Husa (Fedje gnr 168 bnr 6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 6

Husa er eit gardsbruk i Fedje kommune.

Husa gnr 168 bnr 6

Dette bruket vart frådelt gnr 168 bnr 5 i 1809 då Abelona og Mikkel (11) lét son hennar bruka halvparten av garden. Bygsel 1809 frå fru Katarina Kahrs på 18 merker fisk og 3 kanner malt (⅛ av Husa) til:

1. Gudmund Monsen f. 1782 Husa (gnr 168 bnr 5-10c) d. 1865 g. 1811 m. Johanna Persd f. 1780 Grenda (gnr 168 bnr 17-10a) d. 1845. Dei var søskenborn med felles besteforeldre Brita Gudmundsd og Jon Jonsen Brotet. I matrikkelen 1838 er Gudmund oppført som brukar med ny skyld 2 ort og 4 skilling (⅛ av Husa). Dei hadde garden til 1839, då dei vart kårfolk. Ved kåret var dei sikra fritt hus, lys og brensel, og naudsynt tilsyn og pleie. Dei skulle fø ei ku og fire sauer, og få 3 våger korn og 1 tn potet årleg, så slik var alderdommen deira sikra. Dette var mykje godt det som var vanleg i slike kårbrev. Gudmund var varamann til det første formannskapet i Lindås herad frå 1837.

Born: a. Massi Gudmundsd f. 1811 d. 1849 g. 1835 m. Ola Rasmussen f. 1811 Husa (gnr 168 bnr 12-2b) d. 1894, brukarar på Husa gnr 168 bnr 5-12. b. Kristi Gudmundsd f. 1815 d. 1890, neste brukar (2). c. Karl Gudmundsen f. 1819 d. 1903 g. 1849 i Sund m. Kristi Hansd f. 1819 Årland, Austevoll d. 1893, budde på Båtevik i Austevoll (sjå Austevollb. III s 413). Dei hadde m.a. borna: ca. Johanna Serina Karlsd f. 1851 d. 1932, seinare brukar her (3). cb. Abelona Karlsd f. 1855 d. 1927 g. 1883 m. Martinus Rasmussen f. 1857 Husa (gnr 168 bnr 10-5d) d. 1932, sjå der (6).

2. Kristi Gudmundsd f. 1815 på dette bruket (1b) d. 1890 g. 1839 m. Gregorius Karstensen f. 1812 Krossøyna, Austrheim d. 1880 (sjå Grenda gnr 168 bnr 17-9da og Austrheimb. III s 600). Kristi og Gregorius var tremenningar, med felles oldefar Rasmus Mathiassen Grenda. Gregorius si søster Brita Karstensd f. 1816 var tenar her og døydde i koleraepidemien 1849. I 1865 hadde dei tenaren Kari Eriksd 29 år, og i 1875 Sina Larsd f. 1861 (Stuberg husmenn 3a). Bygsel 1839 frå Kristoffer Kahrs på 18 merker fisk og 3 kanner malt eller ⅛ av Husa. I 1845 hadde dei 4 storfe og 6 sauer, i 1855 6 storfe og 8 sauer, og i 1865 6 storfe og 11 sauer, slik at det var ein jamn auke i dyretalet. Utsådet i 1845 var ⅜ tn havre og ¼ tn potet, i 1855 1½ tn havre og ½ tn potet og i 1865 1 tn havre og 1 tn potet. Poteta vart stendig viktigare. Ved matrikkelforarbeidet i 1863, som var grunnlaget for skattetaksten, var buskapen oppgjeven til 1,8 kyrlag og utsådet ⅞ tn havre og ¾ tn potet. Avlinga var på 3¼ tn havre og 4 tn potet. Det var 2,2 mål dyrka åker og eng, og 10 mål naturleg eng som kunne gje 100 våger høy og 10 våger halm. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka og gjødsla. Gregorius var med i formannskapet i Lindås herad frå 1844 til 1847. Han og Kristi vart kårfolk i 1872, dei budde i ein eigen kårbustad.

Born: a. Karsten Gregoriussen f. 1840 d. 1927 g. 1872 m. Andrea Gudmundsd f. 1850 Stuberg (gnr 168 bnr 19-16a) d. 1935, dei flytta 1875 til garden Nordre Hjønnevåg i Solund (sjå Solundb. I s 164) saman med Thomas Rasmussen Husa (gnr 168 bnr 10-4a). Dei flytta attende til Fedje i 1918 då sønene kjøpte jord i Vågane, sjå der (gnr 172 bnr 9-1). b. Mons Gregoriussen f. 1843 d. 8 veker gl. c. Gudmund Gregoriussen f. 1845 d. 1887, neste brukar (3). d. Mons Gregoriussen f. 1848 d. 7 dg. gl. e. Brita Gregoriusd f. 1850 d. 1868 (tyfus). f. dødfødd son f. 1850. g. Johanna Gregoriusd f. 1858 d. 1868 (tyfus – 3 veker etter søstera).

3. Gudmund Gregoriussen f. 1845 på dette bruket (2c) d. 1887 g. 1871 m. Johanna Serina Karlsd f. 1851 Båtevik, Austevoll d. 1932 (sjå nr 1ca ovanfor). Dei var søskenborn. Bygsel frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1872. I 1875 hadde dei 2 kyr, 2 kalvar og 4 sauer, samt at kårfolket hadde 1 ku og 6 sauer. Utsådet var på 1 tn havre og 1½ tn potet. Dei hadde tenaren Olina Palmersd f. 1856 (Eide i Øygarden, sjå Husa gnr 168 bnr 5-10d). Fiske og jordbruk var næringsvegen. Gudmund var med i formannskapet i Lindås herad frå 1880 til 1883, i tillegg var han heradsstyremedlem frå 1874 til 1877.

Born: a. Gregorius Bertin Gudmundsen f. 1872 d. 4 dg gl. b. Karl Gudmundsen Husa f. 1873 d. 1948 g. 1898 m. Gurine Karlsd f. 1872 Træsneset (gnr 171 bnr 1-1h) d. 1950, sjå Husa husmenn 4 og Nygård gnr 172 bnr 37-1. c. Berta Kristine Gudmundsd f. 1876 d. 1948 g. 1901 m. Karl Olsen f. 1878 Sulo (gnr 169 bnr 34-2c) d. 1934, budde i Hesteneset (gnr 169 bnr 26). d. Gregorius Gudmundsen Nygård f. 1878 d. 1957 g. 1906 m. Kristina Henriksd Mundal f. 1886 Balestrand i Sogn d. 1953, sjå Svena gnr 168 bnr 195 og Nygård gnr 172 bnr 16-2. e. Karen Kristine Gudmundsd f. 1881 d. 1960 g. 1904 m. søskenbarnet Gregorius Karstensen f. 1876 Hjønnevåg, Solund (sjå Vågane gnr 172 bnr 9-1c) d. 1966, budde på Båtevik i Austevoll der ho vart oppfostra hjå morbroren Hans Karlsen etter at faren døydde (jf Austevollb. III s 422 og 426). Dei hadde m.a. sonen ea. Andreas Gudmundsen f. 1909 d. 1991, sjå Kopper gnr 168 bnr 61-2. f. Johanna Gurine Gudmundsd Husa f. 1884 d. 1946. g. Gjertine Marie Gudmundsd Husa f. 1886 d. 1962. Dei to yngste døtrene budde heime og hjelpte til her.

4. Enkja Johanna Serina Karlsd (3) g.2.g. 1889 m. Andreas Karlsen f. 1862 Træsneset (gnr 171 bnr 1-1c) d. 1959 (bror til 3b ovanfor). Andreas fekk skøyte på dette bruket i 1890 frå Fedje Torvkompagni for 850 kr. Han var fiskar og småbrukar, og ho dreiv med hus‑ og dyrestell samt veving. Ny skyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark 51 øre. Etter utskiftinga vart nytt hus bygd om lag 1910.

Born: a. Gudmund Bertin Andreassen Husa f. 1890 d. 1971, neste brukar (5). b. Kaspar Severin Andreassen f. 1891 d. 2 md gl. c. dødfødd son. Dei hadde pleiesonen Ingemår Karlsen f. 1894 Moldøyna (husmenn 4g) d. 1918.

5. Gudmund Husa f. 1890 på dette bruket (4a) d. 1971 g. 1915 m. Olufine Olaisd f. 1890 Stormark (gnr 172 bnr 20-1g) d. 1932 (tub.). Skøyte i 1922 for 3000 kr og kår. Fiske og jordbruk var næringa.

Born: a. Andreas Husa f. 1915 d. 1982, neste brukar (6). b. Aksel Olai Husa f. 1920 d. 1934 (tub.).

Olga og Andreas Husa (6).

6. Andreas Husa f. 1915 på dette bruket (5a) d. 1982 g.m. Olga Gurine Fivelsdal f. 1914 Gulen d. 2002 (sjå Gulenb. II s 525). Olga var søster til Julie Bårdsen, Sulo (gnr 169 bnr 42-1). Skøyte her i 1966. Dei dreiv med jordbruk og hadde kyr til slutten av 1950-talet. Andreas var fiskar, m.a. medeigar M/S «Lykken», seinare bygningsarbeidar.

Born: a. Gudfrid Oddlaug Husa f. 1946 g. 1965 m. Erling Magne Hellesfjord f. 1945 Smøla på Nordmøre d. 1984, busette der. b. Ranveig Irene Husa f. 1951 g. 1972 m. Alf Nordseth f. 1948 Smøla, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 245). Ho er eigar av bnr 6 frå 2019. c. Aksel Ingebjørn Husa f. 1957 g. 1980 m. Elisabeth Pedersen, Kvam f. 1960, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 341). – Tomta med huset vart frådelt i 2013 med nytt gnr 168 bnr 508, sjå der. Bnr 6 omfattar jorda og eit uthus.


Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 6) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 5) • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 7)