Olina Steffensd f. 1883 d. 1916 g. 1907 m. Jakob Ingebrigtsen f. 1885 Kolltveit, Fjell d. 1967, budde på Stormark (gnr 172 bnr 6-2). b. Jørgina Mikkelina Steffensd f. 1885 d. 1959 g. 1911 m. Kornelius Kristensen f. 1885 Sulo i Øygarden d. 1976, bygde på Stormark (gnr 172 bnr 8). c. Ole Kornelius Steffensen f. 1891 d. 1973, neste brukar (2). d. Anton Steffensen f. 1894 d. 1 dag gl.

2. Kornelius Steffensen Stormark f. 1891 på dette bruket (le) d. 1973 g. 1914 m. Paulina Larsd f. 1893 Stormark (gnr 172 bnr 11-lf) d. 1949. Skøyte her i 1920 for 3000 kr og kår til nr 1. Næringa var jordbruk og fiske. Dei hadde eit par kyr og nokre sauer. Dei siste åra budde Kornelius hjå dottera Anna på Nygård.

Born: a. Anna Lovisa Stormark f. 1914 d. 2003 g. 1935 m. Georg Nygård f. 1907 (gnr 172 bnr 16-2a) d. 1972, budde der (3). b. Klara Bertina Stormark f. 1915 d. 2 dg gl. c. Solveig Klara Stormark f. 1917 d. 3 dg gl. d. Borghild Lilly Stormark f. 1918 d. 2005, bustad Bryggja i Vågsøy, Nordfjord, g.l.g. 1938 Bergen m. Ingvald Elias Andreas Skareide f. 1908 Krokeidet i Vågsøy (då i Davik) d. 1945, g.2.g. 1950 m. Sigvald Helge Annanias Fagerlid f. 1904 Selje i Nordfjord d. 1982, snikkar. e. Steffen Karstein Stormark f. 1922 d. 4 dg gl. f. Konrad Steffen Stormark f. 1924 d. 2000, bustad Bergen, maskinist, felemakar, g.1.g. 1948 m. Hjørdis Amundsen f. 1926 Bergen d. 1988, deira son fa. Jan Stormark f. 1956 er neste eigar (3). Konrad g.2.g. m. Kirsten Berg f. 1923 Danmark d. 1998, malarinne. g. Olaf Peder Stormark f. 1926 d. 2000, butikkmedarb., g. 1950 m. Rakel Valaker f. 1928 Utvik, Stryn i Nordfjord, kontormedarbeidar, bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst. h. Aslaug Klara Stormark f. 1932 d. 3 dg gl. i. Aslaug Klara Stormark f. 1935, reiste til England i 1950, g.m. Jack Cohen, London f. 1926, busette der.

3. Jan Stormark f. 1956 Bergen (sjå nr 2fa ovanfor) var g.1.g. 1978 m. Margaret Rose Rødland f. 1959 Bergen, busette der.

Born: a. Veronica Lill Stormark f. 1977, bustad Bergen. b. Tommy Stormark f. 1979, bustad Hammarsland i Sund (jf Sundb. V s 254), seinare Bergen.

Jan g.2.g. 1991 m. Irene Andersen f. 1960, bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst. Han fekk skøyte her i 1991. Huset vart brukt som fritidsbustad. Jan flytta til Angelvika i Fjell, seinare tilbake til Bergen.

4. Heidi Farstad Kvalheim f. 1960 Halsør i Vågsøy g. 1997 m. Roy Haukedal f. 1957 Bergen, bustad Vågsøy, seinare Bergen. Skøyte i 2011.

5. Arild Mjelstad f. 1964, sjå Muren (gnr 168 bnr 360-4). Skøyte i 2017, han flytta hit.


Fedje komm.svg Mortland (Fedje gnr 172 bnr 10) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 8) • Neste bolk: Fjellbakken (Fedje gnr 172 bnr 11)