Skulehuset på Muren (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Klassebilde om lag 1903 med lærar Mons Rosnes, born fødde 1891-1894. Bak frå venstre: Larsina Tresnes, Johanne Bårdsen, Eilert Smines, Mikal Langedal, Ludvig Berg, Andreas Eriksen Husa, Kristoffer Andreassen Berg, Andreas Nilsen, Martin Nord-Tangen, Mons Monsen Husa. Framme frå venstre: Bertha Koppen, Margit frå Stavanger (budde hjå Jon Larsen Husa), Sofie Koppen, jente frå Moldøyna, Johanna Henriksdotter Moldøy, Øllegård Koppen (f. 1899, ho er vel med søstera), Inga Koppen, ukjend.

Skulehuset på Muren vart reist på eigedomen til Muren (gnr 168 bnr 18).

1. Det første skulehuset vart bygd i 1851, etter at Fedje fekk eigen skule i 1838. Tidlegare hadde Fedje og Austrheim hatt lærar i lag, sjå Fedjeboka s 96. Tomta låg med ein halvpart på Muren og ein halvpart på Grendaberget. Den vart ikkje frådelt desse bruka, og tomta gjekk tilbake til dei etter at nytt skulehus vart bygd på Kopper (gnr 168 bnr 34) i 1912. I 1862 vart det løyvt pengar til nytt skulehus, som stod ferdig i 1866. Men folketalet på Fedje var i sterk vokster på denne tida, så det var trong for meir plass. I 1895 vart skulehuset rive, og bygd opp att både lengre og høgare. Det var ein skulesal i første høgda med plass til 35 til 40 born, og ein sal i andre høgda med plass til 20 til 25 born. Då skulen vart flytta til Kopper, vart huset rive og seld til Johannes Hjønnevåg, Vågane gnr 172 bnr 28-1.

2. Dei første lærarane budde ikkje fast på Fedje, ettersom skuletida berre var ein kort del av året. Sjå oversyn i Skulesoga for Lindås s 184. Den første læraren som budde her fast, var Mons Birkeland frå Masfjorden, jf Kopper gnr 168 bnr 1-23, der familien er ført. Han var lærar her frå 1867 til 1876.

3. Mons Monsen Rosnes f. 1841 Lindås d. 1919 vart tilsett som lærar i 1876. Han fekk ei lang verketid på Fedje, heilt til 1904, og gjekk under namnet «Skule-Mons». Han var berre på Fedje i skuleperiodane, og budde elles fast på Finnesbø i Lindås med familien, der dei hadde gard (jf Lindåsb. IV s 92). Han vart g.1.g. 1866 m. Margreta Hansd f. 1841 Keilegavlen, Lindås d. 1873, g.2.g. 1875 m. Anna Nilsd f. 1837 Ones i Lindås d. 1876, og g.3.g. 1881 m. Anna Larsd f. 1849 Skistad, Osterøy d. 1931.

4. Severin Olsen Stormark f. 1882 (gnr 172 bnr 12-2a) d. 1967 g. 1904 m. Anna Olufa Karlsd Vike f. 1876 Herøy, Sunnmøre d. 1958 (jf Herøyb. II s 369). Severin vart tilsett i 1905, og var den første fødd på Fedje som var lærar her. Han kom då frå Lyngdal i Vest-Agder. Familien var innlosjert på Nøstebakken (Husa gnr 168 bnr 8-11). I 1910 fekk Severin stilling i Bjugn i Sør-Trøndelag, og familien flytta dit. Frå 1921 budde dei i Isfjorden i Grytten, Rauma i Romsdal.

Born: a. Olav Martin Stormark f. 1904 d. 1997 g. 1932 Bergen m. Henriette Trulsd Nessen f. 1904 Solund d. 1991 (jf Solundb. II s 181), bustad Bergen. Han døydde i Asker. b. Astrid Margrete Stormark f. 1906 d. 1979 g.m. Asbjørn Nordahl Skarval f. 1904 Nøtterøy d. 1971, bustad Oslo. c. Marta Stormark f. 1907 d. 1992 g. 1927 Grytten m. Trygve Kavli f. 1907 Hen i Grytten d. 1983, budde der. Ho døydde i Oslo. d. Karl Vike Stormark f. 1908 d. 1966 g. 1931 Grytten m. Ingeborg Voldstad f. 1912 Hen i Grytten d. 2005, bustad Dokka i Nordre Land, der han starta Stormark konfeksjonsfabrikk. Ho døydde påGjøvik. e. Dagmar Stormark f. 1911 d. 2001 g. 1939 Bolsøy m. Jakob Ottestad f. 1914 Veøy, oppvaksen Hen i Grytten d. 1984, bustad Asker. f. Ragnar Stormark f. 1912 d. 1984 g. 1938 Grytten m. Jenny Elvida Stranden f. 1916 Hustad i Bud, Fræna d. 2011, bustad Nord-Aurdal. Ho flytta til Oslo.

Ein lærarfamilie (4), frå venstre: Anna, Marta, Dagmar, Karl, Astrid, Ragnar og Severin Stormark.

5. Ettersom barnetalet hadde auka, vart det trong for to lærarar. Den andre posten skulle vera for ein kvinneleg lærar i småskulen. Den første var Lina Marie Børsum f. 1858 Ås i Akershus, som var her skuleåret 1900/1901. Elisabet Leivestad f. 1877 Seim i Lindås d. 1968 var lærar frå 1901 til 1903. Ho vart seinare gift med Hans Setre f. 1870 Tysvær i Rogaland d. 1967, busette der (jf Alenfitb. IIA s 393, og Tysværb. I s 393). Ragna Sture f. 1875 Øygarden d. 1914 vart tilsett i 1903, og slutta i 1910, då ho fekk stilling i Vanse, Farsund. Ho døydde der, ugift.

– For seinare lærarar, sjå Kopper gnr 168 bnr 34.


Fedje komm.svg Skulehuset på Muren (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Muren • Neste bolk: Steinborg (Fedje gnr 168 bnr 36)