Stormarkvegen 60 (Fedje gnr 168 bnr 424)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormarkvegen 60
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 424
Adresse: Stormarkvegen 60

Stormarkvegen 60 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Fedje kommune bygde i 1998 ein utleigebustad på gnr 168 bnr 343. Tomta vart frådelt i 2003 med nytt bnr 424.

2. Gjermund Havstad f. 1965 Frogn (jf Stormark gnr 172 bnr 166-2) g. 1990 m. Kristin Løkken f. 1969 flytta til Fedje i 1997 i samband med oppkjøp og drift av gnr 169 bnr 47 Vågeneset av Havstad Tinn AS. Ekteskapet oppløyst, ho flytta tilbake til Frogn, der dei budde før.

Born: a. Marte Louvinda Havstad f. 1991 g. 2017 m. Frank Axelsen f. 1985 Viborg i Danmark, bustad Fredrikstad. b. Maren Amalie Havstad f. 1996 samb.m. Anders Herum f. 1993 Ås i Akershus, busette der. c. Fredrik Havstad f. 2001 samb.m. Amanda Eian Enge f. 1999, bustad Bergen.

Gjermund var samb.m. Anne Horne f. 1966 Børhaugen (gnr 168 bnr 33-2d), bustad Bergen.

Barn: d. Lars Harald August Horne Havstad f. 2011.

Gjermund skifta kjønn i 2017 med nytt namn Tonje Havstad, bustad Bergen.

3. Kjersti Opsahl f. 1977 Berge (gnr 168 bnr 79-3b) g. 2005 m. Are Kaale f. 1971 Kvam. Skøyte i 2003. Ekteskapet oppløyst, han vart eineeigar i 2011. Ho flytta til Kopper (gnr 168 bnr 46-4) og han til Husøyna (gnr 168 bnr 242-2), sjå der.

Born: a. Tina Elisabeth Opsahl f. 2000, barne- og ungdomsarbeidar, samb. 2019 m. Julian Steine f. 2001 Gulen, tømrar, busette der. b. Brede Opsahl f. 2003, lakserøktar. c. Ståle Opsahl f. 2005.

4. Gunnar Aalen f. 1959 g. 1982 m. Jane Antonette Hansen f. 1960 Bergen, busette der. Skøyte i 2014. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Tommy Aalen f. 1983, bustad Askøy. b. Marius Aalen f. 1990, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Stormarkvegen 60 (Fedje gnr 168 bnr 424) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stormarkvegen 52 (Fedje gnr 168 bnr 422) • Neste bolk: Stormarkvegen 75 (Fedje gnr 168 bnr 449)