Haugen (Fedje gnr 172 bnr 20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 20
Adresse: Stormarkvegen 337

Haugen er ein eigedom i Fedje kommune.

Søstrene Amalie og Olufine Stormark (bnr 20-1e og 1g).

1. Olai Olsen f. 1852 Sanden, Øygarden d. 1926 (son av Ola Johannessen f. 1818 og Brita Johannesd f. 1824, dei hadde òg sonen Kristen Bertin Olsen f. 1857 d. 1926, sjå Husa gnr 168 bnr 279) g.l.g. 1877 m. Anna Malena Bergesd f. 1853 Indre Hella, Radøy d. 1895 (dotter av Berge Hansen f. 1823 og Sissela Sivertsd f. 1822, sjå Radøyb. II s 328). Bygselkontrakt frå Fedje Torvkompagni tinglyst 1895 «paa et begrændset jordstykke ved Æskjæret». Då hadde dei alt budd her i om lag 10 år, for barn  nr 5 er født her. Tidlegare budde dei på Sanden. Dei var av dei første nybyggjarane på Stormark, rydda jorda og sette opp hus, og hadde husdyr. Olai var fiskar.

Born: a. Marius Bertin Olaisen f. 1878 d. 1940 g.m. Eleonore Augusta Olsen f. 1886 Åsgården i Borre, Vestfold d. 1968, bustad Oslo. b. Johanna Olina Olaisd f. 1879 d. 1944, oppfostra i Langedalen (gnr 169 bnr 5-7) frå 1891, seinare brukar (3). c. Bernt Severin Olaisen f. 1881 d. 1895. d. Bertina Olaisd f. 1883 d. 1940 g. 1910 m. Marius Eriksen f. 1887 Stormark (gnr 172 bnr 34-la) d. 1919, budde på gnr 172 bnr 35-1. e. Odine Amalie Olaisd f. 1886 d. 1935 g. 1910 m. Gustav Andreas Gullaksen Nesfossen f. 1888 Nese i Seim, Lindås d. 1958 (jf Alenfitb. IIA s 351, og Lygrab. s 150), bustad Bergen, deira son ea. Karl Nesfossen f. 1917 d. 1992, sjå Husa gnr 168 bnr 357-1. f. Karl Johan Olaisen Stormark f. 1888, konfirmert 1903, reiste til sjøs frå Arendal, i 1905 til Sverige, i 1906 til Canada, og i 1907 til Manchester i Storbritannia, kanskje busette han seg der. Ein passande Karl Johan Olsen, ugift, budde i Liverpool i folketeljinga 1911. g. Olufine Kristine Olaisd f. 1890 d. 1932, oppfostra på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-3) etter at mora døydde, g. 1915 m. Gudmund Husa f. 1890 (gnr 168 bnr 6-4a) d. 1971, busette der (5). h. Anders Olaisen f. 1892 d. 1894. i. Andrea Olaisd f. 1894 d. 1918, oppfostra på Kopper (gnr 168 bnr 3-5).

2. Enkjemannen Olai Olsen Stormark (1) g.2.g. 1895 m. Helena Jonsd f. 1857 Store Kvernøy d. 1915 (dotter av Jon Jensen f. 1817 d. 1873 og Johanna Arnesd f. 1819 d. 1909, sjå Gulenb. III s 360). Olai fekk skøyte på dette bruket i 1918 for 1000 kr, frådelt gnr 172 bnr 2 i 1917.

Born: a. Josefine Malene Olaisd f. 1896 d. 1949 g. 1922 m. Olaf Andreas Olsen (Olsteig) f. 1901 Bergen d. 1986, styrmann, busette der. b. Jenny Alette Olaisd f. 1897 d. 1901. c. Berta Henrikke Olaisd f. 1899 d. 1976 g. 1920 m. Andreas Martin Pedersen f. 1898 Bergen d. 1976, varmemontør, busette der.

Enkjemannen Olai Olsen Stormark g.3.g. 1918 m. Margrete Jansd f. 1844 Hellesund, Øygarden d. 1922, ho var enkje etter Ola Albriktsen Stormark (gnr 172 bnr 12-2) f. 1838 d. 1917.

3. Johanna Olaisd f. 1879 på dette bruket (lb) d. 1944 g. 1905 m. Olav Johan Jonsen Hatlem f. 1884 Hyllestad i Sogn d. 1967 (son av Jon Bertelsen f. 1856 d. 1895 og Johanna Knutsd f. 1863 d. 1887, sjå Hyllestadb. I s 212). Dei budde først på heimegarden hans til den vart seld i 1908. Deretter flytta dei til Stormark, og var først på gnr 172 bnr 4-4, før dei kom hit i 1916. Tinglyst skøyte i 1951. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. John Olai Hatlem f. 1906 d. 1966 g. 1935 m. Anna Marie Njøten f. 1912 Austrheim d. 1998, busette der (sjå Austrheimb. I s 517). b. Ingvald Bertin Hatlem f. 1907 d. 1970, budde i Brooklyn i New York, USA, seinare i Easthampton i Massachusetts, g. 1935 m. Bronislawa (Bertha) Zych f. 1916 Massachusetts d. 1969 (av polsk slekt). c. Martin Johan Hatlem f. 1909 d. 1974, neste eigar (4). d. Hans Herman Hatlem f. 1911 d. 1992, anleggsarb., g. 1948 m. Gudrun Margrete Kårdal f. 1916 Hopland i Austrheim d. 1993 (jf Austrheimb. II s 641), deira born da. Kristen Otto Hatlem f. 1948 d. 1950, og db. Kristen Johan Hatlem f. 1950 var g.1.g. 1970 m. Sidsel Marie Jordal f. 1949 Os, g.2.g. 1993 m. Inger Karin Nordtveit f. 1956, alle bustad Os i Bjørnafjorden kommune. Familien budde først på Stormark og flytta til Litleskare i Alversund, Lindås i 1957 (sjå Alversundb. II s 512). e. Ole Johan Hatlem f. 1913 d. 1941 (tub.). f. Julius Kristoffer Hatlem f. 1915 d. 1916 (fall i panne med varmt vatn). g. Johanna Malena Hatlem f. 1918 d. 1995 g. 1947 m. Hans Hellestvedt f. 1913 Espetveit i Meland d. 1997, skipper, busette der (jf Melandb. II s 163), dotter ga. Helga Hellestvedt f. 1948 g. 1978 m. Arne Husa f. 1947 Nygård (gnr 172 bnr 37-2d), sjå der.

4. Martin Hatlem f. 1909 på dette bruket (3c) d. 1974 g. 1936 m. Lisabeth Marie Solsvik f. 1912 Fjell d. 1989 (jf Fjellb. III s 308, faren Gunvald Larsen f. 1888 var bror til Elisabeth Stormark gnr 172 bnr 30-2). Skøyte her i 1953. Dei flytta hit i 1951. Før budde dei på Stormark gnr 172 bnr 34-3, sjå der. Huset der vart flytta hit i 1953, samstundes som det gamle huset her vart rive. Martin var anleggsarb. i 18 år, så matros og seinare stuert på m.a. M/F «Fedje».

Born: a. Laila Margrete Hatlem f. 1937 d. 2005, kantinestyrar, var g.l.g. 1957 m. Nils Oliver Rongevær f. 1933 Austrheim d. 1971 (jf Austrheimb. III s 648, Hamreb. II s 359 og Kopper gnr 168 bnr 294-2), fiskar og sjømann, bustad Askøy, deira son aa. Kurt Roger Rongevær f. 1958, bustad Hesthaugen (gnr 169 bnr 119). Laila g.2.g. m. Asbjørn Normann Kristensen f. 1945 Sortland, Vesterålen, flytta til Drammen i 1970, es. oppløyst. Laila g.3.g. m. Yngvar Ustad f. 1939 Drammen, ingeniør. b. Olav Johan Hatlem f. 1941 g. 1968 m. Randi Halvorsen, Åsane i Bergen f. 1947, bygde på Husa (gnr 168 bnr 229). c. Agnar Edvin Hatlem f. 1947 d. 1989, neste eigar (5). d. Marthon Leif Hatlem f. 1956 d. 2022, bustad Fedje.

5. Agnar Hatlem f. 1947 på dette bruket (4c) d. 1989, matros, g. 1970 m. Grethe Rist f. 1944 Bergen. Skøyte her i 1972. Samstundes vart det laga eit påbygg med eige husvære, der foreldra til Agnar budde. Grethe og borna kom til Fedje i 1969, budde tidlegare i Bergen. Ho var heimehjelp, pleiemedhjelpar frå 1974. Ho var kokk og dagleg leiar på Kræmmerholmen AS (gnr 169 bnr 109) i eitt år frå det starta opp i 1991.

Grethes born: a. Elisabeth Rist f. 1962 g. 1979 m. Jan Harry Moldøen f. 1958 Svena (gnr 170 bnr 15-lc), bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 155). Frå es. m. Tore Oscar Larsen f. 1946 Bergen d. 2006, budde der, seinare på Rong i Øygarden: b. Torild Karin Rist f. 1965 g. 1987 m. Karstein Moldøen f. 1959 (gnr 172 bnr 2-1 8e), busette der (gnr 172 bnr 31-3).

Grethe samb.m. Svein Kleppe f. 1953 Sulo (gnr 169 bnr 72-2c) d. 1997, fiskar, jf Husa gnr 168 bnr 283-2. Ho seinare busett Alversund i Lindås, og så Husøyna (gnr 170 bnr 69-2).

I 1992 vart det andre husværet frådelt med nytt gnr 172 bnr 183, sjå der.

6. Morgan Waage f. 1981 (gnr 172 bnr 145-1b) samb. 2002 m. Veronica Bergstrøm f. 1981 Monslaupen i Austrheim. Skøyte i 2004. Dei flytta til Stormark gnr 172 bnr 166-3, sjå meir der.

7. Søstrene Tove Eli Birtilid f. 1955 og Tora Doris Birtilid f. 1961 d. 2017, bustad Hellesøy i Øygarden, fekk skøyte i 2006. Tove flytta hit frå Øygarden, budde før i Vågane (gnr 172 bnr 145), sjå der. Ho er mor til Morgan (6), seinare busett i sokkelhusvære hjå han i Hundvin i Lindås, Alver kommune.

8. Ole Anton Østby f. 1956 g. 1996 m. Line-Marie Fon f. 1966, begge frå Holmestrand og busette der. Skøyte i 2009. Det er ein fritidseigedom.

Born: a. Ole Kristian Fon Østby f. 1990 samb.m. Janne Grøtterud f. 1991 Holmestrand, busette der. b. Kjetil André Fon Østby f. 1991, bustad Holmestrand.


Fedje komm.svg Haugen (Fedje gnr 172 bnr 20) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fjørøen (Fedje gnr 172 bnr 15) • Neste bolk: Nordre Fjellheim (Fedje gnr 172 bnr 21)