Kveldsol (Fedje gnr 169 bnr 55)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kveldsol
S369.169.24.CD 12 073.jpg
Tyskarjeep utanfor sjukestova i Hesthaugen (bnr 55).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 55

Kveldsol er ein eigedom i Fedje kommune.

1 . Under krigen sette tyskarane opp eit hus som dei brukte til sjukestove. Fedje kommune fekk skøyte i 1949, tomta vart frådelt gnr 169 bnr 2 og gnr 169 bnr 15 same året. Det var meininga å byggja ein gamleheim her. Huset vart utleigt etter krigen, til det vart rive sist på 1960-talet. No står berre murane igjen.

Leigetakarar

2. Elen Stormark f. 1894 d. 1956 og pleiedottera Anna f. 1919 d. 1984, sjå Stormark gnr 172 bnr 24-1, budde her frå 1949 til Elen døydde. Då flytta Anna til Kahrsneset, Sulo gnr 169 bnr 65.

3. Peder Lanes f. 1879 Balsfjord i Troms d. 1965 g. 1939 m. Anna Torine Ytre-Hauge f. 1888 Bremanger i Nordfjord d. 1968 (jf Bremangerb. III s 291) budde her frå 1949, då han gjekk av som fyrvaktar på Holmengrå fyr, sjå der (gnr 169 bnr 3-13). Dei flytta til Nordfjordeid (Eid kommune) i 1963, og sidan til Vågsøy.

4. Kristen Nilsen f. 1931 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-7g) d. 2022 g. 1957 m. Ruth Storemark f. 1933 (gnr 172 bnr 96-la) d. 2018 budde her frå giftarmålet til 1968, då dei bygde i Sulo gnr 169 bnr 64, sjå der.

Fedje komm.svg Kveldsol (Fedje gnr 169 bnr 55) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Utsikten (Fedje gnr 169 bnr 24) • Neste bolk: Sjøholt (Fedje gnr 169 bnr 59)