Myr (Fedje gnr 172 bnr 35)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myr
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 5
Adresse: Fyrsundvegen 35

Myr er eit småbruk i Fedje kommune.

Bertina og Marius Eriksen (bnr 35-1) med borna Marius og Ragnhild. Begge borna døydde tidleg.

1. Bertina Olaisd f. 1883 Stormark (gnr 172 bnr 20-1d) d. 1940 g. 1910 m. Marius Eriksen f. 1887 Stormark (gnr 172 bnr 34-la) d. 1919 (tub.). Bygsel på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 2 i 1927. Huset vart bygd i 1913. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. Ragnhild Malena Eriksen f. 1913 d. 1931 (tub.). b. Marius Bertin Eriksen f. 1914 d. 1932 (tub.). c. Edith Odina Eriksen f. 1917 d. 2005 g. 1940 m. Mathias Einar Nygård f. 1912 Bergen d. 1995, maskinarb., busette der. d. Andrea Katinka Eriksen f. 1918 d. 1962, neste brukar (2).

2. Andrea Eriksen f. 1918 på dette bruket (1d) d. 1962 g. 1938 m. Alf Andreassen Stormark f. 1917 (gnr 172 bnr 7-2e) d. 2002, sjømann. Dei kjøpte jorda i 1941, og fekk tinglyst heimel her i 1951.

Born: a. Melborg Andreassen f. 1939 g. 1963 m. Sverre Stormark f. 1939 (gnr 172 bnr 22-2a), busette på gnr 172 bnr 141. b. Ragnar Stormark f. 1942, matros, oljearb., bustad Jørpeland, Strand i Rogaland, var g.1.g. 1967 m. Aud Olsen frå Bergen, var g.2.g. 1978 m. Marit Olsen f. 1951, bustad Stavanger. c. Anita Andreassen f. 1944, hjelpepleiar, g. 1963 m. Oddvar Opedal f. 1938 Ullensvang, feiar, busette der, deira dotter ca. Gunnhild Opedal f. 1965 g. 1988 m. Jan Mongstad f. 1964 Hesthaugen (gnr 169 bnr 18-4d, sjå der). d. Bjørn Andreassen f. 1948, neste eigar (3).

3. Bjørn Andreassen f. 1948 på dette bruket (2d) fekk skøyte i 1977. Han er sauebonde.


Fedje komm.svg Myr (Fedje gnr 172 bnr 35) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Strand (Fedje gnr 172 bnr 34) • Neste bolk: Sandnes (Fedje gnr 172 bnr 38)