Fyrsundvegen 11 (Fedje gnr 172 bnr 155)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fyrsundvegen 11
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 155
Adresse: Fyrsundvegen 11

Fyrsundvegen 11 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Elisabeth Rist f. 1962 frå Stormark (gnr 172 bnr 20-5a), pedagogisk medarbeidar barnehage, g. 1979 m. Jan Harry Moldøen f. 1958 Svena (gnr 170 bnr 15-le), vedlikehaldsleiar. Skøyte 1982 på tomt frådelt gnr 172 bnr 20 i 1980. Huset vart bygd i 1983. Det vart renovert i 2013. Dei flytta til Frekhaug i Meland og sidan til Grønnfjellia, Kolås i Lindås, no Alver kommune.

Born: a. Kristin Moldøen f. 1979, spesialpedagog, g. 2006 m. Sjur Tollevik f. 1976 Espevær i Bømlo, plattformsjef, bustad Iglamyr i Haugesund. b. Trude Moldøen f. 1983, barne- og ungdomsarbeidar, g. 2019 m. Johannes Hodneland f. 1984 Ones i Lindås (jf Lygrab. s 223), bustad Hundvin i Lindås, Alver kommune. c. Hege Moldøen f. 1988, neste eigar (2).

2. Hege Moldøen f. 1988 på dette bruket (1c), barne- og ungdomsarbeidar, g. 2013 m. Cato Kolås f. 1984 Lindås (jf Lindåsb. III s 501), brannkonstabel og fagoperatør raffineri, bustad Spiki, Kolås i Lindås, Alver kommune. Skøyte i 2019. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Leon Moldøen f. 2014. b. Leander Moldøen f. 2016.


Fedje komm.svg Fyrsundvegen 11 (Fedje gnr 172 bnr 155) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 154) • Neste bolk: Stormarkvegen 331 (Fedje gnr 172 bnr 158)