Maihaugen (Fedje gnr 168 bnr 171)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Maihaugen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 171
Adresse: Rognsvågen 8

Maihaugen er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Oskar Tangen f. 1905 Grendaberget (gnr 168 bnr 32-1b) d. 2000 g. 1936 m. Emma Dagny Instefjord, Askøy f. 1911 d. 2005 (jf Brekkeb. II s 321 og Masfjordb. II s 1021). Skøyte 1960 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 11 same året. Huset vart bygd i 1961. Tidlegare budde dei i lærarhusværet på Kopper (gnr 168 bnr 34-6). Oskar var lærar på Fedje frå 1935, skuleinspektør frå 1951, og skulestyrar/skulesjef frå 1967 til 1972. Han var ordførar frå 1948 til 1975. I tillegg var han organist i 40 år frå 1941.

Born: a. Tore Tangen f. 1940 g. 1963 m. Agnes Johanne Seim f. 1936 Bergen (jf Alenfitb. II s 200), førskulelærar, busette der, Tore var sokneprest i Mariakyrkja frå 1982, i Olsvik frå 1991. Tidlegare var han prest i Austrheim og Fedje 1965-1970 (sjå Austrheimb. III s 85), Hafslo i Sogn og på Fitjar (jf Fitjarb. II s 297). b. Gerd Tangen f. 1942 d. 2023 g. 1964 m. Einar Thomassen f. 1941 Kopper (gnr 168 bnr 4-6e), bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 203). c. Oddrun Eldbjørg Tangen f. 1945, sjukepleiar, g. 1970 m. John Fykse f. 1946 Nedreås i Lindås (jf Mykingb. s 237), tannlege, bustad Straume i Fjell, Øygarden kommune. Ekteskapet oppløyst, han flytta til Nedreås, no i Alver kommune. d. Ottar Magnar Tangen f. 1947 g. 1975 m. Aud Helleland f. 1953 Vik i Sogn, bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 321).

2. Svein Ove Steffensen f. 1954 Bergen g. 1980 m. Henny Oddhild Lyngved f. 1956, bustad Åsane i Bergen. Skøyte i 2006. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Barn: a. Eirik Andreas Steffensen f. 1991, bustad Åsane.


Fedje komm.svg Maihaugen (Fedje gnr 168 bnr 171) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Gimle (Fedje gnr 168 bnr 163) • Neste bolk: Haugatun (Fedje gnr 168 bnr 175)