Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 140)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nyheim
S521.168.140.CD 11 073.jpg
Flyfoto 1961. Brua over Sildevågen framme til venstre, elles den søre delen av Husøyna med gnr 168 bnr 140.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 140
Adresse: Stormarkvegen 122

Nyheim er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Gabriel Stormark f. 1920 (gnr 172 bnr 23-3c) d. 1971 g. 1954 m. Allis Stormark f. 1933 (gnr 172 bnr 11-3a) d. 2013. Skøyte 1957 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 8 i 1955, då kjøpt av Olaf Nyheim, Stormark gnr 172 bnr 4-5b. Dei sette opp hus her i 1958. Gabriel var maskinist på B/F «Prektig». Allis var pleiemedhjelpar frå 1974 til 1979, tok då hjelpepleiarutdanning og arb. Haukeland sjukehus, Bergen.

Born: a. Magnar Stormark f. 1956 g. 1977 m. Randi Dale f. 1952 Askøy, bustad Meland, Alver kommune. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 206. b. Linda Stormark f. 1959, kontormedarbeidar, samb.m. Terje Helgesen f. 1956, bustad Bergen. c. Torbjørn Stormark f. 1961, blikkenslagar, g.m. Kari Våge f. 1962 Bergen, busette der i Åsane. Ekteskapet oppløyst.  – Linda og Torbjørn fekk skøyte i 2006. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Allis samb.m. Jon Hjørnevik f. 1935 d. 2013, bustad Bolstadøyri, Voss.


Fedje komm.svg Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 140) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Austbø (Fedje gnr 167 bnr 12) • Neste bolk: Utheim (Fedje gnr 168 bnr 203)