Stormarkvegen 4 (Fedje gnr 168 bnr 360)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormarkvegen 4
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 360
Adresse: Stormarkvegen 4

Stormarkvegen 4 er ein bustad med serveringslokale i Fedje kommune.

1. Dette er huset på Muren gnr 168 bnr 47, og vart frådelt det bruket i 1986 med Fedje kommune som eigar. Kommunen kjøpte i realiteten huset i 1983 då den fekk skøyte på Muren gnr 168 bnr 18.

Leigebuarar:

2. Alf Magne Heskja f. 1956 Tysvær i Rogaland g. 1993 m. Elisabeth Kvale f. 1958 Haugesund, kontormedarbeidar fryseriet. Dei budde her då han var kommuneingeniør frå 1980 til 1984, unnateke vel eitt år frå januar 1982, då han hadde studiepermisjon. Dei flytta til Bergen i 1984. Seinare bustad Alversund i Lindås, Alver kommune.

3. Mona Jeanette Bøe f. 1958 Steinborg, Muren (gnr 168 bnr 36-2d, sjå der) d. 2012, forpleiningsassistent, fekk skøyte av kommunen i 1989. Ho fekk samstundes skøyte på eit tilleggsareal bnr 366, utskild frå Stuberg gnr 168 bnr 19. Sjå òg Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-8.

Barn med Jan Arvid Naley f. 1953 Karmøy, bustad Skudeneshavn, losbåtførar: a. Jeanette Bøe Naley f. 1987 g.m. Monica Flaatten f. 1983 Flåtten i Larvik, busette der. Jeanette var eigar av bnr 360 frå 2012 til 2019. Hovudetasjen vart ombygd til serveringslokale kalla Landsbykafeen.

Mona Bøe g.m. Halil Boga f. 1978 Tyrkia. Han flytta til Trondheim i 2021.


4. Arild Mjelstad f. 1964 Åsane i Bergen, røyrleggjar, g. 1984 m. Siv Tveit f. 1964, bustad Åsane (jf Åsaneb. IV s 306). Dei fekk skøyte i 2019 saman med sonen Niclas. Det er framleis kafedrift her. Ekteskapet oppløyst, Arild var busett her i andre høgda. Han er tilsett i Feddie Ocean Distillery. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 10-5, Moldøyna gnr 170 bnr 47 og Svena gnr 168 bnr 138.

Born: a. Daniel Mjelstad f. 1986 samb.m. Kristine Nerås Andreassen f. 1989 Åsane, busette der.  b. Christer Mjelstad f. 1988 samb.m. Rakel Drønen Reigstad f. 1990 Osterøy (jf Husa gnr 168 bnr 9-13a)), bustad Åsane. c. Niclas Mjelstad f. 1991, bustad Åsane, sjå Tangane gnr 168 bnr 353-2. d. Adrian Mjelstad f. 1999, bustad Åsane.

5. Søsterselskapet AS, sjå Kopper (gnr 168 bnr 231-4), fekk skøyte i 2022, og driv Landsbykafeen vidare. Eigedomen er renovert.


Fedje komm.svg Stormarkvegen 4 (Fedje gnr 168 bnr 360) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Eidsberg (Fedje gnr 168 bnr 135) • Neste bolk: Stuberg (Fedje)