Bergtun (Fedje gnr 168 bnr 79)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 79
Adresse: Sjånesvegen 26

Bergtun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Marie Berg f. 1916 (gnr 168 bnr 21-11h) d. 1998 g. 1937 m. Trygve Bastesen f. 1912 Saltneset, Lindås d. 1988 (son av Ingvald Kornelius Bastesen f. 1883 d. 1973 og Karine Jakobsd f. 1882 d. 1939, jf Mykingb. s 696 og Lindåsb. IV s 23). Skøyte 1940 på denne tomta, utskild same året frå gnr 168 bnr 21 og 22. Tilleggsareal frådelt dei same to bruka i 1948, med bnr 107, og bnr 97 frådelt Midt-Tangen gnr 168 bnr 26 i 1946. Dei sette opp grunnmur i 1941, innreia og flytta inn i kjellaren. Huset stod ferdig i 1946. Trygve var fiskar på Fedje. I 1950 tok familien Bergtun som slektsnamn etter tunnamnet. I 1954 selde dei huset, og flytta til Sandefjord, Trygve arb. kjemisk fabrikk.

Born: a. Asbjørn Magnus Bergtun f. 1937 g. 1960 m. Åshild Olsen f. Sør-Varanger, bustad Sandefjord. Ekteskapet oppløyst. b. Karstein Martin Bergtun f. 1939 d. 2019 g. 1959 m. Anne Margrethe Andersen f. 1941 Kjøpmannskjær på Nøtterøy, bustad Kongsberg. c. Turid Mary Bergtun f. 1944 g. 1964 m. Sigmund Stormark f. 1936 (gnr 172 bnr 30-3a) d. 2014, busette Nygård (gnr 172 bnr 111-2). d. Gunnar Bergtun f. 1947 g. 1968 m. Mari-Ann Hiller f. 1948, bustad Sandefjord. e. Øystein Bergtun f. 1948 g. 1969 m. Else Torun Ringdal f. 1948 Sandefjord, busette der. Ekteskapet oppløyst. f. Kjell Leif Bergtun f. 1951 d. 2015 g. 1975 m. Torund Torgersen f. Hansen 1940, bustad Sandefjord. Ekteskapet oppløyst.

Pensjonistar om lag 1990. Bak frå venstre: Thomas og Olga Thomassen, Ruth og Olav Nilsen. Framme frå venstre: Karoline Opsahl, Petra Gullaksen, Ingeborg Stuberg, Agnes Uthaug.

2. Paul Bernhard Opsahl f. 1907 Radøy d. 1979 (jf Radøyb. V s 459 nr 10f) g. 1936 m. Karoline Johanne Solberg f. 1913 Flatøy, Meland d. 1998 (jf Melandb. II s 309) fekk skøyte her i 1954. Huset vart renovert i 1970. Skøyte tilleggsareal bnr 238 frådelt gnr 168 bnr 21 i 1973, og bnr 239 frådelt Midt-Tangen gnr 168 bnr 26 same året. Dei kom frå Alverstraumen i Lindås, der borna er fødde. Paul var formann på Bjelland frå oppstarten i 1953, Karoline arb. òg der.

Born: a. Klara Marie Opsahl f. 1938, kontormedarbeidar, g. 1960 m. Kaspar Sander Hansen f. 1937 Flatøy i Meland d. 2022, skipper, industriarb., busette der (sjå Melandb. II s 315). b. Kirsten Johanne Opsahl f. 1941 d. 2012 g. 1961 m. Erling Rognsvåg f. 1932 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17f) d. 2005, busette der (18). c. Per Kåre Opsahl f. 1945 d. 2017, neste eigar (3). d. Solveig Ingebjørg Opsahl f. 1948 g. 1966 m. Karstein Solbakk f. 1946 Øygarden d. 2013, bustad Kopper (gnr 168 bnr 106-3).

3. Per Opsahl f. 1945 på dette bruket (2c) d. 2017, kystskipper, losbåtførar, g. 1970 m. Magnhild Ophaug f. 1948 Kopper (gnr 168 bnr 46-3a), fiskeindustriarb. Skøyte her i 1979. Skøyte 1980 tilleggsareal bnr 309 frådelt Midt-Tangen gnr 168 bnr 26, og bnr 310 frådelt gnr 168 bnr 21. Huset vart renovert i 2001 og 2007. Sjå òg Kopper (gnr 168 bnr 2-18).

Born: a. Willy Opsahl f. 1971, bustad Kopper (gnr 168 bnr 160-3). b. Kjersti Opsahl f. 1977, bustad Kopper (gnr 168 bnr 46-4).


Fedje komm.svg Bergtun (Fedje gnr 168 bnr 79) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Berg (Fedje gnr 168 bnr 49) • Neste bolk: Børo