Kopper (Fedje gnr 168 bnr 4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopper
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 4
Adresse: Kopper 20C

Kopper er eit gardsbruk i Fedje kommune, med adresse Kopper 20C.

1. Per Henriksen f. 1713 Grima, Gulen d. 1777 (son av Henrik Hansen f. 1682 d. 1764 og Johanna Jakobsd, jf Gulenb. III s 330 nr 33) g. 1746 m. Anna Guttormsd f. 1722 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-7h). Ho levde ifølgje ei militær rulle frå 1778. Dødsfallet er ikkje ført i kyrkjeboka. Per fekk tinglyst bygselsetel 1746 frå fru Gjertrud Dankertsen på 13½ mark smør, eller ¼ av Kopper. Med utskiljinga av gnr 168 bnr 3 i 1747 vart det såleis fire bruk på Kopper. Dei var brukarar til Per døydde. På sommartinget i Lindås i 1748 vart Per stemna av jordeigaren Joakim Dankertsen. Bakgrunnen var at Per hadde innlosjert fleire fiskarar frå Gulen under vårsildfisket, utan at jordeigaren hadde gjeve lov til det. Per forklarte at dei hadde komme til han ein kveld og kravd hus for natta, og han kunne ikkje nekta dei det. Dei vart verande i tre døgn. Per og Dankertsen vart forlikte ved at Per lova ikkje å gjera dette meir, og å betala 1 ort til dei fattige. Men saka syner at det var vanleg at det kom folk ut til Fedje under vårsildfisket, og at dei vart innlosjerte her.

Born: a. Henrik Persen f. 1747 d. 1749. b. Guttorm Persen f. 1748 d. 5 dagar gl. c. Magdeli (Malena) Persd f. 1749 d. 1802 g. 1782 m. Erik Rasmussen f. 1756 Villanger, Radøy d. 1798 (jf Radøyb. I s 276), matros, bustad Bergen. d. Henrik Persen f. 1752 d. 1758. e. Kari Persd f. 1754 d. 1758. f. Guttorm Persen f. 1756 d. 1758. Desse tre borna vart jordfesta same dag. g. Henrik Persen f. 1759 g. 1780 m. Marta Jakobsd f. Børo (gnr 168 bnr 24-12b). Dei måtte ha kongeleg løyve til bryllaupet fordi dei var tremenningar, men det har vore uråd å finna ut kven som var deira felles oldeforeldre. Dei fekk dottera ga. Anna Henriksd f. 1779 før dei vart gifte. Ifølgje ei militær rulle budde dei i Bergen i 1792. h. Hans Persen f. 1762 d. 15 dg. gl. i. Kari Persd f. 1764 d. 1815 g. 1802 m. Ola Jensen f. 1780 Kopper (gnr 168 bnr 2-8c) d. 1828, busette der (9).

Det var skifte etter Per i 1777. Arvingane var kona Anna og dei tre gjenlevande borna. Lausøyren i buet vart oppteld til vel 35 rdl, men då jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg kom med eit krav på 55 rdl for skattar og andre utlegg, vart det underskot i buet og ingenting til arv. Av eiga var det m.a. ein firkeipingsbåt med segl vurdert til 5 rdl.

I Baltimore i USA rundt 1930, Godfred Gullaksen (til venstre, jf bnr 58) og Johannes Sakarias Thomassen eller Tom Pedersen (4e).

2. Sissel Rasmusd f. 1751 Grenda (gnr 168 bnr 17-8c) d. 1829 g. 1778 m. Knut Monsen f. 1754 Berge (gnr 168 bnr 21-4b) d. 1835. Bygsel 1777 frå Dankert Dankertsen Heiberg på 1 pund 3 merker fisk (¼ av Kopper). Knut vart tilsett som fastlos frå 1786 ifølgje Bergen losrulle. Ved folketeljinga 1801 budde Sissel og Knut her saman med dottera Turi og drengen Brynjel Olsen 16 år (seinare på Krossøyna, sjå Brotet gnr 168 bnr 16-9b). Takseringa for jordavgifta 1802 er lik dei andre 3 bruka på Kopper: Utsåd 2 tn korn, avling 3 tn, eller mange år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 rdl.

Born: a. Ivar Knutsen f. 1780 d. 15 veker gl. b. Rasmus Knutsen f. 1781 d. 1861 g.1.g. 1800 m. Mari Ingebrigtsd f. 1760 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-8e) d. 1818, brukarar der (gnr 168 bnr 20-3). c. dødfødd son f. 1786. d. Turi Knutsd f. 1788 d. 1870 g.1.g. 1810 m. Ola Mikkelsen f. 1789 Muren (gnr 168 bnr 18-11b) d. 1811, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 1b-1). e. Mons Knutsen f. 1792 d. 1794.

3. Johanna Larsd f. 1800 Haveland d. 1888 (dotter av Lars Johannessen f. 1756 d. 1805 og Inger Mathiasd f. 1760 d. 1850, sjå Gulenb. I s 453) g. 1834 Gulen m. Johannes Sjursen f. 1803 Sætenes d. 1880 (son av Sjur Endresen f. 1753 d. 1805 og Randi Trondsd f. 1767 d. 1805, jf Gulenb. II s 455). Ingen born. Johannes var med i formannskapet i Lindås herad frå 1840 til 1843. Bygsel 1834 på 1 pund 3 merker fisk frå Kristoffer Kahrs. Matrikkelen 1838 syner at den nye skylda vart sett til 3 ort 1 skilling eller som før ¼ av heile Kopper. I 1855 hadde dei 5 storfe og 20 sauer, og sådde 1¼ tn havre og 1 tn potet. Tala for 1865 var 7 storfe og 9 sauer, og 1½ tn av både havre og potet. Dei budde her saman med tenestejentene Brita Hansd (Brotet gnr 168 bnr 16-13a) og Gjertrud Halvorsd (neste brukar), ho vart oppfostra her etter at mora døydde i 1849. Dei gav frå seg bygsla i 1868 til nemnde Gjertrud og mannen Thomas mot kår i garden. I 1875 hadde dei sjølve 2 kyr og 4 sauer, så det var eit bra kår. Ved skiftet etter Johanna i 1889 synte det seg at ho hadde testamentert halve buet på netto 496 kr til fosterdottera Gjertrud Halvorsd. Den andre halvparten gjekk til slektningane i Gulen og Solund.

Frå venstre: Gjertrud (4), Torborg, Johan (5), Thomas, Petra, Dorthea, Bertha og Gunhild Koppen. 1909.

4. Gjertrud Halvorsd f. 1844 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-14e) d. 1924 g. 1868 m. Thomas Persen f. 1846 Langedalen (gnr 169 bnr 5-5f) d. 1887. Som nemnt under nr 3 fekk dei bygselbrev her i 1868, frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Matrikkelen 1890 syner at ny skyld vart vurdert til 1 mark 14 øre. Dei dreiv med fiske og jordbruk. I 1875 hadde dei 3 kyr, 2 kalvar og 8 sauer, og sådde 1½ tn både med havre og potet. Dei hadde då som losjerande Marta Olsd f. 1837 (Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-13b), ho arbeidde ved torvbruket.

Born: a. Berta Marie Thomasd f. 1869 d. 1887. b. Per Mikal Thomassen f. 1872 d. 1887. c. Thomas Johan Thomassen Koppen f. 1876 d. 1968, neste brukar (5). d. Helene Thomasd f. 1879 d. 1952 g.m. Ole Ingebrigtsen Nordvik f. 1868 Austevoll d. 1955, budde i Brandasund (sjå Fitjarb. I s 234). e. Johannes Sakarias Thomassen f. 1882, utvandra til USA 1902, budde i Chicago, kalte seg Tom Pedersen, g.m. svensk enkje Olga. f. Herman Martin Pedersen f. 1886 d. 1966, utvandra til USA 1906, g.m. Terja Osmundsd Engebu f. 1884 Birkenes, Aust-Agder d. 1966, sjå Kopper gnr 168 bnr 106-2.

Den 28. februar 1887 omkom Thomas og borna Per Mikal og Berta Marie på sjøen under utsetjing av liner, saman med søstersonen Arne Monsen f. 1862 Husa (gnr 168 bnr 9-8c). Ingen vart attfunne.

5. Johan Thomassen Koppen f. 1876 på dette bruket (4c) d. 1968 g. 1900 m. Dorthea Olsd f. 1878 Nordøyna, Øygarden d. 1956 (dotter av Synneva Larsd f. 1853 d. 1908 og Ole Olsen f. 1847 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-18g, sjå der) d. 1931). Johan fekk skøyte tinglyst i 1905 frå Fedje Torvkompagni for 1800 kr og kår til mora, men inngjekk kjøpekontrakt alt i 1898. Etter utskiftinga av innmarka vart huset flytta frå fellestunet ved Koppersevja i 1901. Det vart samstundes bygd på. Næringa var fiske og jordbruk. Dei hadde fire kyr og ein del sauer. I 1946 vart halvdelen av jorda frådelt, med ein firedel kvar til døtrene Petra og Torborg.

Dorthea og Johan Koppen (5) med barneborn, 1942. Øvst frå venstre: Otto, Mary, Bergliot, Trygve G, Jan. 2. rekkje frå venstre: Gunvor, Else, Kirsten, Solveig, Margaret, Dagny. 1. rekkje frå venstre: Thorleif, Leif, Trygve T, Kåre, Johan jr, Alf, Dorthea, Einar, Torbjørn, Johan sr, Larry, Kristoffer.
Ungdomsbilde av søstrene Petra (5c) og Torborg (5d) Koppen.
Born: a. Bertha Marie Koppen f. 1901 d. 1977 g. 1923 m. Monrad Gullaksen f. 1899 Grenda (gnr 168 bnr 17-16b) d. 1988, budde der (17). b. Gunhild Serenina Koppen f. 1902 d. 1990 g. 1928 m. Karl Bjarne Normann Hansen f. 1898 Bergen d. 1957, butikkeksp., budde der, ho var butikkeksp. og dreiv seinare eigen forretning. c. Petra Oline Koppen f. 1904 d. 1995 g. 1925 m. Godfred Gullaksen f. 1901 Grenda (gnr 168 bnr 17-16c) d. 1980, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 58-1). d. Torborg Olina Koppen f. 1906 d. 1989 g. 1928 m. Karsten Thoresen f. 1902 Horten d. 1969, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 70-1). e. Thomas Johan Thomassen f. 1907 d. 1994, neste brukar (6). f. Daniel Koppen f. 1909 d. 1920. g. Laura Marie Koppen f. 1912 d. 1937 g. 1934 m. Karl August Martin Mjøs f. 1895 Radøy d. 1970, budde der (jf Radøyb. I s 216). h. Olga Helena Koppen f. 1914 d. 2009 g. 1937 m. Jakob Lunde f. 1900 Radøy d. 1976, sjå Kopper gnr 168 bnr 106-1. i. Johannes Koppen f. 1917 d. 1942, døydde ved ulykke i båt i Buenos Aires, Argentina, gravlagd der. j. Herborg Terja Koppen f. 1920 d. 2009 g. 1954 m. Knut Løvaas f. 1916 Konnerud i Skoger, Drammen d. 1992, busette der, han arb. jernbaneverkstad, sjå òg Stormark gnr 172 bnr 95-5.
M/S «Sversling» på størjefiske i 1950-åra. Godfred Gullaksen framme, Thomas Thomassen bak.

6. Thomas Thomassen f. 1907 på dette bruket (5e) d. 1994 g.1.g. 1931 m. Konstanse Uthaug f. 1909 (gnr 168 bnr 67-1c) d. 1949 (tub.). Thomas var fiskar og kvalfangar, m.a. medeigar i M/S «Sversling». Han fekk skøyte her i 1947, etter at halve jorda var frådelt året før.

Born: a. Johan Daniel Thomassen f. 1933 d. 2021 g. 1960 m. Berit Nilsen f. 1939 Bergen, busette der, sjå òg Stuberg gnr 168 bnr 52-5. b. Kåre Bjarne Thomassen f. 1934 d. 2022 g. 1956 m. Ragnhild Svellingen f. 1935 Øygarden, bygde på Kopper (gnr 168 bnr 179). Han var eigar av bnr 4 frå 1997 til 2017. c. Trygve Karstein Thomassen f. 1936 d. 2018 g. 1963 m. Oddny Svellingen f. 1944 Øygarden (søster til Ragnhild g.m. b., sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-18g og Stormark gnr 172 bnr 3-2), busette Svena (gnr 168 bnr 191). d. Leif Magnus Thomassen f. 1937 g. 1961 m. Ishbel Park f. 1942 Skottland d. 1995, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 189). e. Einar Thomassen f. 1941 g. 1964 m. Gerd Tangen f. 1942 Svena (gnr 168 bnr 171-1b) d. 2023, busette i Husøyna (gnr 168 bnr 203).

Enkjemannen Thomas g.2.g. 1954 m. enkja Olga Tangen f. Jacobsen 1917 Bergen d. 2015, pleiemedhjelpar, sjå Muren gnr 168 bnr 71-1. Tomta med huset og naust vart frådelt i 1995 med nytt gnr 168 bnr 394, sjå der.

7. Geir Thomassen f. 1957 Kopper (gnr 168 bnr 179-1a), datateknikar, g. 1979 m. Linda Fauskanger f. 1960 frå Arna i Bergen (sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 7-1ca), hjelpepleiar, bustad Knarvik, no Alver kommune. Skøyte på bnr 4 i 2017 (jf 6b ovanfor). Eit fritidsbygg med båtplass vart bygd her i 2013.

Born: a. Geir André Thomassen f. 1982 g. 2009 m. Lena Christine Erichsen f. 1982 Vefsn, bustad Arefjord i Fjell, Øygarden kommune. b. Daniel Thomassen f. 1985 g. 2008 m. Silje Marøy f. 1986 Radøy (jf Radøyb. I s 571), bustad Hjertås i Meland, Alver kommune. c. Alexander Thomassen f. 1986 g. 2010 m. Birthe Stien f. 1985 Askøy, bustad Holme i Meland, seinare Vinnes i Fjell, Øygarden kommune. Ekteskapet oppløyst, ho flytta til Holsen i Førde, Sunnfjord kommune. Alexander samb. 2019 m. Silje Lobekk Andersen f. 1991 Bergen, bustad Foldnes i Fjell, Øygarden kommune. d. Maria Thomassen f. 1990 g. 2012 m. Sondre Gran Sørskår f. 1991 Hommersåk i Sandnes, busette der.

Intervju

  • Intervju med Thomas Thomassen ved Thore Gullaksen.



Fedje komm.svg Kopper (Fedje gnr 168 bnr 4) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 3) • Neste bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 30)