Knatten (Fedje gnr 172 bnr 96)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knatten
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 96
Adresse: Stormarkvegen 345

Knatten er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Jakob Storemark f. 1905 (gnr 172 bnr 33-lg) d. 1959, stuert, g. 1932 Rotterdam m. Magda Olivia Rasmussen f. 1905 Bergen d. 1985 (dotter av Hans Mathias Rasmussen f. 1866 og Anne Margrete f. Hermansen 1870). Skøyte 1938 på tomt frådelt gnr 172 bnr 27 i 1936. Huset vart bygd i 1938. Tidlegare budde dei i Bergen.

Born: a. Ruth Storemark f. 1933 d. 2018 g. 1957 m. Kristen Nilsen f. 1931 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-7g) d. 2022, bygde i Sulo (gnr 169 bnr 64). b. Ellinor Storemark f. 1936 g. 1961 m. Anders Rognsvåg f. 1930 (gnr 167 bnr 1-6a) d. 2010, bygde der (gnr 167 bnr 9). c. Bodil Storemark f. 1938, reinhaldar, g. 1962 m. Jakob Magnar Johansen f. 1932 Veidholmen, SmølaNordmøre d. 2016, vaktmeister, busette der. – Dei tre borna fekk skøyte i 1975.

2. Fridtjof Otto Ullebust Hole f. 1925 g.m. Wenche Karin Lefebvre f. Thomsen 1931, begge frå Bergen, busette der, fekk skøyte her i 1986. Huset vart brukt som feriebustad.

3. Ørjan Borge f. 1960 Stormark (gnr 172 bnr 5-4a, sjå der), sjåfør, g. 1982 m. Odrun Kristin Pettersen f. 1963 Mo i Rana, heimehjelp, budde før i Bergen. Skøyte i 1999. Garasje vart  bygd i 2020.

Born: a. Jan Erling Borge f. 1983, bustad Svena gnr 168 bnr 121-3. b. Lisbeth Borge f. 1985, sjukepleiar, samb.m. Anders Rosø f. 1981 Sandane i Gloppen, lege, bustad Vassenden i Jølster, Sunnfjord kommune. c. Henrik Borge f. 1995, maskiningeniør, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Knatten (Fedje gnr 172 bnr 96) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sørheim (Fedje gnr 172 bnr 95) • Neste bolk: Nordby (Fedje gnr 172 bnr 97)