Vestbakk (Fedje gnr 168 bnr 144)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestbakk
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 144
Adresse: Stormarkvegen 77

Vestbakk er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Malvin Olsen f. 1922 Husa (gnr 168 bnr 63-2b) d. 1989 g. 1946 m. Gerda Berg f. 1925 (gnr 168 bnr 49-1c) d. 1995. Skøyte 1956 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 9 og gnr 168 bnr 50 same året. Huset vart bygd i 1958, tidlegare budde dei på Husa. Skøyte 1960 på tilleggsareal bnr 173 frådelt gnr 168 bnr 9 og gnr 168 bnr 50 same året. Malvin var fiskeskipper, m.a. medeigar i M/S «Nordøysund». Gerda var kontormedarbeidar i kommunekassen, konstituert kommunekasserar 1976-1979.

Barn: a. Thordis Olsen f. 1952 g. 1972 m. Edvard Koppen f. 1952 (gnr 168 bnr 127-1b) d. 2020, bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 240). Thordis fekk heimelen her etter foreldra.

2. John Erik Evensen f. 1956 Hummelsund i Sund, los, arb. trafikksentralen, g. 1979 m. Rigmor Karin Råke f. 1953 Solund i Sogn (sjå Solundb. I s 452), butikkmedarb. Far til Rigmor er brorson til Petrine Tresnes (gnr 171 bnr 1-2). Leigetakarar her frå 1995 til 1997, dei budde tidlegare i Sandnessjøen (i Alstahaug). Han flytta til Hummelsund (jf Sundb. II s 382). Ekteskapet oppløyst 1997. Hennar bustad Stavanger.

3. Yvonne Elisabeth Sæther, Beiarn i Nordland f. 1961, hjelpepleiar, g. 1986 m. Arild Håvik f. 1963 Fusa (jf Fusab. IV s 26), stillasbyggjar. Skøyte her i 1997. Dei kom frå Fusa i 1995. Dei flytta til Forland i Sund (sjå Sundb. II s 279), no i Øygarden kommune.

Born: a. Ruben Håvik f. 1988, bustad Forland. b. Isabelle Håvik f. 1990 g. 2018 m. Adrian Oliver Wasa f. 1990 Nordvågen, Nordkapp, bustad Horten. c. Nichlas Sæther Håvik f. 1993, bustad Bergen.

4. Morten Norstrand f. 1974 Husa (gnr 168 bnr 215-1a) g. 2003 m. Heny Gullaksen f. 1980 Husøyna (gnr 168 bnr 193-1a). Skøyte i 2002. Dei bygde hus i Husøyna (gnr 168 bnr 445-1), sjå meir der.

5. Sten Rune Telle f. 1949 Bergen, oppvaksen ved Eigerøy fyr, Eigersund g. 1971 m. Ingrid Langeland f. 1948 Bergen, busette der. Skøyte i 2009. Huset brann ned i 2015, og nytt hus vart bygd i 2017. Det vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Marthe Lene Telle f. 1975 g. 2001 m. Jakob Anders Larsson f. 1975, bustad Førde i Sunnfjord. Ekteskapet oppløyst. b. Agnete Telle f. 1979 g. 2008 m. Erik Ariansen f. 1972 Sarpsborg, bustad Ytre Arna i Bergen.


Fedje komm.svg Vestbakk (Fedje gnr 168 bnr 144) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Parktun (Fedje gnr 168 bnr 138) • Neste bolk: Gimle (Fedje gnr 168 bnr 163)