Solheim (Fedje gnr 168 bnr 46)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 46
Adresse: Stormarkvegen 14

Solheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Olaf Koppen f. 1896 (gnr 168 bnr 2-15e) d. 1957 fekk frådelt huset på gnr 168 bnr 2 i 1925, skøyte same året, sjå gnr 168 bnr 2-16. Han var ugift, arb. som fotograf. Karolina Rasmusd Krossøy f. 1903 Austrheim d. 1972 var hushaldar her (jf Austrheimb. III s 624). Etter at Olaf døydde, budde ho hjå halvsøstera Anna Uthaug (Brotet gnr 168 bnr 77).

2. Bernt Koppen f. 1885 (gnr 168 bnr 2-15a) d. 1944 g. 1929 New York m. Marta Monsd f. 1889 Husa (gnr 168 bnr 8-11e, sjå der) d. 1977 fekk skøyte av broren Olaf (1), først på halvdelen i 1930, og resten i 1934. Som nemnt under gnr 168 bnr 2-15a budde dei i USA. Dei var barnlause.

3. Olai Ophaug f. 1914 (gnr 168 bnr 294-1a) d. 1996 g. 1944 m. Marie Hellesund f. 1917 Øygarden d. 2010. Olai fekk skøyte her frå Marta Koppen (2) i 1959, og flytta hit med familien. Dei budde tidlegare hjå mor hans. Alt i 1925 fekk han skøyte på jorda som hørte til, sjå gnr 168 bnr 2-17. Han var fiskeskipper, m.a. medeigar i M/S «Fisken».

Born: a. Magnhild Odny Ophaug f. 1948 g. 1970 m. Per Opsahl f. 1945 Berge (gnr 168 bnr 79-2c) d. 2017, busette der (3). b. Solveig Ophaug f. 1949 g.m. Jörg Heinrich Erich Krüger f. 1937 Rostock, Tyskland d. 2001, bustad Fevik, Grimstad. Ho flytta sidan til Muren (gnr 168 bnr 72-3).

4. Kjersti Opsahl f. 1977 Berge (gnr 168 bnr 79-3b), helsefagarbeidar, budde før på Svena (gnr 168 bnr 424-3), der borna er ført. Skøyte i 2010, ho er dotter til 3a ovanfor. Huset vart renovert i 2011.


Fedje komm.svg Solheim (Fedje gnr 168 bnr 46) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solstein (Fedje gnr 168 bnr 44) • Neste bolk: Hagen (Fedje gnr 168 bnr 53)