Eidsberg (Fedje gnr 168 bnr 135)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eidsberg
S228.168.135.IMG 6712.JPG
Muren på midten av 1950-talet. I venstre bildekant bnr 103 (fremst) og bnr 42, deretter naust og så husa på bnr 82, bnr 135, bnr 36, bakeriet og landhandelen på bnr 29 Steinborg, og fremst huset på bnr 47 (no bnr 360). Bilen til Rolf Bruland står på vegen. Bak er Bjelland og til høgre Holmen. Hus på Vestkanten i bakgrunnen.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 135

Eidsberg er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Oswald Berg f. 1912 Steinborg, Muren (gnr 168 bnr 36-la) d. 2001 g. 1935 m. Marie Eide f. 1911 (gnr 168 bnr 15-19b) d. 2007 fekk skøyte på tomt utskild frå gnr 168 bnr 18 i 1955 og sette opp hus her. I 1957 fekk dei skøyte på tomta bnr 57, frådelt gnr 168 bnr 18 i 1933 med heimel først til Margit Hansd f. 1904 Muren (gnr 168 bnr 18-15) d. 1992, og i 1940 til Margot Berg f. 1917 Steinborg, Muren (gnr 168 bnr 36-1d) d. 2003. Skøyte 1959 på tilleggsareal bnr 169 frådelt gnr 168 bnr 36 same året. Oswald og Marie budde tidlegare på Steinborg gnr 168 bnr 29-2, der heile familien er ført. I underetasjen vart det innreia lokale til postkontoret på Fedje. Oswald var poststyrar (frå 1936) i tillegg til at han dreiv butikken på Steinborg. I 1961 vart han poststyrar på Paradis i Bergen, og familien selde huset her og flytta dit.

2. Firmaet Chr. Bjelland & Co AS kjøpte eigedomen i 1961, og nytta den til styrarbustad for hermetikkfabrikken på Fedje (Kremmarholmen gnr 169 bnr 47-2). Lokalet i underetasjen vart framleis leigt ut til posten. I 1962 vart Leif Herøy (Husa gnr 168 bnr 90-2) poststyrar, Gunvor Nilsen (gnr 169 Sulo bnr 50-2) frå 1979 til 1996, og frå 1996 Ingrid Nilsen (Svena gnr 168 bnr 232). Posten vart flytta til butikken Matkroken i 2016 (sjå Muren gnr 168 bnr 47-4).

3. Sigurd Austestad f. 1930 Fusa (sjå Fusab II s 415) g. 1957 m. Aud Bjørg Eikeland f. 1937 Fusa (jf Fusab. II s 379). Austestad var styrar på Bjelland frå 1960 til 1966, og familien budde her frå 1961, dei budde først i Holmen (gnr 169 bnr 6). Han vart styrar på Bjelland sin fabrikk i Eikelandsosen, Fusa i 1966, og dei flytta dit.

Born: a. Anne Austestad f. 1957 g. 1983 m. Atle Kvåle f. 1951 Eikelandsosen (jf Fusab. II s 439), busette der, no i Bjørnafjorden kommune. b. Lasse Austestad f. 1958 g. 1982 m. Sigrun Hennie Sørensen f. 1960 Laksvatn i Balsfjord, bustad Eikelandsosen. c. Margreth Austestad f. 1960 var samb.m. Vidar Torstad f. 1967 Bergen, bustad Os, Bjørnafjorden kommune. d. Sigbjørn Austestad f. 1962, bustad Bergen.

4. Olaf Emil Barstad f. 1928 Stavanger g. 1952 m. Gudrun Johanne Sandnes f. 1929 Stavanger budde her då han var styrar på Bjelland frå 1966 til 1967. Dei kom då frå Stavanger. Så vart han styrar på Bjelland sin fabrikk i Sunde, Kvinnherad, og familien flytta dit (jf Kvinnheradb. IV s 356).

Born: a. Stein Barstad f. 1954 d. 2019, bustad Kvinnherad. b. Terje Barstad f. 1955 g. 1988 m. Ellen Marie Andersen f. 1958, bustad Stavanger. c. Åsfrid Barstad f. 1965 g. 1987 m. Geir Arne Espevik f. 1960, bustad Husnes i Kvinnherad. d. Gaute Olaf Barstad f. 1967 d. 2014 g. 1991 m. Bente Tjensvold f. 1967, bustad Stavanger.

5. Leo Sivert Indal f. 1931 Tromsø d. 2010 g. 1954 m. Mildrid Margrethe Hansen f. 1933 Gimsøy i Vågan d. 2011 var busette her mens han var styrar på Bjelland i 1968. Dei kom frå Kristiansund, og flytta deretter til Florø. Ekteskapet oppløyst, han flytta til Åsane i Bergen.

Born: a. Ellen Annie Indal f. 1955 var g.1.g. 1975 m. Frank Åge Pedersen f. 1952, bustad Brønnøysund, seinare Vega, g.2.g. m. Idar Nordbye f. 1952 Narvik, bustad Åsane. b. Kyrre Arild Indal f. 1963 samb.m. Anne Naustdal f. 1958, bustad Åsane, seinare Florø. c. May Linda Indal f. 1968, førskulelærar, g. 1996 m. Svein Roger Larsen f. 1966, busette Skien, es. oppløyst 2001. May Linda flytta til Nordkapp kommune i 2022.

6. Erling Olsvik f. 1929 Laksevåg, Bergen d. 2020 g. 1956 m. Astrid Louise Martinussen f. 1926 Lenvik, Troms d. 2018 budde her då han var styrar på Fedje Fryseri frå 1968 til 1972. Dei flytta då til Laksevåg.

Born: a. Gunn Olsvik f. 1957, bustad Laksevåg. b. Geir Olsvik f. 1960 d. 2020, bustad Laksevåg.

7. Ottar Johan Heggø f. 1945 Florø d. 2016 g. 1968 m. Jorunn Nordal f. 1947 Flora, Sunnfjord fekk skøyte her i 1980. Dei kom til Fedje i 1968. Jorunn er søster til Herlaug Stormark, Smiholmen gnr 168 bnr 326. Ottar var styrar på Bjelland (seinare Norway Foods AS) frå 1971, medan Jorunn var arbeidsleiar. I 1995 selde dei huset og flytta til Askøy, frå 1999 busette i Kjøkkelvik i Bergen.

Born: a. Rune Heggø f. 1969, sivilingeniør, bustad Bergen. b. Hege Elin Heggø f. 1973, frisør, bustad Bergen, var samb.m. Trond Teigland f. 1973 Askøy, bustad Bergen, g. 2017 m. Robin Eide f. 1970.

8. Fedje kommune fekk skøyte på bustadeigedomen i 1995. Den omfattar bnr 57, 135 og 169. Huset vert utleigt. I underetasjen er det gubbekafé og fritidsklubb.

9. Lolita Nordbø f. 1965 Trengereidfjorden i Samnanger, oppvaksen Trengereid i Arna, kokk, flytta hit frå Aurland og leigde her frå 2004 til 2020, då ho flytta til Åråsvågen i Austrheim, kjærast m. Magnar Nåsen f. 1953 Jordalen i Voss, busett der.

Born: a. Even Herfindal f. 1983, kranoperatør, samb.m. Ida Reistad f. 1991 Samnanger, sjukepleiar, bustad Åsane i Bergen (hans far Rune Magne Herfindal f. 1958 Romslo i Arna, Bergen, busett der). b. Vanessa Iren Saglien f. 1990 g. 2022 m. Øyvind Austrheim f. 1983 på Austrheim (jf Austrheimb. III s 103), busette der. c. Daniel Saglien f. 1992, sjå Stormark gnr 172 bnr 198-1a (deira far Knut Arne Saglien f. 1963 Etnedal i Valdres, bustad Voss). d. Fiona Nordbø f. 2000 samb.m. Roy Cato Totland Sæverås f. 2000 Rossnes i Lindås (jf Lindåsb. IV s 223), bustad Frekhaug i Meland, Alver kommune. e. Isabella Nordbø f. 2002, bustad Åråsvågen (deira far Inge Henry Bøe f. 1972 Li i Aurland, busett der, jf Aurlandsb. IIB s 157).

10. Tommy Olsen f. 1971 er leigebuar.


Fedje komm.svg Eidsberg (Fedje gnr 168 bnr 135) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kyrkjetomta (Fedje gnr 168 bnr 117) • Neste bolk: Stormarkvegen 4 (Fedje gnr 168 bnr 360)