Stormarkvegen 52–54/Rognsvågen 2–4 (Fedje gnr 168 bnr 343)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormarkvegen 52–54/Rognsvågen 2–4
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 343
Adresse: Stormarkvegen 52–54/Rognsvågen 2–4

Stormarkvegen 52–54/Rognsvågen 2–4 er ein eigedom med fleire bustader i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte på eit areal frådelt Husa gnr 168 bnr 11 og gnr 168 bnr 125 (jf gnr 168 bnr 48) i 1984. Gnr 168 bnr 195 og gnr 168 bnr 209 vart same året samanføydde med bnr 343. Det vart bygd to tomannsbustader her. Det er laga leikeplass.

Leigebuarar

Stormarkvegen 54

Bustad 14A, bygd i 1993.

2. Kjell Lorents Bangsund f. 1939 Tromsø d. 2001 g. 1960 m. Jorunn Marie Arntzen f. 1935 Tromsø, butikkmedarb. Innflytta til Fedje i 1992. Kjell var skipsførar og navigatør, arb. trafikksentralen. Dei flytta til Stokke i Vestfold, og ho sidan til Tromsø.

3. Borghild Husa f. 1933 Uthaug d. 2012 flytta inn her i 1996 saman med sonen Terje f. 1978. Dei budde tidlegare i Uthaugen, sjå gnr 168 bnr 67-4.

4. Mia Krüger f. 1979 Arendal, oppvaksen der og i Grimstad, jf Muren (gnr 168 bnr 72-3b), kateket, g. 2008 m. Essien Aniekan Etokebe f. 1986 Nigeria. Dei budde før i Bærum, og flytta til Fedje i 2013. Ho var først kyrkjeverje, så helsesekretær, sidan personalkonsulent og så miljøarbeidar i Fedje kommune, samt servitør. Han flytta til Drammen.

Born: a. Ingeborg Ceselie Krüger f. 2002 (far Kristoffer Stokholm f. 1982 gnr 170 bnr 39-1b). b. Margaret Essien Etokebe f. 2008. c. Regina Agape Essien Etokebe f. 2011.

Stormarkvegen 56

Bustad 14B, bygd i 1993.

5. Gunn-Élin Fauskanger f. 1964 frå Knarvik, Lindås (sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 7-1cb) g.m. Kim Rolf Blomqvist f. 1966 Kimstad ved Stockholm flytta til Fedje i 1999. Dei flytta i 2019 til Eknes i Lindås, Alver kommune.

Born: a. Joakim Fauskanger f. 1993, bustad Eknes. b. Jonathan Fauskanger f. 1996, bustad Eknes.

6. Astrid Øksnes f. 1964 Råde i Østfold, sjukepleiar, g. 1985 m. Terje Dagfin Stenholt f. 1964, bustad Rygge, så Trondheim og seinare Råde. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Ås i Akershus. Ho flytta hit i 2020.

Born: a. Alexander Stenholt f. 1987 g. 2011 m. Miriam Andresen f. 1988 Kristiansand, bustad Hafslundsøy i Sarpsborg. b. Kristian Stenholt f. 1988, bustad Torp i Fredrikstad.

Rognsvågen 2

Bustad 15A, bygd i 2001.

7. Marit Rognsvåg f. 1947 Ophaug, Kopper (gnr 168 bnr 116-1c, sjå der) d. 2023, budde før på Kopper (gnr 168 bnr 61-4), sjå meir der.

Rognsvågen 4

Bustad 15B, bygd i 2001.

8. Andrea Waage f. 1996 Øygarden, oppvaksen Fedje, sjå Husøyna (gnr 168 bnr 336-4a), Master media og kommunikasjon, var kommunikasjonsrådgjevar Fedje kommune, flytta tilbake til Fedje frå Bergen i 2022.


Fedje komm.svg Stormarkvegen 52–54/Rognsvågen 2–4 (Fedje gnr 168 bnr 343) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kalvedalen 10 (Fedje gnr 168 bnr 328) • Neste bolk: Stormarkvegen 50 (Fedje gnr 168 bnr 344)