Steinborg (Fedje gnr 168 bnr 36)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinborg
S217.168.36.CD 06 057.jpg
Bryllaupsprosesjon 1946 Anny og Håkon Sjøvold. Muren/Steinborg bak, bakerihuset i midten, er seinare rive.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 36
Adresse: Stormarkvegen 5

Steinborg er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Familiebilde 1952. Bak frå venstre: Germann, Ingvar, Oswald, Margot, Kjartan, Norvald, Arvid. Framme frå venstre: Imanda, Ema og Johan Berg (bnr 36-1).

1. Imanda Emanuelsd Wikene f. 1886 Steinborg (gnr 168 bnr 29-1a) d. 1960 g. 1912 m. Johan Karlsen Berg f. 1883 (gnr 168 bnr 21-10e) d. 1968. Tomta vart frådelt Muren gnr 168 bnr 18 i 1919, og seld i 1920 for 500 kr til Jakob Nilsen Wikene, Steinborg (gnr 168 bnr 29-1). Han skøytte den vidare til Johan for 500 kr i 1933. Huset vart bygd same året, tidlegare budde familien på bakeriloftet på Steinborg. Johan var først handelsbetjent der, og seinare dampskipsekspeditør.

Born: a. Jakob Oswald Berg f. 1912 d. 2001 g. 1935 m. Marie Eide f. 1911 (gnr 168 bnr 15-19b) d. 2007, sjå Steinborg gnr 168 bnr 29-2. b. Kjartan Konrad Berg f. 1914 d. 2007 g. 1939 m. Edith Pedersen f. 1912 Bergen d. 2001, busette der, dreiv kolonialforretning. c. Ingvar Kristoffer Berg f. 1916 d. 1995, butikkmedarb., g. 1946 m. Margith Lerøy f. 1918 Sund d. 2013 (sjå Sundb. I s 219 og 253), sjukepleiar, bustad Bergen. d. Margot Jenny Berg f. 1917 d. 2003, bustad Sveio (jf Sveiob. I s 338), g.1.g. 1940 m. Jacob Johannes Jacobsen f. 1913 Sveio d. 1979, kvalfangar. Margot g.2.g. m. Bjarne Odin Kasper Hagerup f. 1915 Sørøysund, oppvaksen Alta d. 2010. e. Germann Ingolf Berg f. 1921 d. 1984 g. 1948 m. Liv Nielsen f. 1924 Bergen (jf Sulo gnr 169 bnr 56-1fa) d. 2016, bustad Bergen, sjå òg Stormark gnr 172 bnr 132. f. Norvald Kåre Berg f. 1923 d. 2011, elektrikar, g. 1953 m. Torunn Asp f. 1924 Florø d. 1996, bustad Bergen. g. Arvid Paul Berg f. 1926 d. 1998, ugift, butikkmedarb., bustad Malmö, Sverige. h. Erna Bergljot Berg f. 1929 d. 2005, neste eigar (2).

2. Erna Berg f. 1929 på dette bruket (1h) d. 2005 g. 1952 m. Per Ingvar Bøe f. 1920 Radøy d. 1992 (jf Radøyb. I s 611). Skøyte her i 1963. Erna var fiskeindustriarb., så arb. bakeri som ho og Per dreiv. Han arb. Bjelland frå 1953, dei seinare åra som kokk på frysebåt.

Born: a. Eivind Paul Bøe f. 1953, lærar akvafag, g.m. Jorunn Vik f. 1956 Finnøy i Ryfylke, fiskeindustriarb., busette der. b. Johnny Inge Bøe f. 1955 d. 1977, sjømann. c. Ingunn Margaret Bøe f. 1957 d. 2020 g.m. Gjert Haugen f. 1949 Karmøy d. 2010, sjømann, kontormedarbeidar, busette der. d. Mona Jeanette Bøe f. 1958 d. 2012, busett på Muren gnr 168 bnr 360-3. Dottera Jeanette f. 1987 fekk skøyte på bnr 36 i 2012. d. Loyd Germann Bøe f. 1961, sjømann, datamedarb., g. 1991 m. Anita Grønnestad f. 1969 Karmøy, heimehjelp, busette der.

3. Fedje Fryseri AS ved Terje Storemark (sjå Husøyna gnr 168 bnr 327) og Kjell Samnøy (sjå Kopper gnr 168 bnr 390) fekk skøyte i 2016. Huset ligg tett inntil industrianlegget, og vart renovert i 2022.


Fedje komm.svg Steinborg (Fedje gnr 168 bnr 36) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skulehuset på Muren (Fedje) • Neste bolk: Solberg (Fedje gnr 168 bnr 42)