Sandnes (Fedje gnr 172 bnr 38)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandnes
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 38
Adresse: Stormarkvegen 346

Sandnes er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Trulovingsbilde Martin og Jakobia Sandnes (bnr 38-1).

1. Johanna Jakobia Johannesd f. 1881 Stormark (gnr 172 bnr 27-le) d. 1958 g. 1915 m. Martin Sandnes f. 1891 Lærdalsøyri, Lærdal i Sogn d. 1966 (døypt Martinius, son av Per Olsen og Ingeborg Andrine Larsd, jf Lærdalsb. IV s 44). Skøyte 1930 for 50 kr på tomt frådelt gnr 172 bnr 27 i 1929. Huset vart bygd i 1921, familien budde tidlegare i Bergen. Martin var fiskar.

Born: a. Jenny Matilde Sandnes f. 1917 d. 2003, ugift, budde i Bergen, var salong/messepike til sjøs, stuepike hotell. Ho flytta tilbake hit i 1995. b. Borghild Andrine Sandnes f. 1919 d. 2000, ugift, sjå nr 2 her. c. Adolf Odin Sandnes f. 1921 d. 2003, ugift, neste eigar (3).

2. Borghild Sandnes f. 1919 på dette bruket (lb) d. 2000, busett her, stelte for foreldra.

Barn med Borcht-Hinrich Russ f. 1920 Tyskland: a. Olaf Sandnes f. 1945 d. 2003 var g. 1967 m. Liv Markussen f. 1945 Bergen, budde då på Frekhaug, Meland. Ho seinare busett Bergen. Olaf arb. som fiskar, sjømann, på jernstøyperi, fiskeindustri, busett her dei seinare åra.

3. Adolf Sandnes f. 1921 på dette bruket (le) d. 2003 fekk skøyte av foreldra i 1950. Han har budd her, og vore fiskar, sjømann og steinarb.

4. Morten Gullaksen f. 1966 Kopper (gnr 168 bnr 141-1d) g. 1991 m. Monika Haukeland f. 1970 Masfjorden, busette der på Duesund, budde før i Husøyna gnr 168 bnr 251-2, sjå meir der. Skøyte i 2003. Huset vert brukt som fritidsbustad.


Fedje komm.svg Sandnes (Fedje gnr 172 bnr 38) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Myr (Fedje gnr 172 bnr 35) • Neste bolk: Stormark-parsellane (Fedje gnr 172 bnr 40–92)