Leite (Fedje gnr 168 bnr 195)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leite
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 195

Leite var ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Gregorius Gudmundsen f. 1878 Husa (gnr 168 bnr 6-3d) d. 1957 g. 1906 m. Kristina Henriksd Mundal f. 1886 Fjærland, Balestrand i Sogn d. 1953. Dei sette opp hus her, tomta låg om lag der som innkjørsla til Rognsvågen (Varden) er i dag. I 1922 flytta dei huset til Nygård, sjå gnr 172 bnr 16-2, der heile familien er ført.

Tomta vart frådelt Husa gnr 168 bnr 11 i 1965 og skøytt til sonen Georg Nygård same året. I 1976 fekk borna hans skøyte, og i 1984 selde dei tomta til Fedje kommune. Den vart samstundes samanføydd med gnr 168 bnr 343.


Fedje komm.svg Leite (Fedje gnr 168 bnr 195) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tryggheim (Fedje gnr 168 bnr 191) • Neste bolk: Strandtun (Fedje gnr 168 bnr 232)