Gimle (Fedje gnr 168 bnr 163)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gimle
S452.168.163.IMGL0380.jpg
Fedje skule frå baksida i 2021, med det eldste bygget til venstre. I bakgrunnen Fedjefjorden og fjell i Gulen.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 163
Adresse: Stormarkvegen 55

Gimle er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk i 1958 skøyte på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 7 same året. Ny skule vart bygd her i 1960. Samstundes vart skulene på Stormark og Kopper nedlagde. Skøyte 1970 på tilleggsareal bnr 222 frådelt Husa gnr 168 bnr 125 (jf gnr 168 bnr 48). Andre byggetrinn med symjehall og klasserom vart bygd i 1974. Det er ein kombinert barne- og ungdomsskule.

2. Gudrun og Arne Aarland budde i husværet på skulen frå 1960 til dei bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 221), sjå der. Arne var samstundes vaktmeister.

3. Marion og Thor Inge Senneseth budde her frå 1975, seinare bustad Husøyna (gnr 168 bnr 278), sjå der. Seinare vart husværet ombygd til kontor for skuleadministrasjonen.


Fedje komm.svg Gimle (Fedje gnr 168 bnr 163) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vestbakk (Fedje gnr 168 bnr 144) • Neste bolk: Maihaugen (Fedje gnr 168 bnr 171)