Solvang (Fedje gnr 172 bnr 12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solvang
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 12
Adresse: Stormarkvegen 282

Solvang er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Ola Albriktsen f. 1838 Sulo i Øygarden d. 1917 (son av Albrikt Gunnarsen f. 1799 d. 1875 og Dortea Katrine Jakobsd f. 1797). Ola var morbror til Synneva Nordøyna, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-18g, farbror til Marie Moldøyna (gnr 170 bnr 2-16) og Anna Haugland, sjå Muren gnr 168 bnr 42-1, og farbror til Albrikt Sulo, sjå Stormark gnr 172 bnr 4-5. Ola g.l.g. 1866 m. Bersina Gurina Andreasd f. 1841 Austrheim d. 1876 (sjå Austrheimb. III s 439, dotter av Andreas Rasmussen Øksneset f. 1804 d. 1843 og Anna Amundsd Toftegård f. 1805 d. 1885, mor hennar var Udna Olsd f. 1764 d. 1857, sjå Blåstokken 16e). Ola og Bersina var husfolk med jord på Stavesundholmen, Toftegård i Austrheim (jf Austrheimb. II s 251). Då han kom til Fedje, vart han derfor kalla «Stav-Ola».

Born: a. Ola f. 1861 Sulo (mor Brita Andersdtr f. 1838 Vågenes på Radøy d. 1912, budde seinare der på Kvalheim, jf Radøyb. II s 110 og 156). Ola vaks opp hos farbroren Jakob Albrigtsen Sulo i Øygarden, gift 1882 med Regine Olsd Røg f. 1852 Stavanger d. 1921, budde der. Ola var sjømann og reiste ut frå Bergen og Stavanger. I 1885 rømte han frå båten han var på, og seinare hevda kona at mannen budde i Amerika. Regine rekna seg som enke frå 1904, men det er ukjent når Ola døydde. b. Dorthea Olsd f. 1867 d. 1907 g. 1900 m. Peder Martin Sivertsen Erdal f. 1862 Askøy d. 1937, budde i Bergen. c. Aletta Andrea Olsd f. 1874 d. 1960 g. 1893 m. Martin Monsen f. 1869 Husa (gnr 168 bnr 9-8f) d. 1951, budde på Stormark (gnr 172 bnr 33-1).

2. Enkjemannen Ola Albriktsen Stormark (1) g.2.g. 1880 m. Anna Margrete Karolina Jansd f. 1844 Hellesund, Øygarden d. 1922 (dotter av Jan Bertelsen f. 1812 d. 1847 og Synneva Olsd f. 1809 d. 1854). Dei flytta huset frå Toftegård og sette det opp her. Det kan ein sjå av skiftet etter første kona Bersina i 1881. Då budde Ola på Stormark, og han var truleg den første nybyggjaren her. Tinglyst bygselsetel 1886 på dette jordstykket. Ola var fiskar. Dei hadde husdyr.

Born: a. Jørgen Martin f. 1873 Hellesund d. 1946 (Margretes son med Jørgen Mattias Endresen f. 1851 Osen i Bjørnør, Sør-Trøndelag d. 1935, han voks opp hjå faren, sjå Bjørnørb./Osen I s 237). Martin emigrerte til USA i 1892, gift med Olina (Lena) Jakobsd Væle f. 1881 Evanger i Voss d. 1954, bustad Bayfield i Wisconsin. b. Bertin Severin Julin Olsen Stormark f. 1882 d. 1967 g. 1904 m. Anna Karlsd Vike f. 1876 Herøy, Sunnmøre d. 1958, sjå Muren (skulehuset 4). Pleieson ifølgje folketeljingane 1900 og 1910: c. Erik Eriksen f. 1900 Bergen d. 1977 (son av ugifte Ragnhild Rasmussen f. 1873 Røyrtveit i Gulen d. 1924 Bergen (jf Gulenb. II s 578) og ugift sjømann Erik Johan Olsen f. 1872 Sandtorv i Austevoll d. 1941, sjå Austevollb. II s 46), kalla seg Erik Stormark, var skipstømmermann og budde i teljinga 1920 på Ervik, Hordnes i Fana, Bergen, der det var skipsbyggeri. Erik reiste sidan til sjøs, og kom til New York, USA i 1922 og 1923, og busette seg der, tok då etternamnet Eriksen, g. 1928 m. Elin Harberg f. 1902 Finland d. 1990. Som enkje flytta ho til Orlando i Florida.

Enkja Margrete Jansd g.2.g. 1918 m. em. Olai Olsen Stormark f. 1852 d. 1926, sjå gnr 172 bnr 20-2.

3. Albert Johannessen f. 1878 Stormark (gnr 172 bnr 5-lc, sjå der) d. 1959 fekk skøyte her i 1916 for 1200 kr. Han budde på Hernar i Øygarden, og sette seg ikkje til på dette bruket. Han flytta truleg huset til Hernar.

4. Martin Monsen (sjå Stormark gnr 172 bnr 33-1) fekk heimelen her i 1931, etter at Fedje Torvlag hadde fått skøyte i 1921. Etter delinga av torvmyrane i 1930, vart dette parsellen til Martin. Han skøytte den til dottera Margit i 1935. Broren hennar Arthur fekk skøyte i 1950.

5. Karstein Soltveit f. 1954 Radøy g. 1976 m. Aud Irene Larsen f. 1954, bustad Soltveit på Radøy (jf Radøyb. I s 103), no Alver kommune, fekk skøyte her i 1989. Same året fekk han skøyte på bnr 112, som er tomt med naust, frådelt gnr 172 bnr 27 i 1952. Ei hytte vart bygd på bnr 12 i 1997. Han er son til Margot f. Kongestøl gnr 169 bnr 9-2h.

Born: a. Kristian Soltveit f. 1977 samb.m. Milly Lid Segersten f. 1982 Asker, busette der. b. Bjørn Soltveit f. 1981, bustad Manger på Radøy, Alver kommune. c. Karin Soltveit f. 1986 samb.m. Amund Lerøy f. 1976 Austrheim, busette der (jf Austrheimb. II s 85 og III s 295).


Fedje komm.svg Solvang (Fedje gnr 172 bnr 12) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fjellbakken (Fedje gnr 172 bnr 11) • Neste bolk: Bakke (Fedje gnr 172 bnr 13)