Solhaug (Fedje gnr 169 bnr 18)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solhaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 18
Adresse: Vidnappsvegen 37

Solhaug er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune

1. Edvard Hansen f. 1882 Muren (gnr 168 bnr 18-15b) d. 1972 g.l.g. 1902 m. Hansina Ivarsd f. 1881 Byrknes d. 1943 fekk skøyte 1922 på tomt frådelt gnr 169 bnr 4 året før. Edvard var los, og flytta huset frå Muren og hit i 1921 for å få betre utsyn. Seinare bygde han på Muren, sjå gnr 168 bnr 47, der familien er ført.

2. Ingolf Hansen f. 1903 Muren (gnr 168 bnr 47-lb) d. 1988, sjømann, g. 1924 m. Ruth Säfvenbom f. 1897 Oslo d. 1967 budde her saman med foreldra til Ingolf (1) frå giftarmålet til 1930, då dei flytta til Bergen.

Born: a. Hildur Edny Hansen f. 1924 d. 2014, bustad Bergen. b. Harry Reidar Hansen f. 1927 d. 1930 Bergen. c. Ruth Inger Hansen f. 1930, bustad Bergen. d. Harry Hansen Säfvenbom f. 1932 d. 2005, bustad Stavanger.

Kystskipperkurs på Fedje 1934. Øvst frå venstre: Malvin Uthaug, Olav Rognsvåg, Arthur Husa, Anders Fanebust, Hans Kahrs. I midten frå venstre: Arthur Braate, Olai Ophaug, Thorvald Hestenes, Olai Mongstad (bak), Richard Uthaug (framom), Georg Stormark, Olav Johan Nilsen. Framme frå venstre: Ansgar Hjønnevåg, Emil Hansen, Bjarne Bårdsen, læraren, Georg Uthaug, Adolf Strand, Einar Ingemårsen.

3. Emil Hansen f. 1909 Muren (gnr 168 bnr 47-1d) d. 1942 g. 1938 m. Eli Kristine Alfredsd Gaustad f. 1906 Haugesund, oppvaksen AvaldsnesKarmøy d. 1993. Skøyte her i 1939. Emil var kvartermester på M/B «Mars» og omkom i teneste for den norske marinen. Eli og dottera flytta til Haugesund og sidan til Karmøy.

Barn: a. Harriet Julie Hansen f. 1940 d. 2007 g.m. Bernhard Johan Hetland f. 1935 d. 2008, bustad Karmøy.

4. Asbjørn Mongstad f. 1919 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3 d) d. 1989, fiskar og sjømann, g 1949 m. Mally Konstanse Nyheim f. 1920 Byrknes d. 1996 (jf Gulenb. III s 269). Skøyte her i 1949. I 1970 kjøpte dei Hesthaugen gnr 169 bnr 76 og flytta dit (2).

Born: a. Alin Irene Mongstad f. 1949 g. 1970 m. Einar Uthaug f. 1943 (gnr 168 bnr 64-2b) d 1979, bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 230). b. Ingunn Oddny Mongstad f. 1954, neste eigar (6). c. Olaf Asbjørn Mongstad f. 1959 d. 2023 var g.m. Elin Mo f. 1963 Bergen, busette der. Han flytta til Husøyna (gnr 168 bnr 377-2). d. Jan Mongstad f. 1964 g. 1988 m. Gunnhild Opedal f. 1965 Ullensvang (jf Stormark gnr 172 bnr 35-2ca), bustad Åsane i Bergen. Sjå òg Hesthaugen (gnr 169 bnr 102). e. Finn Magne Mongstad f. 1967, fiskeindustriarb., var g. 1990 m. Jenny Kathrine Tislavoll f. 1970 Fitjar (jf Fitjarb. I s 532), son ca. Finn Ruben Tislavoll Mongstad f. 1992 budde her ei tid, seinare busett hjå mora på Stord. Han flytta til Bergen. Sjå òg Husøyna gnr 168 bnr 204-5.

5. Anders Hummelsund f. 1938 Sund, los, var leigebuar her frå 1971 til 1988. Då flytta han tilbake til Hummelsund i Sund (sjå Sundb. II s 355), g. 1998 m. Elisabeth Flatøy f. 1962 Landås i Bergen.

6. Ingunn Mongstad f. 1954 på dette bruket (4b), importsjef spedisjon, bustad Åsane i Bergen, var g. 1973 m. Geir Atle Vassdal f. 1951 Vaksdal, bustad Bergen. Ingunn fekk skøyte her i 1988. Huset vert brukt som feriebustad, og vart renovert i 1991.

Barn: a. Joachim Mongstad Vassdal f. 1977 samb. 2004 med Gry Malen Kvalvik f. 1974 SulaSunnmøre, begge helsearbeidarar, bustad Askøy.


Fedje komm.svg Solhaug (Fedje gnr 169 bnr 18) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hesthaugen • Neste bolk: Havtun (Fedje gnr 169 bnr 23)