Husøyna 52 og 65A/B (Fedje gnr 168 bnr 308)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husøyna 52 og 65A/B
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 308
Adresse: Husøyna 52 og 65A/B

Husøyna 52 og 65A/B er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte i 1980 på tomt frådelt Vika gnr 168 bnr 28 same året. Tre utleigebustader vart bygde på tomta.

Husøyna 52

2. Ein vertikalt tomannsbustad vart bygd i 2000. Dette er den søre delen. Den andre delen vart frådelt og seld i 2012, sjå gnr 168 bnr 500.

3. Jessica Louise Ramsdal f. 1993 Seim i Lindås er leigetakar her.

Husøyna 65A

4. Huset vart bygd i 2011.

5. Hege Rong Corneliussen f. 1985 Askøy, oppvaksen der og i Bergen, kunstnar, er leigetakar her, flytta frå Bergen i 2021.

Born med tidl. samb. Oscar Pizano f. 1985: a. Elena Pizano Corneliussen f. 2012. b. Bjørn Pizano Corneliussen f. 2014.

Husøyna 65B

6. Huset vart bygd i 2011.

7. Ingebjørg Vamråk f. 1971 Høyanger budde her då ho var rådmann frå 2016 til 2018. Seinare bustad Bergen, så Vamråk i Høyanger.

8. Gjermund Hagesæter f. 1960 Lindås (jf Hamreb. III s 121), jurist og bedriftsøkonom, g. 1990 m. Eirin Janne Simonsen f. 1966 Skjervøy i Troms, marknadssjef, budde her frå 2019 til 2022, då han var rådmann i Fedje kommune. Tidlegare var han stortingsrepresentant for Framstegspartiet (Hordaland) 2001-2017. Han vart kommunedirektør i Fitjar i 2022, og dei flytta dit.

Born: a. Mikal Andre Hagesæter f. 1989, bustad Drammen. b. Kristian Emil Hagesæter f. 1990, bustad Bergen.

9. Berit Karin Rystad f. 1966 Bergen, kommunedirektør i Fedje frå 2022, samb. 2018 m. Edgar Vigrestad f. 1965 Jæren, helseassistent, dei budde før i Bergen. Ho kom frå stillinga som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Osterøy kommune, og har tidlegare arbeidd med planlegging, bærekraftig utvikling, landbruk og næringsutvikling.

Hennar born frå es. m. Nils Olav Anderssen f. 1965 Flekkefjord, bustad Bergen: a. Jenny Marie Anderssen Rystad f. 1993 samb. 2021 m. Sindre Førde f. 1993 Årås i Austrheim (jf Austrheimb. II s 396), ingeniør, bustad Bergen. b. Andreas Nikolai Anderssen Rystad f. 1997, bustad Bergen.

Hans born frå es. m. Beate Eileen Nord-Varhaug f. 1965 Hå, bustad Sandnes: c. Eirill Iren Vigrestad Nord-Varhaug f. 1999 samb.m. Jørgen Torgersen f. 1997 Sandnes, bustad Grimstad. d. Gine Emilie Nord-Varhaug f. 2003, bustad Sandnes.


Fedje komm.svg Husøyna 52 og 65A/B (Fedje gnr 168 bnr 308) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Brattli (Fedje gnr 168 bnr 302) • Neste bolk: Flundrevågsvegen 24 (Fedje gnr 168 bnr 315)