Solvang (Fedje gnr 172 bnr 24)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solvang
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 24

Solvang er ein eigedom, tidlegare med bustad, i Fedje kommune.

1. Elen Sjursd f. 1894 Stormark (gnr 172 bnr 30-1i) d. 1956 g. 1914 Hjelme m. Hilmar Emil Martin Mariussen Stormark f. 1894 Sulo i Øygarden d. 1949. Hilmar var bror til Magdalena Ophaug (gnr 168 bnr 13-23), sjå der. Skøyte 1920 for 1200 kr på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 2 same året. Dei sette opp hus her. Det vart selt og flytta til Flatøyna, Meland før krigen. Hilmar var m.a. reserveassistent i 14 år på Holmengrå fyr (gnr 173 bnr 1-10), sjå der.

Pleiedotter: a. Anna Stormark f. 1919 Dalstrøm, Bergen d. 1984, ugift.

Etter at Hilmar var død, budde Elen og Anna i Hesthaugen (gnr 169 bnr 55-2).

2. Lars Gåsemyr fekk skøyte på dette bruket i 1951, som no omfattar berre jord. Han og kona var lærarar, sjå Stormark gnr 172 bnr 29-4, der familien er ført. Borna deira fekk tinglyst heimel her i 1996. Frå 2011 er borna til dottera Malena eigarar, sjå Muren (gnr 168 bnr 71-2).


Fedje komm.svg Solvang (Fedje gnr 172 bnr 24) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Myrdal (Fedje gnr 172 bnr 23) • Neste bolk: Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 27)