Haugeli (Fedje gnr 168 bnr 204)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugeli
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 204
Adresse: Husøyna 2

Haugeli er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 201 (vart frådelt gnr 168 bnr 6 i 1966) og gnr 168 bnr 210 i 1966. Kommunen sette opp utleigebustad her i 1967, i byrjinga rekna for lærarar. Det er to husvære her.

Leigebuarar

Bustad 1A:

Tidlegare vart Husøyna brukt til sommarbeite for kyrne. Her er det Anna Koppen (bnr 3-6) som er på stølen.

2. Bjørn Harald Bendiksen f. 1952 Saltdal i Nordland g. 1979 m. Ragnhild Edle Bakke f. 1957 Bergen, begge lærarar, budde her frå 1978 til 1986, då dei flytta til Manger, Radøy (sjå Radøyb. III s 217), no Alver kommune.

Born: a. Amund Bakke Bendiksen f. 1984, bustad Manger. b. Øyvind Bakke Bendiksen f. 1989, bustad Manger.

3. Nils‑Tore Leivdal f. 1963 Moldøyna (gnr 170 bnr 12-4a) g. 1987 m. Astrid Kjølleberg f. 1956 Lista, Farsund, sjukepleiar og helsesøster, budde her frå 1986. Familien flytta til Stavanger i 1991, es. oppløyst.

Born: a. Marta Leivdal Kjølleberg f. 1988, bustad Stavanger. b. Åse Leivdal Kjølleberg f. 1989, sjå Stormark gnr 172 bnr 166-5.

Nils-Tore var initiativtakar til og var med og starta røykeriverksemd på Fedje frå 1987, jf Muren gnr 168 bnr 47-3. Seinare har han drive fiskeforedling m.a. i Danmark, frå 1997 markedsdirektør, bustad Bergen, flytta til København.

Nils-Tore var samb.m. Randi Skot Hagensen f. 1968 Holstebro, Danmark.

Born: c. Solveig Leivdal Hagensen f. 1996, bustad Odense, Danmark. d. Asger Leivdal Hagensen f. 1998, bustad Middelfart, Danmark.

Nils-Tore samb.m. med Susanne Stevelind f. 1971, bustad København.

4. Ingebjørg Moldøen f. 1962 (gnr 170 bnr 2-18f) g. 1984 m. Torgeir Håvik f. 1960 Fusa, busette der. Ekteskapet oppløyst, Ingebjørg og borna flytta til Fedje i 1990, busette her frå 1991. Ho har vore landpostbod. I 1996 flytta dei til Bergen. Sjå òg Moldøyna (gnr 170 bnr 70).

Born: a. Anders Moldøen f. 1985, tømrar, samb.m. Heidi Moldøen f. 1987 Øygarden, sjå Husa (gnr 168 bnr 415-1b), bustad Os i Bjørnafjorden kommune. b. Daniel Moldøen Håvik f. 1988 d. 2 md gl. c. Marius Moldøen f. 1990, prosjektleiar, bustad Hopland i Austrheim, var samb.m. Kamilla Brattebø f. 1987 Vaksdal, bustad Austrheim.

5. Finn Magne Mongstad f. 1967 Hesthaugen (gnr 169 bnr 18-4e, sjå der) budde her frå 1996. Han flytta til Omastrand i Kvam, g. 2000 m. Kari Nytvedt Olsen f. 1959 Bergen, sjå Kopper gnr 168 bnr 352.

Bustad 1B (i sokkel):

6. Gunnhild Ceselie Nordvik f. 1959 Fjell, førskulelærar, budde her frå 1987 til 1989, det siste året var ho styrar i barnehagen. Ho flytta deretter til Fjell igjen, bustad Nordvika, no i Øygarden kommune.

7. Odd Kleppe f. 1949 Sulo (gnr 169 bnr 72-2b, sjå der) d. 1999 var busett her frå 1995 til han døydde.

Heile huset

8. Jan Inge Uthaug f. 1967 Svena (gnr 168 bnr 234-1a), maskinsjef. Skøyte i 2000. Huset vart renovert i 2005. Seinare bustad Ystebø på Radøy, g. 2012 m. Monica Blommedal f. 1980 Soltveit på Radøy (jf Radøyb. I s 81). Ekteskapet oppløyst.

9. Toril Gundersen f. 1954 Bergen g. 1979 m. Terje Hesthamar f. 1956 Norheimsund i Kvam, oppvaksen der og i Bergen, bustad Bergen. Skøyte i 2012. Huset vart renovert i 2020, og vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Stig Arne Hesthamar f. 1980, bustad Bergen. b. Kristian Hesthamar f. 1983, bustad Askøy. c. Elise Hesthamar f. 1990, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Haugeli (Fedje gnr 168 bnr 204) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Utheim (Fedje gnr 168 bnr 203) • Neste bolk: Bakkeli (Fedje gnr 168 bnr 205)