Berg (Fedje gnr 168 bnr 49)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 49
Adresse: Sjånesvegen 30

Berg er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Malene (Malla) Berg (bnr 49-1).

1. Ludvig Karlsen Berg f. 1892 (gnr 168 bnr 21-10h) d. 1966, fiskar, g. 1915 m. Malene Ivarsd f. 1889 Husa (gnr 168 bnr 12-7a) d. 1969. Ludvig reiste til USA i 1910 og arb. på sagbruk i Portland, Oregon nokre år. Skøyte 1927 på denne tomta med våningshuset til Berge, frådelt gnr 168 bnr 22 same året.

Born: a. Gerda Imanda Berg f. 1916 d. 1917. b. Karl Kristoffer Berg f. 1919 d. 1977, neste eigar (2). c. Gerda Imanda Berg f. 1925 d. 1995 g. 1946 m. Malvin Olsen f. 1922 Husa (gnr 168 bnr 63-2b) d. 1989, bygde på Svena (gnr 168 bnr 144). d. Lena Margrethe Berg f. 1929 d. 2010 g. 1952 m. Fritz Olav Rognsvåg f. 1926 Bergen (sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 3-2da) d. 2002, bustad Bergen, seinare Oslo.

2. Karl Berg f. 1919 på dette bruket (1b) d. 1977 g. 1944 m. Dorthea Stuberg f. 1920 (gnr 168 bnr 52-1b) d. 1982, arb. Bjelland. Skøyte her i 1957. Skøyte på tilleggsareal bnr 227 frådelt gnr 168 bnr 21 og 22 i 1971. Karl var kontormedarbeidar Hordafisk i Bergen og seinare Bjelland, likningssekretær frå 1959 og likningssjef frå 1965 til 1974.

Born: a. Liv Margareth Berg f. 1946 d. 2016 g. 1969 m. Sigmund Aga f. 1950 Fitjar, bygde på Svena (gnr 168 bnr 236). b. Leif John Berg f. 1951, neste eigar (3).

3. Leif Berg f. 1951 på dette bruket (2b), kokk sjukeheimen, g. 1977 m. Liv Marit Vestvik f. 1957 Svena (gnr 170 bnr 11-3c), omsorgsarb. Skøyte her i 1982.

Barn: a. Jan Cato Vestvik f. 1973 (Liv Marits son), materielloffiser, g. 1998 m. Kristine Eliassen f. 1973 Hammerfest, bustad Bodø, seinare Bergen og så Straume i Fjell, Øygarden kommune. Ekteskapet oppløyst. Cato samb.m. Elin Berge Taule f. 1974 Bøvågen i Radøy (jf Radøyb. I s 645).


Fedje komm.svg Berg (Fedje gnr 168 bnr 49) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Berge • Neste bolk: Bergtun (Fedje gnr 168 bnr 79)