Solstein (Fedje gnr 168 bnr 44)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solstein
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 44
Adresse: Skotholmevegen 1

Solstein er ein bustadeigedom, no nytta som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Randi Olsd f. 1853 Ytre Oppedal, Gulen d. 1926 (dotter av Ola Sjursen f. 1826 d. 1913 og Ragnhild Rasmusd f. 1818, jf Brekkeb. II s 151 og Masfjordb. I s 277) g. 1884 m. Halvor Olsen Rebnor f. 1860 Austrheim d. 1917 (son av Ola Halvorsen f. 1826 d. 1911 og Inger Olsd f. 1831 d. 1874). Huset vart bygd i 1902. Tidlegare budde dei i Austrheim, først i Kilstraumen og så i Mastrevikane (sjå Austrheimb. II s 63 og III s 358). Skøyte på tomta frådelt gnr 168 bnr 2 i 1924. Halvor var skomakar.

Born: a. Ida Regina Halvorsd f. 1886 d. 1935, fekk med Hans Olsen Bruvik f. 1882 Vaksdal d. 1950 (maskinist, jf Vaksdalb. I s 213, seinare bustad Stord) sonen aa. Harald Hansen Koppen f. 1908 Bergen d. 2000, vaks opp her, seinare eigar (2), sjå òg Husa gnr 168 bnr 104-3. Ida g.m. Andreas Stølås f. 1885 Frønningen, Lærdal i Sogn d. 1965 (jf Leikangerb. II s 419), bustad Aurland i Sogn. b. Oskar Arnt Halvorsen f. 1888 d. 1971, ugift, styrmann på båtar på dei store sjøane i USA, bustad Brooklyn, New York, kom heim og budde her nokre år før han døydde. Oskar fekk skøyte her i 1929 etter foreldra.

2. Harald Koppen f. 1908 på dette bruket (1aa) d. 2000, fiskar og fiskeindustriarb., g. 1941 m. Charlotte Uthaug f. 1912 (gnr 168 bnr 67-1e) d. 1990. Skøyte her i 1947 frå onkelen Oskar. Huset vart bomba 2. desember 1940 og heilt øydelagt, nytt hus vart bygd i 1948.

Barn: a. Ragnhild Koppen f. 1942, førskulelærar, g. 1977 m. Hans Mathias Meisler f. 1938 Røst i Lofoten, bustad Bergen. Ho fekk skøyte i 2000, huset vert brukt som fritidsbustad.


Fedje komm.svg Solstein (Fedje gnr 168 bnr 44) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tongaren (Fedje gnr 168 bnr 37) • Neste bolk: Solheim (Fedje gnr 168 bnr 46)