Borge (Fedje gnr 168 bnr 67)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Borge
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 67
Adresse: Muren 19, 21 og 23

Borge er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Kristen Monsen Uthaug f. 1875 (gnr 168 bnr 20-8d) d. 1918 (spanskesykja) g. 1901 m. Bertina Marie Rasmusd f. 1879 Keilo, Lindås d. 1970 (jf Lindåsb. IV s 439, dotter av Rasmus Olsen f. 1857 og Kari Monsd f. 1850, dei hadde òg sonen Ole Rasmussen f. 1884, far til Ragnvald Olsen Kjeilen, sjå Vika gnr 168 bnr 78). Kristen var fiskar og bygningsmann, og sette opp huset her. Bertina fekk skøyte i 1936 på tomta frådelt gnr 168 bnr 20 same året.

Born: a. Oskar Martin Uthaug f. 1902 d. 1982 g. 1924 m. Marie Tangen f. 1904 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-20a), bygde der (gnr 168 bnr 56). b. Richard Konrad Uthaug f. 1904 d. 1970, neste eigar (2). c. Konstanse Beate Uthaug f. 1909 d. 1949 g. 1931 m. Thomas Thomassen f. 1907 Kopper (gnr 168 bnr 4-5e) d. 1994, budde der (6). d. Gjert Uthaug f. 1910 d. 1986 g. 1932 m. Anna Krossøy f. 1911 Austrheim d. 2003, bygde på Brotet (gnr 168 bnr 77). e. Charlotte Uthaug f. 1912 d. 1990 g. 1941 m. Harald Koppen f. 1908 (gnr 168 bnr 44-1aa) d. 2000, busette der (2).

Marie og Richard Uthaug (bnr 67-2), 1932.

2. Richard Uthaug f. 1904 på dette bruket (1b) d. 1970 g. 1932 m. Marie Lunde f. 1909 frå Mjøs på Radøy d. 1971 (dotter av Peder Rasmussen f. 1884 og Trine Helene Sørensd f. 1886, jf Radøyb. I s 224, og Gulenb. III s 227, Trine var brordotter til Marta Moldøyna gnr 170 bnr 5-16). Richard var fiskar. Skøyte her i 1946. Skøyte 1966 på tilleggsareal bnr 197 (nausttomt). Dei bygde ut huset og begynte med pensjonat i 1967, slik at tilreisande kunne få eit overnattingstilbod. Halldis Helland f. 1930 Fana i Bergen d. 2015 budde her sidan 1968.

Born: a. Borghild Kirsten Uthaug f. 1933 d. 2012, seinare eigar (4). b. Torborg Petra Uthaug f. 1935 g. 1955 m. Sigmund Eriksen f. 1935 Husa (gnr 168 bnr 9-11f), budde først i Bergen, flytta 1965 til Seattle, Washington i USA. c. Reidun Marie Uthaug f. 1939 g. 1961 m. Bjørn Moe f. 1936 Oslo, bustad Drøbak, Frogn i Akershus. d. Harriet Øydis Uthaug f. 1944 d. 2018 g. 1963 m. Erling Kleppe f. 1941 Sulo (gnr 169 bnr 72-2a) d. 1989, bygde der (gnr 169 bnr 99-1). e. Margun Konstanse Uthaug f. 1950 g. 1974 m. Johannes Skjerven f. 1951 Stord d. 2023, busette der. f. Rune Olav Uthaug f. 1953, neste eigar (3).

3. Rune Uthaug f. 1953 på dette bruket (2f) g. 1978 m. Anita Duesund f. 1960 Mulen (gnr 169 bnr 79-1d). Rune fekk skøyte her i 1971, og dreiv pensjonatet i tillegg til at han var verkstadarb. I 1978 selde han til søstera. Han og Anita sette opp hus i Husøyna (gnr 167 bnr 12), der familien er ført.

4. Borghild Uthaug f. 1933 på dette bruket (2a) d. 2012 g. 1955 m. Ingvar Husa f. 1930 (gnr 168 bnr 12-8a) d. 1994. Dei budde tidlegare på Husa (gnr 168 bnr 145-1). Ingvar var sjømann og fiskar, m.a. medeigar i M/S «Feiebas». Skøyte her i 1978. Dei dreiv pensjonatet vidare, og bygde det ut. I 1996 leigde Borghild pensjonatet til Kræmmerholmen AS, og flytta til Svena (gnr 168 bnr 343-3) saman med sonen Terje.

Born: a. Britt Iren Husa f. 1955, rekneskapssekr., g. 1974 m. Frank Arvid Olsen f. 1951 Oslo, adjunkt, bustad Bergen. b. Einar Roger Husa f. 1957 g. 1981 m. Magnhild Hjelme f. 1959 Øygarden, busette på Husa (gnr 168 bnr 145-2). Einar flytta til Stavanger i 2016, samb.m. Hilde Jeanette Thu f. 1961 Bryne i Time. c. Roald Magne Husa f. 1960 g. 1982 m. Hilda Hjelme f. 1962 Øygarden (søster til Magnhild g.m. b.), busette på Husa (gnr 168 bnr 283-3). d. Paul Ingvar Husa f. 1965, var samb.m. Gro Tallis f. 1947 Bergen, adjunkt, busette der, ho budde på Fedje nokre år på midten av 1990-talet. Gro Tallis Larsen var g. 1967 m. Jan Harald Sønnervik f. 1945 Bergen d. 2010, busett der, deira born Jan Erik Tallis f. 1969, bustad Ågotnes i Fjell, seinare Austevoll, og Elizabeth Tallis f. 1970, sjå Husa gnr 168 bnr 5-19. Sjå òg Eide gnr 168 bnr 165 med gnr 168 bnr 365. Paul flytta til Muren gnr 168 bnr 103-4. e. Merete Husa f. 1968, frisør, var g.1.g. 1988 m. Odd Helge Strand f. 1963 Bergen, forskalingssnikkar, busette der. Merete g.2.g. m. Stig Løland f. 1970, bustad Kristiansand. f. dødfødd jente f. 1971. g. Terje André Husa f. 1978 g. 2007 m. Kristin Enerstvedt Garlid f. 1978 Frekhaug i Meland (jf Melandb. II s 533), busette der, no i Alver kommune. – Dei seks borna fekk skøyte på bnr 197 (sjå nr 2 ovanfor) i 2014. Der er det eit overnattingsbygg, det har fått nytt gnr 168 bnr 431/432, sjå der.

5. Hans-Georg Hopland f. 1943 Bergen og Inger Therese Skailand f. 1942 Heskestad, Lund i Rogaland d. 2021 var busette her frå 1996 i samband med at Kræmmerholmen AS leigde og dreiv pensjonatet. Dei kom til Fedje frå Ullensaker i Akershus i 1994 og var tilsette i Kræmmerholmen AS, Hans som dagleg leiar og Inger som kjøkkensjef. Seinare bustad Søgne i Kristiansand.

6. Pål-Christian Lundekvam Nesfossen f. 1971 Bergen, bustad Erdal på Askøy, fekk skøyte på bnr 67 i 2008. Sjå òg Muren gnr 168 bnr 42-4.

7. Janita Johanne Lohne f. 1991 Morvik, Åsane i Bergen, lærar, er leigetakar her.


Fedje komm.svg Borge (Fedje gnr 168 bnr 67) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bergstad (Fedje gnr 168 bnr 66) • Neste bolk: Muren 17 (Fedje gnr 168 bnr 431/432)