Austbø (Fedje gnr 167 bnr 12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austbø
S459.167.12.Husøyna 40 m.m.jpg
Husøyna framme i 2022 med frå venstre bnr 12, bnr 302 og bnr 301. Bakom ligg hyttefeltet i Rognsvågen.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 12
Adresse: Husøyna 40

Austbø er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Rune Uthaug f. 1953 (gnr 168 bnr 67-2f), vedlikehaldsarb., g. 1978 m. Anita Duesund f. 1960 Mulen (gnr 169 bnr 79-1d), omsorgsarb. Skøyte 1981 på tomt frådelt Rognsvågen gnr 167 bnr 1 i 1975. I tillegg kjem gnr 168 bnr 318, utskilt frå gnr 168 bnr 208 og gnr 168 bnr 308 i 1981, og gnr 170 bnr 40, utskilt frå gnr 170 bnr 36 i 1981, begge samanføydde med gnr 167 bnr 12 i 1994. Huset vart bygd i 1981.

Born: a. Trine-Jeanette Uthaug f. 1980, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 259-2). b. Anders Uthaug f. 1982 g. 2008 m. Ellen Aasheim f. 1981 Gjøvik, busette der, begge lærarar. c. Alf-Rune Uthaug f. 1986, sjå nedanfor (2). d. Dorte-Mari Uthaug f. 1991, bustad Bergen, seinare Svena (gnr 168 bnr 422-4).

Ekteskapet oppløyst, Anita flytta til Kopper (gnr 168 bnr 146-2). Rune kjærast m. Jorunn Kårdal f. 1952 Hopland i Austrheim, busett der (jf Austrheimb. II s 642).

2. Alf-Rune Uthaug f. 1986 på dette bruket (1c), bussjåfør, g. 2019 m. Maria (Ma) Shella Basas Gallego f. 1987 Filippinane, pleiemedhjelpar, var busette her, flytta i 2020 til Bildøyna i Fjell, Øygarden kommune.

Born: a. Nina Uthaug f. 2013 (mor Sophit (Nun) Lakrathok f. 1989 Korat i Thailand, flytta tilbake dit). b. Kevin Uthaug f. 2019.


Fedje komm.svg Austbø (Fedje gnr 167 bnr 12) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husøyna • Neste bolk: Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 140)