Brattli (Fedje gnr 168 bnr 302)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brattli
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 302
Adresse: Husøyna 44

Brattli er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Jan Otto Eckholm f. 1954 Svena (gnr 168 bnr 115-1e) d. 2019, verkstadarb., g. 1977 m. Astrid Hisdal f. 1959 Bergen, sjå Husøyna (gnr 168 bnr 219-1a). Skøyte 1980 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 året før, og 1981 på tilleggsareal bnr 320 frådelt gnr 168 bnr 308 same året. Huset vart bygd i 1978. Ekteskapet oppløyst, Astrid og Madeleine busette i Øygarden, Astrid er sosionom. Ho flytta sidan til Odda.

Born: a. Raymond Eckholm f. 1977 g. 2006 m. Kjersti Skrudland f. 1980 Bryne, begge lærarar, busette Jørpeland i Strand, Rogaland. Ekteskapet oppløyst. Deira born Aurelia Skrudland Eckholm f. 2007, Isabell Skrudland Eckholm f. 2009 og Oliver Skrudland Eckholm f. 2011. Raymond var samb.m. Ida Helen Finnebråten f. 1999, busette Jørpeland, deira dotter Lilly Helen Finnebråten f. 2017. b. Ronnie Eckholm f. 1980, lærar, g. 2009 m. Eli Synne Myklebust f. 1985 SykkylvenSunnmøre, sosionom, bustad Bergen, deira dotter Maria Myklebust Eckholm f. 2018. c. Madeleine Eckholm f. 1986, bedriftsøkonom, samb.m. Sebastian Erlach f. 1990 Bremen i Tyskland, tømrar, bustad Odda, deira dotter Aria Eckholm Erlach f. 2020.  – Dei tre borna overtok huset i 2019.

2. Anette Valle Sivertsen f. 1976 Bergen samb. 2016 m. Arne Eikeland f. 1978 Meland, bustad Eikeland i Meland, Alver kommune (jf Melandb. I s 346). Han driv Eikeland Trefelling. Skøyte i 2020. Huset vert brukt som fritidsbustad. Arne vart eineeigar i 2022.


Fedje komm.svg Brattli (Fedje gnr 168 bnr 302) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tippetue (Fedje gnr 168 bnr 301) • Neste bolk: Husøyna 52 og 65A/B (Fedje gnr 168 bnr 308)