Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uthaugen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 20
Adresse: Muren 20

Uthaugen er ein tidlegare gard i Fedje kommune. Det som er att av eigedomen vert brukt som fritidsbustad.

1. Femja Ingebrigtsd f. 1763 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-8f) d. 1793 g. 1785 m. Jonas Olsen f. 1758 Solend, Austrheim d. 1798 (jf Austrheimb. I s 591). Jonas var bror til Johanna Vika (gnr 168 bnr 28-10) og Ola Husa (gnr 168 bnr 11-3), sjå der. Han var los. Som nemnt under Uthaugen gnr 168 bnr 14-8 vart garden delt, og Femja og Jonas fekk bygselbrev i 1784 på halve bruket frå Dankert Dankertsen Heiberg. Seinare innførslar i panteregisteret syner at dette bruket fekk tre firedelar av Uthaugen si landskyld, slik at den parten som vart lagt under Opphaugen berre var ein firedel.

Born: a. Ola Jonasen f. 1786 d. 1837 g. 1.g. 1816 m. Kari Kristiansd f. 1786 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-10c) d. 1828, brukarar der (12). b. Brita Jonasd f. 1788 d. 1792. c. Rasmus Jonasen f. 1791 d. 1820 g. 1820 m. Brita Mikkelsd f. 1798 Muren (gnr 168 bnr 18-11f) d. 1860, budde der (12).

Det var skifte etter Femja i 1794. Det etterlatne var enkjemannen Jonas og dei to sønene. Buet hadde ei inntekt på 30 rdl. Det var inga gjeld, så då skiftekostnadene på 4½ rdl var trekte frå, var det att 25½ rdl i arv. Dei hadde tre kyr, ein fjorgammal kalv, to sauer med lam og ein vêr. Av sjøreiskapar var det ein færingsbåt utan segl, ein linevad med anglar, eit fiskesnøre med blystein, tre havliner, eit småsildegarn og 1/7-part i ei sildenot. Elles hadde dei m.a. to kister med lås, ein hammar, ei eikølhalvtønne, eit vasspann, ein sølvring med lauv, eit lite sølvbelte og ei sølvspenne.

2. Enkjemannen Jonas Olsen (1) g.2.g. 1795 m. Johanna Ivarsd f. 1774 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 26-13b) d. 1849. Dei måtte ha løyve til bryllaupet, då ho var søsterdotter til første kona hans. For det måtte dei betale 4 skilling til hospitalet i Bergen. I 1801 budde Johanna som enkje med sonen hjå mora på Midt-Tangen. Johanna vart g.2.g. 1806 m. enkjemann Bård Monsen Mongstad, Lindås f. 1761 d. 1836, budde der (jf Lindåsb. IV s 523).

Born: a. Ivar Jonasen f. 1795 d. 1831 g. 1822 m. Engel Maria Kristiansd f. 1805 Ertsholmen (10a) d. 1864, brukarar der (11). b. Johannes Jonasen f. 1798 d. 8 dg gl.

Skiftet etter Jonas i 1798 syner at arvingane var enkja Johanna og tre søner. Buet hadde lausøyre for vel 49 rdl, og då gjeld på 5 rdl og skiftekostnader på 5 rdl var betalt, var det igjen vel 39 rdl til arvingane. Det må ha vore tåleg bra tilhøve her, for dei hadde 12 rdl i reie pengar, ei trøye med 16 sølvknappar, ei forgylt sølvspenne, ein forgylt ring og ei tinnkumme. Elles var det to kyr, ei gryte, ein skjerding, to eikøltønner, to furutønner, eit spann, ei kiste med lås, eit sett linetau, eit snøre med blystein, eit sildegarn, eit torskegarn, eit tausett med anglar og ein part i ei kastenot.

3. Mari Ingebrigtsd f. 1760 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-8e) d. 1818 g. 1800 m. Rasmus Knutsen f. 1781 Kopper (gnr 168 bnr 4-2b) d. 1861. Bygsel frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs i 1799, etter at Mari sin svoger var død. I folketeljinga 1801 budde dei her saman med Mari si mor Magdeli Mathiasd, 82 år og enkje. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på ¼ tn korn med inga avling dei fleste åra. Ein kunne fø 2 storfe. Verdien av bruket vart sett til 52 rdl 48 skilling. Rasmus var los, han vart tilsett som fastlos i 1806 ifølgje Bergen losrulle.

Barn: a. Inga Rasmusd f. 1802 d. 1863 g. 1833 m. Lars Rasmussen f. 1804 Husa (gnr 168 bnr 12-2a) d. 1862, brukarar der (4).

Det var skifte etter Mari i 1818. Dei etterlatne var enkjemannen Rasmus og dottera Inga. Dette vart registrert i buet: ei sølvsnor med nål, eit lite, forgylt kongespinn, ei gryte, ein skjerding, ein hammar, to kister med lås, ein så, to sildetønner, to trantønner, seks buskapskjørel, ein vadmålsstakk, ei raud trøye, eit overliv, enkjemannen sine gangklede, kua Svartekoll, kua Kvitekoll, ein vêr, tre sauer, ein slagkeipingsbåt med segl og tilhørsle, ein seksåra båt utan segl, ein fiskelinevad med anglar, eit fiskelinetau, to vårsildegarn, eit fiskesnøre med jernstein og eit bevis frå 1817 på eit sølvinnskot på 4 spd. Dette utgjorde i alt vel 44 spd. Den einaste gjelda var vel 1 spd for innkjøpt bygg og havre. Då skiftekostnadene på 5 spd var trekte frå, var det 38 spd igjen til arvingane, så dei stod seg godt.

4. Enkjemannen Rasmus Knutsen (3) g.2.g. 1819 m. Kari Jetmundsd f. 1788 Øksneset, Austrheim d. 1821 (dotter av Jetmund Jetmundsen f. 1760 d. 1816 og Magdeli Larsd f. 1753, sjå Austrheimb. III s 463).

Born: a. dødfødd son f. 1820. b. Mathias Rasmussen f. 1821 d. 15 veker gl.

5. Enkjemannen Rasmus Knutsen (3, 4) g.3.g. 1822 m. Agata Steffensd f. 1791 Elvika, Masfjorden d. 1870 (dotter av Steffen Hansen f. 1751 og Guri Amundsd f. 1752 d. 1827, sjå Masfjordb. II s 652). Av Masfjordb. II s 653 går det fram at Rasmus fekk skøyte på halve Elvika i 1822 frå svogeren Ola Steffensen, som igjen fekk bygsla bruket. Sonen hans Steffen Olsen fekk skøyte frå Rasmus i 1842 mot kår, som skulle svarast på Fedje! Rasmus og Agata budde aldri i Elvika. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for dette bruket av Uthaugen var 1 ort 16 skilling. I 1835 hadde Rasmus og Agata 3 storfe og 4 sauer, og sådde ¼ tn havre og ½ tn potet. Tala for 1845 var 2 storfe og 4 sauer, og ⅛ tn havre og ⅛ tn potet, så dei sådde mindre enn før. Dei gav frå seg bygsla i 1852 til sonen mot kår.

Born: a. dødfødd son f. 1823. b. Kari Rasmusd f. 1824 d. 1849 g. 1846 m. Rasmus Thomassen f. 1819 Husa (gnr 168 bnr 10-3b) d. 1910, brukarar der (4). c. Mathias Rasmussen f. 1826 d. 1859, neste brukar (6). d. Guri Rasmusd f. 1828 d. 1902 g. 1850 m. Mons Thomassen f. 1821 Berge (gnr 168 bnr 21-7c) d. 1893, budde der (9). e. Siri Rasmusd f. 1831 d. 1864 g. 1854 m. Henrik Moss Jonsen Opdal f. 1830 Balestrand i Sogn d. 1879, brukarar i Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-16). f. Knut Rasmussen f. 1833 g. 1856 m. Abel Ivarsd f. 1830 Farstad, Bud, Fræna i Romsdal. Knut var ei tid handelsmann på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-2), sjå der.

Det var skifte etter Rasmus i 1862. Netto bu til arvingane kom opp i heile 274 spd. Arven gjekk til enkja Agata og born og barneborn. Ved skiftet etter Agata 1871 var det 107 spd i arv, buet hadde m.a. 93 spd i bankinnskot.

6. Mathias Rasmussen f. 1826 på dette bruket (5c) d. 1859 g. 1852 m. Ellen Karine Larsine Larsd f. 1830 Bergen d. 1914 (dotter av ungkar og hattemakarsvein Lars Gundersen og pike Katrina Marie Eriksd). Ellen er nemnd Husa ved giftarmålet, og vart truleg oppfostra der. Bygsel frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1852. I 1855 var dyretalet 4 storfe og 8 sauer, og utsådet ¼ tn både av havre og potet. Mathias omkom i sjøen nordafor Fedjelandet utan at han vart attfunnen, saman med tenaren Ananias Petersen (sjå Eide gnr 168 bnr 15-16a). Det var skifte etter Mathias i 1861. Arvingane var enkja Ellen og fire døtrer. Det var 58 spd i arv, så dei stod seg godt økonomisk.

Born: a. Agata Mathiasd f. 1853 d. 1937 g. 1885 m. Mikal Olsen f. 1856 Svellingen, Øygarden d. 1951, nybyggjarar på Stormark (gnr 172 bnr 3 og gnr 172 bnr 6). b. Karen Mathiasd f. 1854 d. 1936 g. 1898 Bergen m. enkjemann Knut Larsen f. 1853 Nordanger, Radøy d. 1931 (jf Radøyb. I s 152), busette i Bergen, ho budde dei siste åra i Radøy, gravlagd der. c. Sina Mathiasd f. 1856 d. 1941, tente på Hope i Lindås i folketeljinga 1875, utflytta til Bergen 1892, ugift, dreiv med vasking. d. dødfødd dotter f. 1856. e. Malena Mathiasd f. 1857 d. 1858 (kikhoste). f. Martina Andrine Mathiasd f. 1860 (3 md etter farens død) d. 1895 (tub.).

7. Enkja Ellen Larsd (6) g.2.g. 1861 m. Elias Knutsen f. 1825 Moldøyna (husmenn 1h) d. 1901. I 1865 hadde dei 5 storfe, ingen sauer og sådde 1/16 tn havre og 1 tn potet. Dei gav frå seg bygsla til dei neste brukarane i 1868, men skulle ha fritt hus m.m. I folketeljinga 1875 budde dei i eige hus kalla «bua», det var truleg gamlehusa på garden. Elias var fiskar. Seinare kom dei til Ellen si dotter på Fjellheim, der begge døydde.

Born: a. Andrina Eliasd f. 1862, utflytta 1892 til Hof i Vestfold, tente i folketeljinga 1900 som budeie (ugift) på Kors-Valle, Lier i Buskerud, og i teljinga 1910 på Holmsbu i Hurum, Buskerud, mora Elen budde då også der. b. Bertha Katrine Eliasd f. 1865 d. 1944 g.m. Johan Hansen f. 1869 Botne, Holmestrand d. 1939, skomakar, budde der, var i folketeljinga 1900 på garden Barkost. c. Knut Eliassen f. 1867 d. 1872.

8. Olsina Monsd f. 1841 Vika (gnr 168 bnr 28-13e) d. 1910 g. 1868 m. Mons Monsen f. 1845 Børo (husmenn 3h) d. 1930. Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1868. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 25 øre. I 1875 var dyretalet 2 kyr, 1 kalv og 7 sauer, og utsådet ½ tn potet. Dei hadde då sett opp nytt hus her, stova vart seinare bygd på og står enno. Næringa var fiske og jordbruk. Dei gav frå seg bygsla til sonen Karl i 1898, og budde her som kårfolk.

Born: a. dødfødd son f. 1869. b. Monsina Monsd f. 1870 d. 1951 g. 1896 m. Johan Gullaksen f. 1871 Grenda (gnr 168 bnr 17-15a) d. 1966, brukarar der (16). c. Karl Martin Monsen Uthaug f. 1873 d. 1932, neste brukar (9). d. Kristen Monsen Uthaug f. 1875 d. 1918 g. 1901 m. Bertina Rasmusd f. 1879 Keilo, Lindås d. 1970, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 67-1). e. dødfødd son f. 1877. f. Elvina Katrine Monsd f. 1879 d. 1952 g. 1907 m. Johan Karlsen Husa f. 1885 Moldøyna (husmenn 4c) d. 1979, bygde på Husa (gnr 168 bnr 90-1). g. Martin Olai Monsen Uthaug f. 1882 d. 1916 g. 1906 m. Cecilia Marie Johannesd f. 1883 Kinn, Flora d. 1978, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 64-1). h. Ole Severin Monsen Uthaug f. 1885 d. 1963 g. 1906 m. Karen Olsd f. 1881 Haukås, Lindås d. 1960, bygde på Smiholmen (gnr 168 bnr 55-1).

9. Karl Monsen Uthaug f. 1873 på dette bruket (8c) d. 1932 g. 1898 m. Hansina Gudmundsd f. 1871 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-3d) d. 1966. Dei tok over garden då dei gifta seg, og fekk skøyte frå Fedje Torvkompagni i 1909 for 500 kr. Dette skøytet var utskrive i sonen Hagerup sitt namn. I 1924 vart bruket skøytt til faren Karl. Dei dreiv med jordbruk, fiske og fiskehandel.

Born: a. Hagerup Alfred Karlsen Uthaug f. 1899 d. 1968, neste brukar (10). b. Mathilde Olava Karlsd f. 1902 d. 1988 g. 1927 m. Johannes Andreas Grønnevik f. 1901 Askøy d. 1974, fiskar, budde der. c. Georg Karlsen Uthaug f. 1903 d. 1976 g. 1928 m. Gudrun Lunde f. 1908 Bergen d. 2004, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 66). d. Karl Harald Karlsen f. 1905 d. 1923.

10. Hagerup Uthaug f. 1899 på dette bruket (9a) d. 1968 g.1.g. 1920 m. Otilie Sofie Ivarsd Myklebust f. 1897 Hyllestad i Sogn d. 1921 (barsel). Otilie var søster til Marianne Sulen (gnr 169 bnr 57-3) og Cecilie Ophaug (Kopper gnr 168 bnr 294-1), sjå der og Hyllestadb. I s 78.

Barn: a. Othelie Helga Uthaug f. 1921 d. 2010, butikkeksp., bustad Bergen, seinare Askøy, var g. 1949 m. Bjørn Helge Kleppestø, Askøy f. 1925 Aker i Oslo d. 1997, busett Lillehammer, deira dotter aa. Kjersti Hansine Kleppestø f. 1952 d. 2018, sjå Stormark gnr 172 bnr 115-1d.

Emma Uthaug (11) med borna Henry og Marie.
Søstrene Mane, Ragnhild, Haldis og Gunvor Uthaug (11).

11. Enkjemannen Hagerup Uthaug (10) g.2.g. 1924 m. Emma Gullaksen f. 1902 Muren (gnr 168 bnr 82-1a) d. 1993. Hagerup var fiskehandlar. Han fekk skøyte her av mora i 1960.

Born: a. Henry Ellef Uthaug f. 1925 d. 2014, malar, g. 1961 m. Odlaug Helene Engen f. 1926 Blaker, Sørum i Akershus d. 2006, sjukepleiar, bustad Ski. b. Marie Uthaug f. 1926 d. 2021 g. 1949 m. Alfred Storemark f. 1920 Husa (gnr 168 bnr 10-8c) d. 2012, busette der (gnr 168 bnr 132). c. Ragnhild Bergljot Uthaug f. 1927 g. 1957 m. John Storaker f. 1926 Horten d. 2003, busette der, dei har drive sjåførskule. Dei flytta til Oslo. d. Haldis Konstanse Uthaug f. 1929 d. 2020, neste eigar (12). e. Gunvor Kirsten Uthaug f. 1932 g. 1951 m. Morten Telle f. 1927 Telavågen i Sund d. 2019, busette der (jf Sundb. IV s 646), dei har drive butikk og campingplass. f. Karl Harald Uthaug f. 1933 d. 1944, drukna ved Gautebåen 29. juni saman med Andreas Rasmus Stuberg, Karl vart attfunnen. g. Carly Uthaug f. 1948 d. 2 dg gl.

12. Haldis Uthaug f. 1929 på dette bruket (11d) d. 2020 g.m. Harald Hermod Larsen f. 1927 Kvaløya, Tromsø d. 2017, kaiformann, busette Åsane i Bergen. Dei fekk skøyte her i 1982, huset vert brukt som feriebustad.

Born: a. Hugo Karl Larsen f. 1953, neste eigar (13). b. Wibecke Larsen f. 1958 g. 1984 m. Pål Dybwad-Holmboe Mork f. 1957 Moelv i Ringsaker, bustad Oslo.

13. Hugo Larsen f. 1953 (jf 12a), vernepleiar/dagleg leiar, g. 1977 m. Marit Pettersen f. 1952 Fredrikstad, førstelektor, bustad Åsane. Skøyte i 2006. Huset vart ferdig renovert i 2020.

Born: a. Andreas Karl Larsen f. 1978, maskinmekanikar, samb.m. Hege Cathrine Høvig f. 1978 Arna i Bergen, vernepleiar, busette der. b. Trude Larsen f. 1981, vernepleiar, samb. 2004 m. Endre Søraas f. 1971 Bergen, dagleg leiar/innehavar bar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 20) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 14) • Neste bolk: Sandvik (Fedje gnr 168 bnr 64)