Stormarkvegen 331 (Fedje gnr 172 bnr 158)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormarkvegen 331
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 158
Adresse: Stormarkvegen 331

Stormarkvegen 331 er ein bustadeigedom, opphaveleg ein fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Gudveig Breivik f. 1948 Nygård (gnr 172 bnr 111-1a) g. 1970 m. Karl Bjarne Ormevik f. 1947 Knappskog i Fjell (jf Fjellb. IV s 46), røyrleggjar, busette der, no Øygarden kommune. Dei bygde hytte her i 1993. Skøyte 1994 på tomta frådelt gnr 172 bnr 19 (jf gnr 172 bnr 4-5) i 1981, då skøytt til Karl, far til Gudveig.

Born: a. Mette Ormevik f. 1972 g. 2005 m. Øystein Sulen f. 1970 Ormavik i Fjell, busette der, Øygarden kommune. b. Trude Ormevik f. 1975 g. 2008 m. Ole Gabriel Fuglestad f. 1975 Stavanger, bustad Knappskog.

2. Jan Gisle Uthaug f. 1965 Husøyna (gnr 168 bnr 242-lb) g. 1987 m. Ruth Fonnes f. 1964 Austrheim, busette der på Årås (jf Austrheimb. I s 300 og II s 403). Skøyte i 2014. Ekteskapet oppløyst, han vart eineeigar i 2017 og flytta hit. Hennar bustad Bergen. Garasjen vart bygd i 2021 på tomt bnr 204, frådelt gnr 172 bnr 4 i 2001, skøyte 2014.

Born: a. Thomas Uthaug f. 1990, bustad Bergen, sidan Oslo. b. Henriette Uthaug f. 1992 var g.m. Ole Morten Fosse f. 1992 Alversund i Lindås, bustad Åsane i Bergen. Han flytta til Sirset i Lindås, Alver kommune. c. Simen Uthaug f. 2000, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Stormarkvegen 331 (Fedje gnr 172 bnr 158) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fyrsundvegen 11 (Fedje gnr 172 bnr 155) • Neste bolk: Stormarkvegen 349 (Fedje gnr 172 bnr 160)