Sørhaug (Fedje gnr 172 bnr 29)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørhaug
S502.172.29.Skulehuset.jpg
Det gamle skulehuset på Stormark i 2021.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 29
Adresse: Banevegen 21

Sørhaug er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Fedje skulekommune fekk skøyte på tomt frådelt gnr 172 bnr 1 i 1922. Det vart bygd skulehus her i 1922, som vart brukt for Stormark krins. Det var husvære for læraren i 2. høgda. Tidlegare var det omgangsskule på Stormark, etter at det vart eigen skulekrins her i 1897. Det var læraren ved Fedje skule som òg skulte her, før det vart vedteke i 1916 at Stormark skulle ha eigen lærarpost. Det var vanskeleg å få søkjarar, og den første læraren tok til først i 1918, det var Synnøve Midttveit f. 1897 Telavågen, Sund d. 1982 (jf Sundb. IV s 739). Magnhild Nordanger f. 1899 Radøy d. 1994 Osterøy (jf Radøyb. I s 164) vart konstituert for året 1921. Før skulehuset stod ferdig, vart ikkje lærarane verande lenge her (sjå Fedjeboka s 105).

I 1960 vart det bygd ny skule på Svena (gnr 168 bnr 163), og Stormark skule krins vart nedlagd. I 1962 vart skulebygget skøytt til innbyggjarane i Stormark krins. I dei seinare åra er det grendalaget som har teke seg av huset og pussa det opp.

2. Gjertrud Halsøy f. 1900 Bulandet, Askvoll i Sunnfjord d. 1978 (jf Askvollb. 118 s 759) var lærar frå 1922 til 1925. Ho var seinare lærar i Askvoll, budde dei siste åra i Bergen.


3. Anders Padøy f. 1897 Lindås d. 1974 (son av Brita Andersd f. 1858 d. 1932 og Johannes Johannessen Padøy f. 1854 d. 1943, sjå Hosangerb. I.2 s 369) g. 1927 m. Klara Bergitte Olsd Hernar f. 1906 Øygarden d. 1981 (dotter av Ola Kristensen Hernar f. 1872 d. 1911 og Paulina Marie Sjursd f. 1874 d. 1946, ho budde hjå Klara). Klara sin far var bror til Johan Kongestøl gnr 169 bnr 9-2, sjå der. Padøy var først lærar her frå 1921 til 1922. Så tok han lærarskulen, og vart fast tilsett i 1925. Han vart verande til 1943, då han overtok ei stilling i Mostraum, Modalen, og familien flytta dit. I 1946 fekk han lærarstilling på Bysheim, Osterøy, og familien busette seg der på Litland, jf Hosangerb. I.1 s 200.

Born: a. Oddmund Padøy f. 1927 d. 1957, skipskokk, g. 1956 m. Målfrid Solberg f. 1924 Herland på Osterøy d. 2012, busette der på Litland (sjå Hosangerb. I.1 s 202 og 543). Målfrid oppattgift m. Peder Hella f. 1927 Radøy d. 1990 (jf Radøyb. II s 278), bustad Åsane i Bergen. b. Bjørg Padøy f. 1928 d. 2014 g. 1957 m. Per Brynie f. 1923 Stavanger d. 2009, busette der, seinare Bergen. c. Jostein Padøy f. 1930 d. 11 md gl. d. Jostein Padøy f. 1931 d. 2012, stuert, g. 1.g. 1956 m. Gerd Evelyn Uranes frå Ålesund, budde der og på Stranda, es. oppløyst, g.2.g. 1981 m. Svanhild Brith Hølland f. 1945 Halsnøy i Kvinnherad, busette der. Ekteskapet oppløyst. e. Anfinn Padøy f. 1933, teknikar, g. 1961 m. Anne Kristine Dalene f. 1937 Bergen, bustad Ågotnes i Fjell, seinare Bergen. f. Magnhild Padøy f. 1934 g. 1957 m. Martin Fosse f. 1933 Festo i Lindås d. 2014, bustad Fosse, Alversund i Lindås (jf Alversundb. II s 409 og Lygrab. s 445). g. Kjellaug Padøy f. 1936, sjukepleiar, g. 1968 m. Tore Holger Jæger f. 1940 Bergen, busette der. h. Lillian Oliva Padøy f. 1938 g. 1958 m. Bertin Kåre Tysse f. 1939 Tysse på Osterøy d. 2012, busette der (jf Hosangerb. I.2 s 140). i. Johannes Padøy f. 1939 d. 2017 g.1.g. 1962 m. Solveig Karin Rolland f. 1940 Arna i Bergen d. 2021 (jf Hausb. II s 18), bustad Fana i Bergen, seinare Åsane i Bergen, es. oppløyst, g.2.g. 1987 m. Margot Else Hope f. 1941 Litlås i Austrheim (jf Austrheimb. I s 116), bustad Åsane. Ho flytta til Fonnes i Austrheim.

4. Haldri Bertine Storevik f. 1897 Fitjar d. 1974 (dotter av Oline Kristoffersd f. 1875 d. 1964 og Endre Amundsen Storevik f. 1875 d. 1953, jf Fitjarb. I s 599 og 613) g. 1918 m. Lars Gåsemyr f. 1896 Breim, Gloppen i Nordfjord d. 1967 (son av Malena Andersd f. 1871 og Johan Larsen Gåsemyr f. 1868, jf Gloppenb. V s 624). Etter nokre år med kortvarige læraropphald (sjå Fedjeboka s 126), var Haldri lærar her frå 1947 til 1958, og familien flytta hit med dei tre yngste borna. Lars var lærar m.a. på Rongevær skule i Austrheim. Dei kom då frå Hjellvik skule, Osterøy, der Haldri var lærar frå 1941 til 1947. Tidlegare budde dei i Seim, Lindås, der Haldri var lærar frå 1919 til 1921 og seinare vikarlærar, og Lars lærar og kyrkjesongar frå 1919 til 1945, jf Alenfitb. IIA s 342. Dei flytta til Bømlo i 1958. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 24-2.

Born: a. Malena Gåsemyr f. 1919 d. 2004 g. 1945 m. Karl Tangen f. 1914 Grendaberget (gnr 168 bnr 32-lf) d. 2009, bygde på Muren (gnr 168 bnr 71-2). b. Johan Gåsemyr f. 1920 d. 2001, organist, bustad Bergen, seinare Svortland på Bømlo. c. Oddrun Ingegjerd Gåsemyr f. 1922 d. 2006, sjukepleiar, bustad Bergen. d. Ingeleiv Gåsemyr f. 1923 d. 2006, bustad Bergen, så Radøy og sidan Seim i Lindås. e. Eldbjørg Gåsemyr f. 1925 d. 2012, sydame, g. 1951 m. Mikael Ones f. 1925 Alversund i Lindås d. 1979, budde der (jf Alversundb. I s 76). Ekteskapet oppløyst, ho flytta til Bergen. f. Aud Åshild Gåsemyr f. 1926 d. 2021 g. 1953 m. Eirik Moen f. 1912 Voll i Romsdal d. 2002, bustad Molde. g. Endre Martin Gaasemyr f. 1929 d. 2013, møbelsnikkar, vaktmeister, g. 1976 m. Anna Olina Teigland f. 1927 Åsane i Bergen, busette der (jf Åsaneb. III s 28). h. Lars Gåsemyr f. 1931 d. 2016, lærar/rektor, han var lærarvikar på Fedje skule 1954/1955, g. 1955 m. Magnhild Storheim f. 1932 Bergen, busette der. i. Unni Gåsemyr f. 1932 d. 2015, husstellærar, g. 1970 m. Johannes Selle f. 1924 Svortland på Bømlo d. 2008 (jf Bømlob. II s 58), busette der. j. Hallfrid Gåsemyr f. 1934, ho var lærarvikar på Fedje skule 1953/1954, g. 1959 m. Åsmund Fjellanger f. 1932 Våge i Lindås (jf Lindåsb. III s 55 og 236), begge lærarar, bustad Bergen. k. Gerd Bergljot Gåsemyr f. 1936 d. 2015, sjukepleiar, g.m. Felix Lozano f. 1932 Spania d. 2007, bustad Oslo, seinare Zaragoza i Spania. l. Dag Arnljot Gåsemyr f. 1937, lærar, g. 1964 m. Eldbjørg Taklo f. 1942 Nordfjordeid i Eid d. 2019, bustad Hafslo i Luster, seinare Torvastad på Karmøy.

– Etter at to lærarar hadde vore her eitt år kvar, jf Fedjeboka s 126, vart skulen som nemnt nedlagd i 1960.


Fedje komm.svg Sørhaug (Fedje gnr 172 bnr 29) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 27) • Neste bolk: Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 30)